Restaurant- og Matfag
Fagskulen i MåløyPå Restaurant- og matfag vg1, har du mogelegheit til å bli kjend med 12 yrke i bransjen før du bestemmer deg for kva du vil satse på. Yrka som er representerte er butikkslaktar, pølsemakar, kjøttskjerar, slaktar, institusjonskokk, servitør, kokk, fiskehandlar, bakar, konditor, fiskeindustriarbeidar og fagoperatør i næringsmiddelindustrien. Om du søkjer på vg1, vil opplæringa det første året vere felles for dei 12 restaurant- og matfaga. På vg2 vel du den yrkesretninga som interesserer deg mest.
I løpet av dei to åra får du høve til å gjennomføre sjølvstendige prosjekt med fordjuping i dei programfaga som verkar mest interessante. Den praktiske delen av opplæringa får du både på skulen og gjennom utplassering i ei eller fleire bedrifter.
Programfaga
- Kosthald og livsstil
- Bransje, fag og miljø
- Råstoff og produksjon
- Prosjekt til fordjuping
Internasjonalisering
For Kokk- og servitørfag vg2 har skulen ein samarbeidsskule i byen La Rochelle i Frankrike. Der reiser vi kvart år på 10-dagars klassetur. Eit Leonardoprosjekt gjev elevane høve til å jobbe 4 veker på restaurantar i denne byen. Denne utplasseringa gjev elevane god trening i fransk, og fagleg påfyll innanfor restaurantfaget
Varighet
2 år
Restaurant- og Matfag
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!