Universitet: Integrert adjunktutdanning i matematikk og naturfag

Universitet i Bergen

Klasserom4 årHeltidUniversitet
Start Sted Språk
Ta kontakt Bergen Norsk



 

Dette programmet passer best for deg som ønskjer å bli realfagslærar i ungdomsskolen. Læraryrket er eit givande og utfordrande yrke, og det vil vere behov for mange nye realfagslærarar i skolen framover.

 

Programmet er samansett av praktisk-pedagogisk utdanning og basisfag i matematikk og naturfag. Dette gjer deg kvalifisert til å undervise desse faga i ungdomsskolen. Den praktisk-pedagogiske utdanninga omfattar pedagogikk, fagdidaktikk i matematikk og naturfag og praksisopplæring i skolen. I pedagogikk legg ein vekt på å utvikle gode læringsrelasjonar mellom menneskje og set søkjelyset på kommunikasjon og sosialt samspel.

 

Pedagogikken i den praktisk-pedagogiske utdanninga tek særleg sikte på å gi deg heilskapleg kunnskap om og forståing for arbeidet i skolen. I fagdidaktikken ser ein nærare på korleis ein lærer og underviser det enkelte faget og problemstillingar og teoriar knytte til dette, til dømes korleis ein lærer matematikk, kvifor bruke elevøvingar i naturfag, osb.

Praksis gjennomførast i ungdomsskolen og på barnetrinnet (5. -7. klasse). Du kan søkje om å erstatte praksis på barnetrinnet (5.-7. klasse) med ungdomsskole eller vidaregåande skole.

I den valfrie delen av studiet er det mogleg å fordjupe seg vidare i eitt eller fleire realfag eller velje andre fag som samfunnsfag eller historie. På denne måten kan du skaffe deg ein allsidig og brei bakgrunn for undervisning i skolen.

Oppbygging

Det 4-årige adjunktprogrammet inneheld

  • 60 studiepoeng praktisk-pedagogisk utdanning
  • 30 studiepoeng i matematikk (NB. 50 studiepoeng fra og med høsten 2008*)
  • 60 studiepoeng i utvalde emne i fysikk, kjemi og biologi
  • 80 studiepoeng valfrie emne (NB. 60 studiepoeng fra og med høsten 2008*)
  • praksis i skolen

Dei obligatoriske delane gir grunnlag for undervisning i matematikk og naturfag i ungdomsskolen. I den valfrie delen av studiet er det mogleg å fordjupe seg vidare i eitt eller fleire realfag eller ta heilt andre fag. Ved å satse mest på fordjuping, kan du skaffe deg grunnlag for undervisning i den vidaregåande skolen i enkelte fag (min. 60 studiepoeng i eit fag). Ved å satse meir på breidd kan du skaffe deg breiare kompetanse for undervisning på ungdomsskolen.

Eksempel:

  • Ved å velje emne i geologi, geofysikk, biologi, fysikk, kjemi, molekylærbiologi o.l., kan du auke kunnskapane dine for undervisning i naturfag i ungdomsskolen.
  • Ved å velje 30 studiepoeng i matematikk i tillegg til dei 30 obligatoriske, oppnår du tilstrekkelig grunnlag for undervisning i matematikk i vidaregåande skole.
  • Ved å velje 30 studiepoeng innanfor kjemi, biologi og/eller fysikk, oppnår du tilstrekkelig grunnlag for undervisning i naturfag i videregående skole.
  • Ved å velje fagkombinasjonar frå andre fagområde, kan du oppnå tilstrekkeleg grunnlag for undervisning i desse faga i ungdomsskolen.

Den praktisk-pedagogiske delen av programmet vert teke parallelt med fagstudia slik at fokus vert halde på lærarutdanninga gjennom heile studiet.

I tillegg til praksis og ordinær undervisning i pedagogikk og fagdidaktikk inngår skolebesøk og lærarstudentsamlingar.

 

* I Forskrift til opplæringsloven angis det hvor mange studiepoeng som kreves i et fag for å undervise faget i skolen. Fra og med høsten 2008 økes kravet til antall studiepoeng i matematikk for undervisning i ungdomsskolen. Pga. dette økes antall obligatoriske studiepoeng i matematikk i adjunktutdanningen fra og med høsten 2008.

Utveksling

Dersom du ønskjer det, kan du ta eitt semester av fagstudiet i utlandet. UiB har mange utvekslingsavtaler som kan nyttast. Eit utanlandsopphald bør leggjast til det 6. semesteret.

Det er også mogleg å ta ein av praksisperiodane i utlandet. Foreløpig er det berre Sør-Afrika vi har eit slikt samarbeid med.

Yrkesvegar

Adjunktutdanninga i matematikk og naturfag kvalifiserer for tilsetjing på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskolen og ev. i den vidaregåande skolen og vaksenopplæringa avhengig av fagfordjuping.



Forkunnskaper


 

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må studenten ha 2MX/2MY/3MZ + 3MX/3FY/3KJ/3BI/(2KJ+3BT)/(2BI+3BT).

Politiattest (jfr. forskrift ved opptak til høgare utdanning).

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføre utdanninga på normert tid bør du ha full fordjuping frå vidaregåande skole i dei faga du ønskjer å spesialisere deg i. Dersom ein ønskjer å skaffe seg grunnlag for undervisning i matematikk i den vidaregåande skolen bør ein ha 3MX.



Studiepoeng


240





Be om gratis info
Integrert adjunktutdanning i matematikk og naturfag hos Universitet i Bergen
Felt som er merket med * må fylles ut
Ønsket valuta *
Dato og sted *
Kursdeltakere
Hvor mange? (Gavekort)
Kampanjekoden er korrekt og rabatt er lagt til.
Fant ingen kampanje. Skrev du kampanjekoden riktig?
Kampanjekode er korrekt, men kampanjen gir ikke bedre pris enn nåværende kampanje.
Deltaker {{$index+1}}
Filen ble lastet opp
Filen ble fjernet
Laster opp... {{item.upload_progress}}%
{{ file.file.name }} Fjern
{{total_price | fprice}} kr {{currency}}
{{total_price-total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_vat | fprice}} kr {{currency}}
X

MVA per produkt:

{{arr[1]}}
Betalingsmåte *
Number: 1+2 *
Vennligst rett opp følgende og forsøk igjen
{{errors_msg}}
Sender...
Vent til opplasting av fil er ferdig

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg



 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!



Anbefalinger fra andre brukere