Universitet: Bachelorprogram i estetiske fag
Universitet i BergenFagleg innhald
Innanfor dei estetiske faga søkjer ein å forstå dei ulike kunstformene som estetiske, historiske og sosiale fenomen. Dei estetiske faga ved UiB blir studert i ein teoretisk samanheng. Anten du vel litteraturvitskap, teatervitskap eller kunsthistorie, skal du tileigne deg teoretiske, analytiske og metodiske kunnskapar som skal gjere deg i stand til å forstå ulike estetiske uttrykk. Det faglege innhaldet i programmet vil elles variere etter kva fag du vel i spesialiseringa og kva for valfrie emne du tek.
Oppbygging
Bachelorprogrammet i estetiske fag er eit fritt program. Det inneber at du i stor grad sjølv kan setje saman fag og emne som passar dine faglege mål. Programmet skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne, medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng med spesialisering (1 1/2 års studium). Du vel spesialiseringa blant dei faga som inngår i programmet, og i tillegg vel du 60 studiepoeng frå andre emne. Desse andre emna står du fritt til å hente frå UiB, anna høgare utdanning i Noreg eller frå utlandet. Det mest vanlege er å hente emna frå nærståande fagfelt, for eksempel andre estetiske fag, historiske fag, kulturfag eller språk, men valet er fritt. Du kan velje fag ut frå kva fag som passar saman fagleg, eller du kan velje ut frå kva du vil drive med etterpå. For eksempel kan teatervitskap og litteratur passe godt saman fagleg, mens ein som vil arbeide i eit kunstmuseum kan ha nytte av kunsthistorie kombinert med økonomi eller organisasjons- og leiingsfag. Tabellen under viser korleis graden skal byggjast opp. Du vel fag og emne i starten av kvart semester. Vi rår deg til å starte med førstesemesterstudiet. Etterpå kan du gå rett på spesialiseringa, eller starte med valemna. Kvart semester skal du studere emne på til saman 30 studiepoeng. Det er vanlegvis to emne i semesteret. 1. semester: Tre emne førstesemesterstudiet
2. semester: To spesialiseringsemne
3. semester: To spesialiseringsemne
4. semester: To valemne
5. semester: To valemne
6. semester: To siste emne frå spesialiseringa
Eksempelet under viser korleis graden kan sjå ut viss du vel spesialisering i allmenn litteraturvitskap. Til saman 30 stp kvart semester.
1. semester: Eksamen philosophicum: Akademisk skriving: Tekst og kultur
2.semester: ALLV101 Analyse, tolking og sjanger: Eldre litteratur og poetikk frå antikken til 1750
3. semester: Moderne litteratur og poetikk frå 1750 til i dag: Moderne litteraturteori
4. semester: Moderne teaterhistorie: Dramaturgi og regi
5. semester: Utvekslingsopphald i utlandet
6. semester: Litteraturteoretisk særemne Litterært særemne
Førstesemesterstudiet
Det første semesteret skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium. Du skal studere tre emne: - Akademisk skriving gir deg teoretisk innføring og praktisk øving i å lese og produsere akademiske tekstar. - Examen philosophicum gir deg ei innføring i sentrale spørsmål knytte til kunnskap, moral, venleik, språk, tolking og logikk. - Tekst og kultur gir deg ei oversikt over mangfald og samanheng mellom dei ulike faga i programmet og liknande fagområde. Du kan ta delar av bachelorutdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringane i programmet, eller for å studere fagemne som UiB ikkje har tilbod om. Du vel i samråd med studierettleiaren. Bachelorgraden gir generell kompetanse, og er ikkje retta mot bestemte yrke eller bestemte profesjonar. Kandidatane finn arbeid innan eit vidt spekter av yrke. Kandidatar med fordjuping i allmenn litteraturvitskap kan ein finne i arbeid med litteratur og litteraturformidling i skoleverk, bibliotek, forlag, kringkasting, aviser eller meir allment innanfor kultursektoren. Bachelorgrad med fordjuping i kunsthistorie gir kompetanse for arbeid med kunstformidling i museum og andre formidlingsinstitusjonar, kulturjournalistikk og informasjonsarbeid innan kunst- og kulturfelt, kunsthistorieundervisning i skoleverk og kunst- og kulturadministrasjon på sentralt og lokalt plan. Fordjuping i teatervitskap opnar opp for jobbar innan teater- og kulturadministrasjon, undervisning og journalistisk verksemd. Du må ta mastergrad dersom du vil ha meir spesialisert kompentanse som litteraturvitar, kunsthistorikar eller teatervitar. Med master vil du få fleire yrkesmoglegheiter. Dei estetiske faga omfattar allmenn litteraturvitskap, kunsthistorie og teatervitskap. Du spesialiserer deg i eitt av faga. Kunsthistorie skal gi føresetnader for å forstå kunsten som eit estetisk, historisk og sosialt fenomen. Feltet vi utforskar er historia til biletmedia frå antikken til i dag måleri, skulptur, moderne sjangrar som fotografi, film og elektroniske bilete, og dessutan andre visuelle uttrykk som vi kan finne i den institusjonaliserte kunsten: arkitekturhistorie og bygningsvern, kunsthandverk, kunstindustri og design. Det første året av spesialiseringa tek kunsthistoriefaget sikte på å gi: I det tredje semesteret gir faget også ei større innsikt i kunstteoretiske og estetiske problem, i tilegg til fordjuping i eit kunsthistorisk emne. Allmenn litteraturvitskap utforskar skjønnlitteraturen og er eit fag som tek sikte på å utvikle evna til å analysere, tolke og formidle litteratur frå ulike land, epokar og sjangrar. Høgdepunkt i verdslitteraturen er med, frå den greske tragedien, via Shakespeare og Dostovjeskij til Virginia Woolf. Dei viktigaste sjangrane er skodespel, romanar, noveller, dikt og essay. Faget lærer deg ulike måtar å nærme deg tekstar på. Du blir også kjent med ulike litteraturteoriar som skal gi deg innsikt i litteraturvitskapleg forsking og i litteraturkritikk. Det vil bli lagt vekt på at litteraturen har hatt ulike funksjonar og spelt ulike roller i samfunnet opp gjennom historia. Tilhøvet mellom litteratur, kjønn og sosiale klassar er vesentleg i denne samanhengen. Spesialiseringa inneheld sjangerlære, litteraturhistoriske oversikter og eit emne i moderne litteraturteori. Det siste semesteret vel du sjølv innhaldet i emna du fordjupar deg i. Teatervitskap: Teater er eit kunstnarisk uttrykk, og teatervitskap studerer dei skiftande epokane sin scenekunst, føresetnadar og uttrykksformer. Teatervitarar er også opptekne av historie, dramaturgi og estetikk som grunnlag for å forstå teateret. Publikum si rolle som tilskodar er også viktig. Du får innsikt i dei ulike elementa ved eit teater og korleis ei teaterframsyning blir produsert. Slik blir du etter kvart i stand til å analysere teaterframsyningar. I det siste semesteret skal du fordjupe deg i eit sjølvvalt tema innan faget. Da er teaterarkivet i Bergen ein viktig ressurs. Ved å granske materiale herifrå kan du danne deg eit bilete av både dei kunstnariske, kreative og administrative prosessane bak ei framsyning. Det teatervitskaplege miljøet har gode internasjonale kontaktar og mange alternativ for utveksling.Utveksling
Yrkesvegar
Spesialisering
Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Studiepoeng
180 Studiepoeng
Bachelorprogram i estetiske fag
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!