Universitet: Bachelorprogram i litteraturstudiar
Universitet i BergenLitteraturstudiar-programmet er eit samarbeid mellom faga allmenn litteraturvitskap, engelsk, fransk, italiensk, nordisk, russisk, spansk, tysk, gresk og latin. Studiet er eit integrert studium i litteraturfaglege og nærståande emne. Gjennom studiet tileignar du deg det sentrale litteraturvitskaplege omgrepsapparatet og lærer å gjere nytte av det i arbeidet med litterære tekstar.
Med til studiet høyrer også kunnskap om litterære sjangrar og teksttypar og om dei historiske variasjonane i desse. Studiet gir også ei oversikt over teoretiske grunnlagsproblem (litteraturens forhold til t.d. forfattar, lesar, historie, kultur, samfunn, og til seg sjøl, og korleis litteraturen arbeider med å både konstituere og å endre slike storleikar). Studiet lærer deg å bruke teori på ein kritisk og medviten måte. Alt etter kva spesialisering som blir valt, skal studiet dessutan gi historiske og analytiske innføringar i litterære kanondanningar, der også endringar i måtar å oppfatte denne kanonen på har sin plass. For dei som vel ei språkleg spesialisering, vil studiet også innehalde språklege emne.
Oppbygging
Bachelorprogrammet i litteraturstudiar skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet) og 90 studiepoeng med spesialisering (1 12 års studium) i eitt av faga eller i ein kombinasjon av to av dei. Av dei siste 60 studiepoenga skal du velje 45 studiepoeng frå fag som inngår i programmet. Bachelorprogrammet opnar for at nærståande emne frå filosofi, medievitskap, moderne kunst og estetikk og teatervitskap kan kombinerast med dei litteraturfaglege emna. Du kan velje 15 studiepoeng fritt frå andre fag ved universitetet. Emnet analyse, tolking og sjanger (ALLV101), er obligatorisk for alle studentar i programmet.
Planlegg du spesialisering i allmenn litteraturvitskap, bør du velje tekst og kultur i førstesemesterstudiet, eit emne som gir deg ei oversikt over mangfaldet og samanhengen mellom faga ved fakultetet. Planlegg du å ta til med eitt av språka sine litteraturfag, bør du velje språk og kommunikasjon i staden for, eit emne som gir deg eit teoretisk og praktisk grunnlag for vidare språkstudium.
Her viser vi to ulike måtar å byggje opp bachelorgraden i litteraturstudiar på.
A. Spesialisering i allmenn litteraturvitskap, med nordisk som støttefag:
1. semester
Examen philosophicum
Tekst og kultur
Akademisk skriving
2. semester
Analyse, tolking og sjanger
Eldre litteratur og poetikk frå antikken til 1700
3. semester
Moderne litteratur og poetikk frå 1700 og til i dag
Moderne litteraturteori
4. semester
Nordisk litteratur etter 1900
Grunnemne i nordisk språk
5. semester
Nordisk litteratur fram til 1900
Lite og stort valemne i nordisk språk
6. semester
Litterært særemne i allmenn litteraturvitskap
Teoretisk særemne i allmenn litteraturvitskap
B. Spesialisering i fransk, med allmenn litteraturvitskap som støttefag:
1. semester
Examen philosophicum
Språk og kommunikasjon
Akademisk skriving
2. semester
Analyse, tolking og sjanger
Fransk grammatikk
3. semester
Fransk litteratur
Munnleg fransk og fonetikk
4. semester
Fransk kulturkunnskap og omsetjing
Eldre litteratur og poetikk frå antikken til 1700
5. semester
Moderne litteraturteori
Moderne litteratur og poetikk frå 1700 til i dag
6. semester
Fordjuping i fransk grammatikk og omsetjing
Fordjuping i fransk litteratur
Førstesemesterstudiet
Utveksling
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa. På bachelorprogrammet i litteraturstudiar vel vi i tillegg ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for våre studentar. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden. Valet av utanlandsopphald blir teke i samråd med studierettleiaren.Yrkesvegar
Bachelorprogrammet kan gi grunnlag for arbeid med litteratur i forsking, undervisning og innanfor andre felt der litteratur blir produsert og formidla: forlag, mediebransje, næringsliv (f.eks. reklamebransjen) og offentleg forvalting.
Ved påbygging til mastergrad kan du kvalifisere deg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.
Vidare studium
Bachelorprogrammet i litteraturstudiar kan kvalifisere for opptak til masterstudium i det faget du har spesialisering i.
Spesialisering
Du kan velje spesialisering i allmenn litteraturvitskap eller i eitt av språka sine litteraturfag. Ei tredje løysing er å kombinere emne på ein måte som gir dobbel spesialisering ved at du spesialiserer deg i både allmenn litteraturvitskap og i eit språkområde. Spesialiseringa gir grunnlag for opptak til masterstudium i det faget du tek spesialisering innanfor.
Viss du vel spesialisering innanfor eit av språkområda, vil spesialiseringa di innehalde lingvistiske så vel som litterære emne.
Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Studiepoeng
180
Bachelorprogram i litteraturstudiar
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!