Kursguide
Utdanning
Søk

kurs > Kulturfag > Masterprogram i kulturvitskap

Universitet: Masterprogram i kulturvitskap

Universitet i Bergen

Form
Klasserom

Deltid
Nei

Heltid
Ja

Nivå
Universitet


Bookmark and Share
Dette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.

 

Masterprogrammet tek sikte på å gi deg innsikt i kulturvitskaplege problemstillingar og forskingsstrategiar. Studiet har mange utfordringar - både når det gjeld ulike kvalitative dokumentasjonsmåtar, analyse av ulike typar materiale og dei forskingsetiske problema ved det å drive kulturvitskapleg forsking. Siktemålet er elles å gi fordjupa forskingskompetanse innanfor eit sjølvvalt emne.

Masterprogrammet i kulturvitskap er bygd opp rundt dei tre studieretningane etnologi, folkloristikk, og kulturvern og kulturformidling. Du skal spesialisere deg innanfor ei av desse studieretningane. Masterprogrammet skal samtidig setje dei tre retningane inn i ein større kulturvitskapleg samanheng. Studiet skal gjere deg kjend med nyare tenkjemåtar, teoriar og metodar innanfor kulturfaga.

 

Oppbygging av studiet

Studiet er sett saman av ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. I kursdelen er nokre emne obligatoriske, mens andre er valfrie. Dei obligatoriske emna er KUVI302 Prosjektskisse, KUVI303 Seminarinnlegg i kulturvitskap, KUVI304 Kvalitative metodar og forskings-etikk og KUVI350 Masteroppgåve. Valfritt emne er KUVI301 Fellespensum i kulturvitskap.

 

Eit masterprogram i kulturvitskap kan sjå slik ut:

 

1. semester

KUVI302 Prosjektskisse

KUVI301 Fellespensum i kulturvitskap (valfritt emne)

 

2. semester

KUVI303 Seminarinnlegg i kulturvitskap

KUVI304 Kvalitative metodar og forskingsetikk

KUVI350 Masteroppgåve

 

3. og 4. semester

KUVI350 Masteroppgåve

 

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal skrivast innanfor eit sjølvvalt tema og godkjennast av fagmiljøet. Oppgåva skal vere ei vitskapleg gransking basert på eit kulturvitskapleg tema. Omfanget skal vere på om lag 70-110 sider. Du får tildelt ein mellombels rettleiar under arbeidet med KUVI302 Prosjektskisse. Når dette emnet er fullført får du tildelt ein fast rettleiar. Rettleiinga er ein obligatorisk del av studiet.

Yrkesvegar

Masterprogrammet i kulturvitskap kvalifiserer mellom anna for arbeid innanfor museums- og formidlingssektoren og i forskingsinstitusjonar på høgare nivå.




Forkunnskaper


Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.



Studiepoeng


120 Studiepoeng



Påmelding
Masterprogram i kulturvitskap
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Dato og sted *

Firma

Eventuell referanse

Telefon *

Faks

Fakturaadresse *

Postnummer *

Poststed *

Ønsker bekreftelse per




Kursdeltakere


Deltaker 1

Navn *

E-post *



Kommentarer og spørsmål



Number: 1+2 *
Send Påmelding til Kursholder

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg






 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!


Anbefalinger fra andre brukere



Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook