Universitet: Bachelorprogram i nye medier
Universitet i BergenBachelorstudiet i nye medier skal kvalifisere for teoretisk reflektert og praktisk skapande formidlingsverksemd ved hjelp av nye digitale, nettverksbaserte medier. Studiet kombinerer teoretiske, analytiske og praktiske element frå medie- og informasjonsvitskap med nye, tverrfaglege komponentar. Studiet blir gjennomført i nært samarbeid med bachelorprogramma i film- og TV-produksjon og journalistikk.
Oppbygging
Bachelorprogrammet i nye medier inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering. I tillegg til spesialiseringa kjem 30 studiepoeng med hovudvekt på planlegging og gjennomføring av avsluttande produksjonar (bacheloroppgåve). Studiet er sett saman av emne i medie- og informasjonsvitskap, fleire av dei praktisk retta. Derfor krev studiet aktiv deltaking i undervisninga. Følgjande emne inngår i bachelorprogrammet: Du kan velje inntil 30 studiepoeng fritt frå andre fag. Dette kan f.eks. vere studium frå utanlandske universitet, emne frå andre samfunnsvitskaplege fag eller fleire medievitskaplege eller informasjonsvitskaplege emne. Bachelorprogrammet i nye medier kan da sjå slik ut: s = semester, sp = studiepoeng
Utveksling
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda. I bachelorprogrammet i nye medier vil du få tilbod om utanlandsopphald som kan bli ein integrert del av graden. Delstudium i utlandet er lagt til det femte semesteret i programmet.
Yrkesvegar
Bachelorprogrammet i nye medier set deg i stand til sjølvstendig arbeid med formidling og kommunikasjon ved hjelp av avanserte dataverktøy og digitale, nettverksbaserte medier i både privat og offentleg sektor, frå kommersielle medier til museumssektoren, frå målretta problemløysing til kunstnarisk verksemd. Programmet samarbeider med studieprogramma i film/tv og journalistikk, og gjennom studiet blir du stilt overfor svært varierte yrkessituasjonar og arbeidsoppgåver.
Vidare studium
Bachelorprogrammet kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i informasjonsvitskap samt eit planlagt masterstudium i screenwriting for film/TV og nye medier. Masterprogrammet er eit toårig fordjupingsstudium som skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. Det blir lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftleg arbeid, oppgåveskriving og aktiv deltaking i undervisninga
Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Studiepoeng
180 studiepoeng.
Bachelorprogram i nye medier
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!