Kursguide
Utdanning
Søk

kurs > Lese-kurs-og-litteraturkurs > Masterprogram i allmenn litteraturvit...

Universitet: Masterprogram i allmenn litteraturvitskap

Universitet i Bergen

Form
Klasserom

Varighet
2 år

Deltid
Nei

Heltid
Ja

Nivå
Universitet


Bookmark and Share
Dette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.
Masterprogrammet tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturteoretiske og estetiske problemstillingar, litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar og litteraturhistorisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap består av eit sjølvstendig arbeid (masteroppgåve) som utgjer 60 studiepoeng, og ein kursdel på 60 studiepoeng.

Kursdelen i masterprogrammet omfattar desse emna:

ALLV301 Litteraturvitskapleg grunnkurs,

ALLV302 Litteraturvitskapleg tolkings- og metodelære,

ALLV303 og ALLV304 Litteraturvitskapleg særemne I og II.

Det litteraturvitskaplege grunnkurset skal munne ut i eit utarbeidd prosjekt med ein arbeidsplan som skal godkjennast av seksjonen, og som dannar grunnlaget for tildeling av rettleiar. KVIK202 Fordjuping i feministisk litteraturvitskap og KVIK203 Litteratur, kjønn og kultur (del av fagtilbodet i kvinne- og kjønnsteori) kan normalt erstatte eitt av emna ALLV303 eller ALLV304 på masternivå i allmenn litteraturvitskap så sant KVIK202 og KVIK203 ikkje alt er ein del av bachelorgraden til studenten.

 

Eit masterprogram i allmenn litteraturvitskap kan sjå slik ut:

 

1. semester

* * ALLV301 Litteraturvitskapleg grunnkurs 15 sp

* * ALLV302 Litteraturvitskapleg tolkings- og metodelære 15 sp

2. semester

* * ALLV303 Litteraturvitskapleg særemne I (kan bytast ut) 15 sp

* * ALLV304 Litteraturvitskapleg særemne II (kan bytast ut) 15 sp

3. semester og 4. semester

* * ALLV350 Masteroppgåva 60 sp

sp = studiepoeng

Masteroppgåve

Masteroppgåva kan omfatte både litterære og teoretiske emne. Du kan også velje emne frå faghistorie, litteraturpedagogikk eller litteraturformidling, eller du kan ta for deg emne av tverrestetisk karakter. Som masteroppgåve kan vi også godkjenne fleire mindre arbeid som tematisk eller metodisk heng saman, eller delar av gruppearbeid som kan evaluerast individuelt.

Metode

Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal du dokumentere at du kan finne fram til og avgrense problemstillingar og arbeide systematisk og metodisk innanfor presise faglege rammer.

Yrkesvegar

Studiet skal gi deg godt grunnlag for arbeid med litteratur i forsking, undervisning og på andre felt der litteratur blir produsert og formidla (forlag, media, reklame og offentleg forvalting).




Forkunnskaper


Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad med godkjend spesialisering i allmenn litteraturvitskap. Utanlandske eksamenar kan ekvivalerast med norske etter nærare fastsette reglar og særskild søknad. Dersom du har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng spesialisering/fordjuping, kan dette etter fagleg vurdering bli akseptert som opptaksgrunnlag.

Opptakskrav

Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Sjå studere.uib.no/master-hf for meir om opptakskrav.

Studiepoeng


120

Påmelding
Masterprogram i allmenn litteraturvitskap
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Dato og sted *

Firma

Eventuell referanse

Telefon *

Faks

Fakturaadresse *

Postnummer *

Poststed *

Ønsker bekreftelse per




Kursdeltakere


Deltaker 1

Navn *

E-post *



Kommentarer og spørsmål



Number: 1+2 *
Send Påmelding til Kursholder

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg






 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!


Anbefalinger fra andre brukere



Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook