Universitet: Master i anvend og utrekningsorientert matematikk
Universitet i Bergen
Masterprogrammet i anvendt og beregningsorientert matematikk omfattar: 1) Eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) med eit omfang på 60 sp. (Ein kan også få korte oppgåver med eit omfang på 30 sp, spesialpensumet blir da auka med 30 sp.) 2) Emne/spesialpensum på 60 sp (90 sp ved kort oppgåve) utarbeidd i samråd med rettleiaren.
Yrkesvegar
Masterprogrammet utdannar kandidatar som er svært etterspurde innan industri, forsking, skuleverket og i forvaltninga. Innsikt i matematiske og numeriske metodar er blitt stadig viktigare, og er ein føresetnad for grunnforsking i ei rekke fag som er sentrale for vår forståing av naturen og samfunnet rundt oss. Utviklinga av kraftige datamaskiner med stor reknekraft har ført til at stadig fleire fag er blitt storbrukarar av avanserte matematiske modellar og numeriske og matematiske verktøy. Difor er kandidatar med mastergrad i anvend og utrekningsorientert matematikk blitt ettertrakta arbeidskraft på stadig fleire område av arbeidsmarknaden.
Forkunnskaper
Alle bachelorgradar med eit minimum av matematiske forkunnskapar (minimum eitt års omfang og eit karaktersnitt på minst C) som dekkjer kalkulus (inkludert fleirvariabelteori), lineær algebra, differensiallikningar og programmering, kan kvalifisere for opptak. Du bør helst ha kunnskapar som svarer til følgjande kurs ved UiB: MAT111, MAT112, MAT121, MAT131, MAT212 og INF100. (Sjå studentportal.uib.no for detaljar.)
Studiepoeng
120 Studiepoeng
Master i anvend og utrekningsorientert matematikk
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!