Høgskole: Tradisjonskunst, master
Høgskolen i TelemarkFaginnhald:
I dette 2-årige mastergradsstudiet kan du velje om du vil arbeide med folkemusikk eller folkekunst. Studiet har ein utøvande profil. Målet er at du skal bli ein god utøvar innan folkekunst eller folkemusikk. Samtidig får du innsikt i tradisjonskunstens vilkår og kan reflektere kritisk over korleis den blir tatt vare på, brukt, vidareført, fornya og tolka i ulike miljø. Studiet består av innføringsemnet og mastergradsprosjektet.
Delemna i studiet:
* Innføringsemnet på 30 stp omfattar:
1. kultur og identitet
2. kunstteori og folkekunst
3. tradisjon, kommunikasjon og formidling
4. vitskapsteori
* Mastergradsprospektet 30 stp.
* Mastergradsprosjektet 60 stp.
Arbeids- og undervisningsformer:
Mastergradsprosjektet er eit sjølvstendig arbeid med individuell rettleiing. Undervisninga består av forlesingar og seminar og rettar seg mot førebuing av mastergradsprosjektet. Det blir lagt til rette for samlingar der studentar og lærarar kan drøfte framdrifta i prosjektplanane.
Hva kan du bruke dette studiet til?
Studiet kvalifiserer for forskings- og utviklingsarbeid og kan gje grunnlag for opptak til doktorgradstudier. Du kan arbeide i kultursektoren, i media, kunst- og kulturinstitusjonar eller som utøvar innan folkemusikk og folkekunst/handverk.
Forkunnskaper
Bachelorgrad eller tilsvarande innan folkekunst eller folkemusikk
Studiepoeng
120
Tradisjonskunst, master
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!
