Kursguide
Utdanning
Søk

kurs > Matematikk > Masterprogram i matematikk - Matemati...

Universitet: Masterprogram i matematikk - Matematisk analyse

Universitet i Bergen

Form
Klasserom

Varighet
2 år

Deltid
Nei

Heltid
Ja

Nivå
Universitet


Bookmark and Share
Dette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.

 

For deg som synest at noko av det mest spennande med matematikken er overgangen frå eit spesialtilfelle til studiet av det underliggjande generelle rammeverket, kan eit masterstudium i rein matematikk vere eit givande alternativ. Den opphavlege tydinga av omgrepet matematisk analyse er nært knytt til funksjonar av éin eller fleire reelle variablar, men moderne analyse inneheld fleire andre emne, delvis av ein noko meir abstrakt natur, så som generell topologi, mål- og integralteori og funksjonalanalyse. I staden for å studere individuelle funksjonar er såkalla funksjonsrom eit sentralt tema. Vektorane i rommet er funksjonar definerte over eit gitt område. Spørsmål knytte til konvergens, integrasjon, derivasjon og approksimasjon blir studert innanfor ramma av slike rom. Sentrale idear frå endeleg dimensjonal lineær algebra speler også ei viktig rolle.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet i matematisk analyse omfattar:

  1. Eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) med eit omfang på 60 sp (Ein kan også få korte oppgåver med eit omfang på 30 sp, spesialpensumet blir da auka med 30 sp)
  2. Emne/spesialpensum på 60 sp (90 sp ved kort oppgåve) utarbeidd i samråd med rettleiar.

MERK: For å oppnå ein mastergrad i matematikk – matematisk analyse må emna MAT214 Kompleks funksjonsteori og MAT215 Mål- og integralteori (eller tilsvarande) vere gjennomførte og bestått i løpet av bachelor- eller masterstudiet.

Masteroppgåve

I samråd med rettleiaren vel du ei masteroppgåve som svarer til 60 sp (Dersom du vil ha ei oppgåve på 30 sp, blir oppgåva først gitt etter at alle kursa er tekne, og oppgåva må skrivast som eit fulltidsstudium i slutten av mastergradsstudiet.) Oppgåva er eit forskingsbasert arbeid som gir deg innsikt i matematisk metodikk og bruk av matematiske metodar i ulike samanhengar. Temaet for oppgåva er avhengig av forskingsinteressene til rettleiaren.

Metode

Masterprogramma i matematikk skal gi innsikt i matematisk metodikk og matematiske metodar. Emnet for oppgåva er avgjerande for metoden du bruker.

Yrkesvegar

Ein mastergrad i rein matematikk gir ei teoretisk tyngd som er etterspurd i mange yrke, for eksempel innanfor tele- og informatikk, oljerelatert verksemd, forvalting, finans og forsikring og undervisning. Du kan for eksempel arbeide som lektor dersom du også tek praktisk-pedagogisk utdanning. Går du vidare med doktorgrad, er forskarstillingar ved universitet og høgskolar aktuelle




Forkunnskaper


Alle bachelorgradar med eit minimum av matematiske forkunnskapar (minimum eitt års omfang, og eit karaktersnitt på minst C) som dekkjer kalkulus (inkludert fleirvariabelteori), lineær algebra, reell analyse og funksjonsteori, kan kvalifisere for opptak. Du bør helst ha kunnskapar som svarer til følgjande kurs ved UiB: MAT111, MAT112, MAT121, MAT211, MAT212, MAT213 og MAT220 (Sjå studentportal.uib.no for detaljar).



Studiepoeng


120 Studiepoeng



Påmelding
Masterprogram i matematikk - Matematisk analyse
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Dato og sted *

Firma

Eventuell referanse

Telefon *

Faks

Fakturaadresse *

Postnummer *

Poststed *

Ønsker bekreftelse per




Kursdeltakere


Deltaker 1

Navn *

E-post *



Kommentarer og spørsmål



Number: 1+2 *
Send Påmelding til Kursholder

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg






 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!


Anbefalinger fra andre brukere



Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook