Universitet: Bachelorprogram i informatikk-matematikk-økonomi

Universitet i Bergen

Klasserom3 årHeltidUniversitet
Start Sted Språk
Ta kontakt Bergen Norsk



 

På bachelorstudiet i informatikk, matematikk og økonomi lærer du korleis du modellerer økonomiske problemstillingar med metodar frå matematikk, statistikk, informatikk og samfunnsøkonomi. Utdanninga gir deg innsikt i alle desse faga slik at du kan analysere og modellere ein konkret situasjon. I dei tre første semestra følgjer du emne frå alle dei tre fagområda, og i dei tre siste semestra spesialiserer du deg i samfunnsøkonomi, statistikk eller informatikk.

 

Samfunnsøkonomi dreier seg om korleis vi faktisk brukar ressursane våre, som til dømes arbeidskraft og produksjonsutstyr. Men faget tek også opp korleis vi bør bruke ressursane våre. Eksempel på problemstillingar er kva som er samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon, og kva som er «rett» billettpris på bussen. I statistikk brukt på økonomi ønskjer vi å beskrive samanhengar kvantitativt med matematiske uttrykk. På det grunnlaget lagar vi så prognosar.

Det kan gjelde renta på studielånet eller mengda av torsk nokre år fram i tida. Dei fleste konstantane som inngår i formlane, er funne ved å studere korleis fenomena har utvikla seg i fortida. Det er klart at dei er usikre, og denne uvissa forplantar seg i prognosane. Statistiske metodar hjelper oss til å ha ei meining om kor sikre slike prognosar er.

På studiet i informatikk lærer du korleis du kan modellere ulike problemstillingar ved bruk av datamaskinar. Vi legg vekt på programmering og utvikling av effektive metodar for å løyse problema. Modelleringa kan utformast ved hjelp av eit datamaskinprogram eller som ein matematisk formulering. Implementering av løysingsmetodane på datamaskin står sentralt i studiet.

 

Oppbygging

Bachelorprogrammet i informatikk, matematikk og økonomi inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne, medrekna ex.phil., og 120 studiepoeng med spesialisering (2 års studium) innanfor ein godkjend fagkombinasjon.

 

Felles fag for alle studentar

 

6. semester
Statistikk
Samfunnsøkonomi
Informatikk

 

5. semester
Val

 

4. semester
Val

 

3. semester
Statistikk
Velferd og økonomisk politikk
Modellering og optimering

 

2. semester
Grunnkurs i matematikk II
Lineær algebra
Mikroøkonomi og marknadsteori

 

1. semester Ex.phil.
Grunnkurs i matematikk I
Informatikk

Frå fjerde semester vel du spesialisering i statistikk, samfunnsøkonomi eller informatikk.

 

Førstesemesterstudiet

I det første semesteret tek du tre emne, kvart på 10 studiepoeng. Desse emna er examen philosophicum, eit innføringsemne i matematikk og eit innføringsemne i informatikk.

Du som har teke eit eller fleire av desse emna tidlegare, vil få informasjon om kva emne du kan ta ved semesterstart.

 

Utveksling

Dersom du ønskjer å ta delar av studiet i utlandet, vil vi rå deg til å gjere dette i sjette semester. Vi har i dag avtaler med mellom anna Lunds universitet (Sverige), University of Waterloo (Canada) og University of Newcastle (Australia). Universitetet i Bergen har også mange andre avtaler både i og utanfor Europa.

Yrkesvegar

Både offentleg og privat sektor treng personar med solid bakgrunn innanfor matematikk, informatikk, statistikk og økonomi. Naturlege arbeidsplassar for ferdige kandidatar er bank og forsikringsnæring, oljesektoren, IKT-næringa, offentleg forvalting, forsking og undervisning.

Vidare studium

Bachelorprogrammet i informatikk, matematikk og økonomi kvalifiserer for opptak til masterstudium innan informatikk, statistikk eller samfunnsøkonomi, avhengig av kva du spesialiserer deg i. Eit masterstudium inneber at du tek emne på høgare nivå, før du skriv ei masteroppgåve. Denne oppgåva er eit målretta og rettleidd praktisk eller teoretisk arbeid. Praktisk arbeid kan utførast i større grupper i nær kontakt med næringsliv eller forvalting. Innan for nokre av retningane kan masteroppgåva ha ein teknologisk profil



Forkunnskaper


 

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

I tillegg må du ha 2MX/2MY/3MZ+3MX/3FY/3KJ/3BI/(2KJ+3BT)/(2BI+3BT).

 

Vi tilrår at du har matematikkbakgrunn tilsvarande 3MX.



Studiepoeng


180 Studiepoeng





Be om gratis info
Bachelorprogram i informatikk-matematikk-økonomi hos Universitet i Bergen
Felt som er merket med * må fylles ut
Ønsket valuta *
Dato og sted *
Kursdeltakere
Hvor mange? (Gavekort)
Kampanjekoden er korrekt og rabatt er lagt til.
Fant ingen kampanje. Skrev du kampanjekoden riktig?
Kampanjekode er korrekt, men kampanjen gir ikke bedre pris enn nåværende kampanje.
Deltaker {{$index+1}}
Filen ble lastet opp
Filen ble fjernet
Laster opp... {{item.upload_progress}}%
{{ file.file.name }} Fjern
{{total_price | fprice}} kr {{currency}}
{{total_price-total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_vat | fprice}} kr {{currency}}
X

MVA per produkt:

{{arr[1]}}
Betalingsmåte *
Number: 1+2 *
Vennligst rett opp følgende og forsøk igjen
{{errors_msg}}
Sender...
Vent til opplasting av fil er ferdig

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg



 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!



Anbefalinger fra andre brukere