Universitet: Bachelorprogram i matematiske fag
Universitet i Bergen
Primærfaget i bachelorprogrammet er matematikk. Du er i målgruppa for programmet dersom du har ei allmenn interesse for matematiske fag, fysikk og naturvitskap. Studiet tek føre seg det teoretiske grunnlaget for matematikken, og du lærer om bruk av matematikk og matematiske verktøy til modellering av fenomen innan naturvitskap, teknologi og økonomi. Det vil bli lagt vekt på trening i analytisk tenkjemåte og teoretisk og praktisk problemløysing. Trening i skriftleg og munnleg presentasjon av problemstillingar og deira løysingar er eit viktig element. Programmet har ein felleskjerne av kunnskap innanfor rein matematikk, anvend utrekningsorientert matematikk og statistikk. Deretter er det gode høve til å velje fag vidare etter kva du synest er mest interessant. Dersom du tenkjer på eit påfølgjande masterstudium retta mot anvend og utrekningsorientert matematikk, rein matematikk eller statistikk kan det vere lurt å ta fleire spesielle emne som er viktige innanfor desse områda. Merk deg at det er stor grad av fleksibilitet med omsyn til når dei ulike kursa må vere tekne, og det er derfor høve til å gjere justeringar og individuelle tilpassingar etter kvart. I programmet vil du lære å bruke informasjonsteknologi og å eksperimentere med datamodellar. Studiet vil gi deg kvalifikasjonar som er etterspurde i samfunnet. Med trening i bruk av matematisk tankegang og kjennskap til ulike matematiske verktøy vil du stille sterkt dersom du seinare skulle ønskje å gå over til andre fagområde og problemstillingar.
Oppbygging
Bachelorprogrammet i matematiske fag inneheld 90 studiepoeng med fagleg spesialisering. Dei siste studiepoenga kan du velje frå andre fag, eller dei kan brukast til vidare spesialisering i matematiske fag. Dei 90 studiepoenga med spesialisering i bachelorprogrammet i matematiske fag må oppfylle følgjande krav: Dersom du ønskjer å gå vidare med ein mastergrad, vil du få rettleiing i kva kurs du bør velje ut over desse ni kursa. For å få ein heilskapleg fagkrins vil vi rå deg til å ta emne innan rein matematikk, anvend og utrekningsorientert matematikk, statistikk, fysikk, geofysikk eller informatikk, men det er også høve til å velje dei resterande studiepoenga frå andre fag om du skulle ønskje det. Dette kan vere aktuelt dersom du planlegg å skaffe deg undervisningskompetanse i kjemi, historie, engelsk eller andre undervisningsfag. Merk at det er mogleg å ta delar av studiet ved utdanningsinstitusjonar i utlandet. Bachelorprogrammet i matematiske fag vil då sjå slik ut: 6. semester 5. semester 4. semester 3. semester 2. semester Lineær algebra 1. semester Merk at det er stor fleksibilitet med omsyn til når ein del av desse kursa må takast, så det er lett å gjere individuelle tilpassingar av studieplanen om det skulle vere ønskjeleg. Undervisninga går føre seg i form av forelesingar, laboratoriearbeid, rekneverkstader, kollokviegrupper, seminar og/eller prosjektoppgåver.
Prosjektarbeid i matematikk/Val/utveksling/undervisningskompetanse
Val/utveksling/undervisningskompetanse
Val innan matematikk eller statistikk/Grunnkurs i statistikk II/Val
Funksjonar av fleire variable
Grunnkurs i statistikk eller fysikk
Numerisk analyse eller Grunnkurs i programmering
Grunnkurs i matematikk II
Differensiallikningar I
Ex.phil.
Grunnkurs i matematikk I
Grunnkurs i programmering eller Matematikk og naturvitskap
Førstesemesterstudiet
I det første semesteret tek du tre emne, kvart på 10 studiepoeng. Desse emna er examen philosophicum, eit innføringsemne i matematikk og eit emne i matematikk og naturvitskap. Du som har teke eitt eller fleire av desse emna tidlegare, vil få informasjon om kva emne du kan ta ved semesterstart.
Utveksling
Dersom du ønskjer å ta delar av studiet i utlandet, vil vi rå deg til å gjere dette i det femte eller sjette semesteret. Prosjektarbeidskurset i matematikk må da takast i det fjerde semesteret. Du har mange alternativ, både i og utanfor Europa. Bachelorprogrammet i matematiske fag har blant anna tilbod om spesielt tilrettelagde delstudium ved universitet i Danmark, Tyskland og Hong Kong. Merk deg at studium i utlandet krev ein del planlegging. Ta derfor kontakt med studierettleiar ved instituttet så tidleg som mogleg.
Yrkesvegar
Etter å ha teke bachelorprogrammet i matematikk vil du ha kompetanse som er etterspurd innan bransjar som industri, forsking, skoleverk og forvalting. Innsikt i matematiske metodar har vore, og kjem til å vere, ein føresetnad for grunnforsking i fag som er sentrale for vår forståing av naturen og samfunnet. Framvekst av kraftige datamaskiner med stor reknekraft har ført til at enda fleire fag er blitt storbrukarar av avanserte matematiske modellar. Denne utviklinga tilseier at kandidatar med solide grunnkunnskapar i matematikk vil bli ettertrakta arbeidskraft på stadig fleire område.
Vidare studium
Bachelorprogrammet i matematiske fag kvalifiserer for vidare studium på masternivå i faget. Masterstudiet kan vere forskingsretta og/eller vere retta mot industri/næringsliv. Avhengig av dine faglege interesser kan du velje mellom mange spennande retningar innanfor rein matematikk, anvend og utrekningsorientert matematikk og statistikk. Med spesialiserte val av støttefag vil du også kunne starte på masterprogram innan: o fysikk o geofysikk o informatikk o samfunnsøkonomi På alle programma er det mogleg å velje ei masteroppgåve som er teknologisk orientert.
Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du ha realfagskravet.
Studiepoeng
180 Studiepoeng
Bachelorprogram i matematiske fag
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!