Universitet: Masterprogram i helsefag - Logopedi

Universitet i Bergen

Klasserom2 årHeltidUniversitet
Start Sted Språk
Ta kontakt Bergen Norsk



Logopedar arbeider med menneske som har vanskar med tale, språk, språklege symboluttrykk, stemme eller svelging. Faget logopedi er studiet av desse områda, inkludert studiet av kommunikative prosessar, førebyggjande arbeid, diagnostisering, rådgiving og forskings- og utviklingsarbeid. Studiet gir eit allmennvitskapleg grunnlag for forsking og undervisning og styrkjer det teoretiske grunnlaget for klinisk praksis i logopedi. Studiet skal også gi auka kompetanse på tvers av helsefaga gjennom å byggje på det felles faglege teori- og metodegrunnlaget i helsefaga og gjennom tverrfagleg utveksling og utnytting av kompetanse.

Oppbygging av studiet

Forskingsmetode og etikk og vitskapsteori er felles for alle helsefaga og gir innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga i tillegg til grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Den fagspesifikke delen i studiet går gjennom heile studieprogrammet. Programmet ser slik ut:

1. semester:

  • HEL320 - Forskingsmetode og -etikk Fordjupingskurs helsevitskaplege tema (15 sp)
  • LOGO310 Innføring i sentrale logopediske emne (15 sp)

2. semester:

  • LOGO311 Språkutvikling og medfødde og tidleg diagnostiserte kommunikasjonsforstyrringar (5 sp)
  • LOGO312 Artikulasjon og LKG (5 sp)
  • LOGO313 Stemme og stemmevanskar og dysfagi (5 sp)
  • LOGO314 Talerytmeforstyrringar: stamming og løpsk tale (5 sp)
  • LOGO315 Språkbaserte lærevanskar/dysleksi (5 sp)
  • LOGO350 Masteroppgåve i logopedi (5 sp)

3. semester:

  • HEL310 - Vitskapsteori og sentrale helsefaglege omgrep (15 sp)
  • LOGO316 Afasi og andre erverva nevrologiske kommunikasjonsvanskar (5 sp)
  • LOGO317 Praksis i logopedi (5 sp)
  • LOGO350 Masteroppgåve i logopedi (5 sp)

3. og 4.semester:

  • LOGO317 Praksis i logopedi (15 sp) (10 sp)
  • LOGO350 Masteroppgåve i logopedi (30 sp) (20 sp)

Masteroppgåve

Masteroppgåva utgjer 30 studiepoeng, og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt.

Yrkesvegar

Masterprogrammet kvalifiserer deg mellom anna til praktisk yrkesutøving som logoped, utdanningsarbeid på universitet og høgskolar, fagutvikling i klinisk verksemd, forsking og utvikling, og fagleg og administrativt arbeid innanfor forvaltinga og helsevesenet.



Forkunnskaper


Bachelorgrad eller liknande i logopedi, helsefag, pedagogikk/spesialpedagogikk, generell psykologi eller lingvistikk/fonetikk. Inntil 20% av plassane kan tildelast til studentar som verkar særskilt eigna for studiet. Dette vil i så fall bli gjort etter ei skjønnsmessig vurdering som vil ta utgangspunkt i søkjarane si skriftlege framstilling i eit vedlagt brev på 1 side (maks. 400 ord) som skal leverast saman med annan dokumentasjon.



Studiepoeng


120 Studiepoeng





Be om gratis info
Masterprogram i helsefag - Logopedi hos Universitet i Bergen
Felt som er merket med * må fylles ut
Ønsket valuta *
Dato og sted *
Kursdeltakere
Hvor mange? (Gavekort)
Kampanjekoden er korrekt og rabatt er lagt til.
Fant ingen kampanje. Skrev du kampanjekoden riktig?
Kampanjekode er korrekt, men kampanjen gir ikke bedre pris enn nåværende kampanje.
Deltaker {{$index+1}}
Filen ble lastet opp
Filen ble fjernet
Laster opp... {{item.upload_progress}}%
{{ file.file.name }} Fjern
{{total_price | fprice}} kr {{currency}}
{{total_price-total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_vat | fprice}} kr {{currency}}
X

MVA per produkt:

{{arr[1]}}
Betalingsmåte *
Number: 1+2 *
Vennligst rett opp følgende og forsøk igjen
{{errors_msg}}
Sender...
Vent til opplasting av fil er ferdig

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg



 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!



Anbefalinger fra andre brukere