Universitet: Bachelorprogram i kognitiv vitskap

Universitet i Bergen

Klasserom3 årHeltidUniversitet
Start Sted Språk
Ta kontakt Bergen Norsk



Menneskeleg tenking vert til i eit samspel mellom blant anna sansing, minne, språk, problemløysing og kjensler. I kognitiv vitskap prøver vi å forstå korleis desse ulike delane av menneskeleg tenking fungerer kvar for seg og samla. Det gjer vi blant anna ved å lage dataprogram som skal simulere (etterlikne) desse delane, og så sjå om dataprogramma er i stand til å framvise åtferd som liknar menneskeleg intelligens. Slik prøver vi å skaffe betre kunnskap om korleis ein intelligent hjerne fungerer og vidare om korleis vi kan konstruere dataprogram som har kunstig intelligens. I praksis kan slik kunnskap for eksempel brukast til å lage dataspel, datasystem med talegjenkjenning eller dataprogram for medisinsk diagnose. Kognitiv vitskap er tverrfagleg og tek opp i seg element frå informatikk, informasjonsvitskap, datalingvistikk, psykologi og filosofi.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster:

  • 30 studiepoeng innføringsemne inkludert ex.phil.
  • 90 studiepoeng med emne som dannar kunnskapsgrunnlaget i kognitiv vitskap
  • 60 studiepoeng valfrie emne, avhengig av kva spesialisering du vel.

På bachelorstudiet i kognitiv vitskap kan du blant anna studere følgjande tema:

  • Programmering
  • Språkvitskap (lingvistikk)
  • Språk og data
  • Biologisk og kognitiv psykologi
  • Sinnsfilosofi
  • Logikk
  • Kunstig intelligens

Dei siste 60 studiepoenga i bachelorprogrammet vel du ut frå kva fagområde du vel å spesialisere deg i. Innanfor kognitiv vitskap kan du velje mellom følgjande spesialiseringsfag: informasjonsvitskap, informatikk, filosofi og datalingvistikk.

Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap vil sjå slik ut:

1. semester Ex.phil. (10 sp) Innføring i programmering (10 sp) Språk og kommunikasjon (10 sp) 1½ år Spesialiseringsfag i kognitiv vitskap (90 sp) 1 år 60 studiepoeng valemne, avhengig av kva spesialisering du vel TOTALT: 180 studiepoeng (3 år)

sp = studiepoeng

Utveksling

Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet, høvesvis mellom nordiske universitet og universitet i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del av universitetet si ordinære verksemd. Universitetet har i tillegg eigne utvekslingsavtaler med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere eit på førehandsgodkjent studieprogram (frå 3 veker til 12 månader) i studiet sitt og den norske graden studenten tek.

Yrkesvegar

Gjennom studiet i kognitiv vitskap vil du tilegne deg både ein yrkesrelevant IT- kompetanse og ei akademisk evne til kritisk analyse og nytenking. Det gir deg ein dobbel kompetanse som er svært etterspurt på arbeidsmarknaden. Studiet kvalifiserer for undervisning og arbeid i ulike fag avhengig av spesialiseringa du vel i det tredje året av studiet.

Studiet kan også byggjast ut med masterstudium i fleire retningar og kvalifiserer for forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren.

Vidare studium

Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap vil kvalifisere deg for opptak til masterprogrammet i informasjonsvitskap, informatikk, filosofi eller datalingvistikk, alt etter kva du vel til spesialisering. Masterprogrammet er eit toårig fordjupingsstudium som skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. Det blir lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftleg arbeid og aktiv deltaking i undervisning og seminar. Arbeidet med masteroppgåva står sentralt i studiet.



Forkunnskaper


Generell studiekompetanse eller realkompetanse.



Studiepoeng


180 Studiepoeng





Be om gratis info
Bachelorprogram i kognitiv vitskap hos Universitet i Bergen
Felt som er merket med * må fylles ut
Ønsket valuta *
Dato og sted *
Kursdeltakere
Hvor mange? (Gavekort)
Kampanjekoden er korrekt og rabatt er lagt til.
Fant ingen kampanje. Skrev du kampanjekoden riktig?
Kampanjekode er korrekt, men kampanjen gir ikke bedre pris enn nåværende kampanje.
Deltaker {{$index+1}}
Filen ble lastet opp
Filen ble fjernet
Laster opp... {{item.upload_progress}}%
{{ file.file.name }} Fjern
{{total_price | fprice}} kr {{currency}}
{{total_price-total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_vat | fprice}} kr {{currency}}
X

MVA per produkt:

{{arr[1]}}
Betalingsmåte *
Number: 1+2 *
Vennligst rett opp følgende og forsøk igjen
{{errors_msg}}
Sender...
Vent til opplasting av fil er ferdig

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg



 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!



Anbefalinger fra andre brukere