Psykologi
Psykologikurs
Kognitiv psykologi
Du har valgt: Hordaland
Nullstill
Filter
Ferdig

-

1 treff ( i Hordaland ) i Kognitiv psykologi

Sorter på søkerangering, kursnavn, pris, sted, kursdato


Bergen 3 år
På forespørsel
Menneskeleg tenking vert til i eit samspel mellom blant anna sansing, minne, språk, problemløysing og kjensler [+]
Menneskeleg tenking vert til i eit samspel mellom blant anna sansing, minne, språk, problemløysing og kjensler. I kognitiv vitskap prøver vi å forstå korleis desse ulike delane av menneskeleg tenking fungerer kvar for seg og samla. Det gjer vi blant anna ved å lage dataprogram som skal simulere (etterlikne) desse delane, og så sjå om dataprogramma er i stand til å framvise åtferd som liknar menneskeleg intelligens. Slik prøver vi å skaffe betre kunnskap om korleis ein intelligent hjerne fungerer og vidare om korleis vi kan konstruere dataprogram som har kunstig intelligens. I praksis kan slik kunnskap for eksempel brukast til å lage dataspel, datasystem med talegjenkjenning eller dataprogram for medisinsk diagnose. Kognitiv vitskap er tverrfagleg og tek opp i seg element frå informatikk, informasjonsvitskap, datalingvistikk, psykologi og filosofi. Oppbygging Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster: 30 studiepoeng innføringsemne inkludert ex.phil. 90 studiepoeng med emne som dannar kunnskapsgrunnlaget i kognitiv vitskap 60 studiepoeng valfrie emne, avhengig av kva spesialisering du vel. På bachelorstudiet i kognitiv vitskap kan du blant anna studere følgjande tema: Programmering Språkvitskap (lingvistikk) Språk og data Biologisk og kognitiv psykologi Sinnsfilosofi Logikk Kunstig intelligens Dei siste 60 studiepoenga i bachelorprogrammet vel du ut frå kva fagområde du vel å spesialisere deg i. Innanfor kognitiv vitskap kan du velje mellom følgjande spesialiseringsfag: informasjonsvitskap, informatikk, filosofi og datalingvistikk. Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap vil sjå slik ut: 1. semester Ex.phil. (10 sp) Innføring i programmering (10 sp) Språk og kommunikasjon (10 sp) 1½ år Spesialiseringsfag i kognitiv vitskap (90 sp) 1 år 60 studiepoeng valemne, avhengig av kva spesialisering du vel TOTALT: 180 studiepoeng (3 år) sp = studiepoeng Utveksling Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet, høvesvis mellom nordiske universitet og universitet i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del av universitetet si ordinære verksemd. Universitetet har i tillegg eigne utvekslingsavtaler med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere eit på førehandsgodkjent studieprogram (frå 3 veker til 12 månader) i studiet sitt og den norske graden studenten tek. Yrkesvegar Gjennom studiet i kognitiv vitskap vil du tilegne deg både ein yrkesrelevant IT- kompetanse og ei akademisk evne til kritisk analyse og nytenking. Det gir deg ein dobbel kompetanse som er svært etterspurt på arbeidsmarknaden. Studiet kvalifiserer for undervisning og arbeid i ulike fag avhengig av spesialiseringa du vel i det tredje året av studiet. Studiet kan også byggjast ut med masterstudium i fleire retningar og kvalifiserer for forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren. Vidare studium Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap vil kvalifisere deg for opptak til masterprogrammet i informasjonsvitskap, informatikk, filosofi eller datalingvistikk, alt etter kva du vel til spesialisering. Masterprogrammet er eit toårig fordjupingsstudium som skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. Det blir lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftleg arbeid og aktiv deltaking i undervisning og seminar. Arbeidet med masteroppgåva står sentralt i studiet. [-]
Les mer