Universitet: Masterprogram i matematikk - Topologi
Universitet i Bergen
For deg som synest at noko av det mest spennande med matematikken er overgangen frå eit spesialtilfelle til studiet av det underliggjande generelle rammeverket, så kan eit masterstudium innanfor rein matematikk vere eit givande alternativ. Topologi er ei grein av matematikken der ein studerer geometriske former som kurver, flater og høgare dimensjonale rom. Slike objekt finn vi naturleg innanfor nærliggjande fagfelt som for eksempel fysikk. Ein topologisk analyse kan da for eksempel gi informasjon om utviklinga av eit fysisk system. Eit av dei sentrale topologiske problema er å klassifisere geometriske former. Det vert ofte gjort ved å introdusere såkalla algebraiske invariantar, som måler kvalitative geometriske fenomen. Det er dermed ein nær samanheng mellom fagfelta topologi og algebra.
Oppbygging av studiet
Masterprogrammet i topologi omfattar: Merk: For å oppnå ein mastergrad i topologi må emna MAT242 Topologi og MAT243 Mangfald (eller tilsvarande) vere gjennomført og bestått i løpet av bachelor- eller masterstudiet.
Masteroppgåve
I samråd med rettleiaren vel du ei masteroppgåve som svarer til 60 studiepoeng (Dersom du vil ha ei oppgåve på 30 studiepoeng, blir oppgåva først gitt etter at alle kursa er tekne, og oppgåva må skrivast som eit fulltidsstudium i slutten av mastergradsstudiet.) Oppgåva er eit forskingsbasert arbeid som gir deg innsikt i matematisk metodikk og bruk av matematiske metodar i ulike samanhengar. Temaet for oppgåva er avhengig av forskingsinteressene til rettleiaren.
Metode
Masterprogrammet skal gi innsikt i matematisk metodikk og matematiske metodar. Emnet for oppgåva er avgjerande for metoden du bruker.
Yrkesvegar
Mastergrad i rein matematikk gir ei teoretisk tyngd som er etterspurt i mange yrke, for eksempel innanfor tele- og informatikk, oljerelatert verksemd, forvalting, finans og forsikring og undervisning. Du kan for eksempel arbeide som lektor dersom du også tek praktisk-pedagogisk utdanning. Går du vidare med doktorgrad, er forskarstillingar innanfor universitet og høgskolar aktuelle.
Forkunnskaper
Alle bachelorgradar med eit minimum av matematiske forkunnskapar (minimum eitt års omfang, og eit karaktersnitt på minst C) som dekkjer kalkulus (inkludert fleirvariabelteori), lineær algebra, algebra, reell analyse og litt topologi. Du bør helst ha kunnskapar som svarer til følgjande kurs ved UiB: MAT111, MAT112, MAT121, MAT211, MAT212, MAT220 og eitt av kursa MAT242/MAT243. (Sjå studentportal.uib.no for detaljar.)
Studiepoeng
120 Studiepoeng
Masterprogram i matematikk - Topologi
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!