Universitet: Integrert lektorutdanning med master i naturvitskap eller matematikk

Universitet i Bergen

Klasserom5 årHeltidUniversitet
Start Sted Språk
Ta kontakt Bergen Norsk



 

Dette programmet passar for deg som ønskjer å bli realfagslærar i den vidaregåande skolen (ev. ungdomsskolen). Læraryrket er eit givande og utfordrande yrke, og vil det vere behov for mange nye realfagslærarar i skolen framover.

 

Programmet er samansett av fagstudium i matematikk, fysikk, kjemi og/eller biologi, og praktisk-pedagogisk utdanning.

 

Den praktisk-pedagogiske utdanninga omfattar pedagogikk, fagdidaktikk i dine fag og praksisopplæring i skolen. I pedagogikk legg ein vekt på å utvikle gode læringsrelasjonar mellom menneske og set søkjelyset på kommunikasjon og sosialt samspel. Pedagogikken i den praktisk-pedagogiske utdanninga tek særleg sikte på å gi heilskapleg kunnskap om og forståing for arbeidet i skolen. I fagdidaktikken ser ein nærare på korleis ein lærer og underviser det enkelte faget og problemstillingar og teoriar knytte til dette, for eksempel korleis ein lærer matematikk og kvifor bruke elevøvingar i kjemi. Praksis gjennomførast i ungdomsskole og vidaregåande skole.

Kva fag som inngår i ditt studium avheng av kva for ei studieretning du vel. Det er mange studieretningar å velje mellom, men innanfor den enkelte studieretninga er valfridommen derimot liten.

 

Programmet gir deg grunnlag for undervisning i to fag i den vidaregåande skolen, samt naturfag i dei fleste studieretningane. Studiet vert avslutta med ei masteroppgåve i det faget du har mest fordjuping i. Dette inneber at du skaffar deg både brei og djup fagleg bakgrunn for undervisning i skolen.

Oppbygging

I alle studieløp inngår:

  • 60 studiepoeng praktisk-pedagogisk utdanning
  • minst 80 studiepoeng i faget du skal skrive masteroppgåve i
  • minst 60 studiepoeng i det andre faget som inngår i studieretninga di
  • ei masteroppgåve på 30 studiepoeng. Oppgåva kan ha ein skoleretta eller reint fagleg profil. Det er også mogleg å velje ei fagdidaktisk oppgåve.
  • praksis i skolen

Fag- og emneval

Studieløp og fagsamansetjing i programmet er avhengig av kva for ei studieretning du vel. Du kan velje mellom sju ulike retningar:

1. matematikk og fysikk, med masteroppgåve i matematikk eller fysikk

 

2. matematikk, fysikk og naturfag, med masteroppgåve i fysikk

 

3. matematikk, naturfag og eit anna realfag, med masteroppgåve i matematikk

 

4. kjemi, matematikk og naturfag, med masteroppgåve i kjemi

 

5. biologi, matematikk og naturfag, med masteroppgåve i biologi

 

6. kjemi, biologi og naturfag, med masteroppgåve i kjemi

 

7. biologi, kjemi og naturfag, med masteroppgåve i biologi

 

Dei obligatoriske fagemna i programmet sørgjer for at du får eit godt grunnlag for undervisning i den vidaregåande skolen og tilstrekkeleg fordjuping med tanke på masteroppgåva. Den praktisk-pedagogiske delen av programmet vert teken parallelt med fagstudia, slik at fokus vert halde på lærarutdanning gjennom heile studiet. I tillegg til praksis og ordinær undervisning i pedagogikk og fagdidaktikk inngår skolebesøk og lærarstudentsamlingar.

Førstesemesterstudiet

I det første semesteret tek du tre emne, kvart på 10 studiepoeng. Desse emna er examen philosophicum, examen scholae og eit innføringsemne i matematikk. Du vel anten brukarkurs i matematikk eller grunnkurs i matematikk. Dette er avhengig av kva kunnskapar du har i matematikk frå før og av fagkombinasjonen du har tenkt å velje. Du som har teke eitt eller fleire av desse emna tidlegare, vil få informasjon om kva emne du kan ta ved semesterstart.

Utveksling

Dersom du ønskjer det, er det mogleg å ta eitt semester av fagstudiet i utlandet. Vi vil forsøke å leggje til rette for at dette kan inngå som ein integrert del av utdanninga di.

Det er også mogleg å ta ein av praksisperiodane i utlandet. Foreløpig er det berre Sør-Afrika vi har eit slikt samarbeid med.



Forkunnskaper


 

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må studenten ha 2MX/2MY/3MZ + 3MX/3FY/3KJ/3BI/(2KJ+3BT)/(2BI+3BT).

Politiattest (jfr. forskrift ved opptak til høgare utdanning).

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføre utdanninga på normert tid bør du ha full fordjuping frå vidaregåande skule i dei to sentrale faga i studieretninga.



Studiepoeng


300 studiepoeng





Be om gratis info
Integrert lektorutdanning med master i naturvitskap eller matematikk hos Universitet i Bergen
Felt som er merket med * må fylles ut
Ønsket valuta *
Dato og sted *
Kursdeltakere
Hvor mange? (Gavekort)
Kampanjekoden er korrekt og rabatt er lagt til.
Fant ingen kampanje. Skrev du kampanjekoden riktig?
Kampanjekode er korrekt, men kampanjen gir ikke bedre pris enn nåværende kampanje.
Deltaker {{$index+1}}
Filen ble lastet opp
Filen ble fjernet
Laster opp... {{item.upload_progress}}%
{{ file.file.name }} Fjern
{{total_price | fprice}} kr {{currency}}
{{total_price-total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_vat | fprice}} kr {{currency}}
X

MVA per produkt:

{{arr[1]}}
Betalingsmåte *
Number: 1+2 *
Vennligst rett opp følgende og forsøk igjen
{{errors_msg}}
Sender...
Vent til opplasting av fil er ferdig

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg



 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!



Anbefalinger fra andre brukere