Mediekurs, film og TV
Du har valgt: Medievitenskap
Nullstill
Filter
Ferdig

-

4 treff i Medievitenskap

Sorter på søkerangering, kursnavn, pris, sted, kursdato


Bergen 0 kr
På forespørsel
Siktemålet med masterprogrammet er å styrkje studentane sine historiske og teoretiske kunnskapar, analytiske evner og kritiske kompetanse. [+]
Siktemålet med masterprogrammet er å styrkje studentane sine historiske og teoretiske kunnskapar, analytiske evner og kritiske kompetanse i forhold til medium og kommunikasjon som sosiale og kulturelle fenomen. Vidare skal studiet fremje forståing for samspelet mellom kulturhistoriske, økonomiske og teknologiske forhold og deira innverknad på medie- og kulturproduksjon, estetikken og dei kulturelle formene til media og samvirket mellom media og andre samfunnsinstitusjonar. Oppbygging av studiet Masterprogrammet er toårig og er sett saman av to delar: ein kursdel og ei masteroppgåve. Kvart semester tilbyr instituttet eit kurs i masteroppgåveskriving. Dei andre kursa er fordelte på fire emneområde: (1) Institusjons- og produksjonsstudiar, (2) Tekstteori og -analyse, (3) Publikums- og resepsjonsstudiar og (4) Media og kultur. Du skal velje tre slike kurs, og desse kursa skal dekkje minst to av emneområda.   Eit masterprogram i medievitskap kan sjå slik ut:   1. sINFOMEVI300 - Prosjektarbeid og forskingsdesignValemne15 sp 15 sp2. sValemneValemne15 sp 15 sp3. og 4. sMEVI350 - Masteroppgåve60 sp s= semester sp= studiepoeng Masteroppgåve Den sentrale delen av masterprogrammet er det sjølvstendige arbeidet med ei masteroppgåve. Masteroppgåva skal kunne gjennomførast i løpet av eitt år. Yrkesvegar Ein mastergrad i medievitskap kvalifiserer for forsking og undervisning, og for arbeid i medie-, kultur- og informasjonssektoren. Opptaksgrunnlag Bachelor-/cand.mag.-grad med godkjend spesialisering/fordjuping (80-90 studiepoeng/1 12 års studium) i medievitskap. I den seinare tida er det blitt gitt direkte opptak til masterprogrammet i medievitskap for studentar med tilstrekkeleg spesialisering/fordjuping i medievitskap, for eksempel frå NTNU, Høgskolen i Volda, Høgskolen i Oslo eller Høgskolen i Stavanger. Vi understrekar at godkjenninga kan vere avhengig av studieretninga/emnet, slik at det framleis blir kravd individuelle søknader. Mediestudium frå andre institusjonar har gitt innpassing mot at studenten tek eitt eller to emne på 200-nivå i medievitskap. Kravet om individuell søknad gjeld også her [-]
Les mer
Bergen 3 år 0 kr
På forespørsel
Bachelorstudiet i nye medier skal kvalifisere for teoretisk reflektert og praktisk skapande formidlingsverksemd ved hjelp av nye digitale, nettverksbaserte medier. [+]
Bachelorstudiet i nye medier skal kvalifisere for teoretisk reflektert og praktisk skapande formidlingsverksemd ved hjelp av nye digitale, nettverksbaserte medier. Studiet kombinerer teoretiske, analytiske og praktiske element frå medie- og informasjonsvitskap med nye, tverrfaglege komponentar. Studiet blir gjennomført i nært samarbeid med bachelorprogramma i film- og TV-produksjon og journalistikk. Oppbygging Bachelorprogrammet i nye medier inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering. I tillegg til spesialiseringa kjem 30 studiepoeng med hovudvekt på planlegging og gjennomføring av avsluttande produksjonar (bacheloroppgåve). Studiet er sett saman av emne i medie- og informasjonsvitskap, fleire av dei praktisk retta. Derfor krev studiet aktiv deltaking i undervisninga. Følgjande emne inngår i bachelorprogrammet: Grunnkurs i informasjonsvitskap Introduksjon til film, tv og nye medier Brukargrensesnitt Databasar Multimediehandtering Teknisk grunnkurs nye medier Nye medier, produksjon og analyse Manuskript og medier Innføring i programmering Du kan velje inntil 30 studiepoeng fritt frå andre fag. Dette kan f.eks. vere studium frå utanlandske universitet, emne frå andre samfunnsvitskaplege fag eller fleire medievitskaplege eller informasjonsvitskaplege emne. Bachelorprogrammet i nye medier kan da sjå slik ut: 1. s Introduksjon til lm/tv/nye medier (10 sp) Grunnkurs i informasjonsvitskap (10 sp) Ex.phil. (10 sp) 2. s Teknisk grunnkurs nye medier (5 sp) Nye medier, produksjon og analyse (10 sp) Grunnkurs i programmering (10 sp) og formelle metodar for informasjonsvitskap (5 sp) 3. s Manuskript og medier (15 sp) Databasar (15 sp) 4. s Brukargrensesnitt (15 sp) Multimediehandtering (15 sp) 5. s Valfritt/delstudium i utlandet Valfritt/delstudium i utlandet 6. s Bacheloroppgåve i nye medier (30 sp) TOTALT: 180 studiepoeng (3 år) s = semester, sp = studiepoeng Utveksling Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda. I bachelorprogrammet i nye medier vil du få tilbod om utanlandsopphald som kan bli ein integrert del av graden. Delstudium i utlandet er lagt til det femte semesteret i programmet. Yrkesvegar Bachelorprogrammet i nye medier set deg i stand til sjølvstendig arbeid med formidling og kommunikasjon ved hjelp av avanserte dataverktøy og digitale, nettverksbaserte medier i både privat og offentleg sektor, frå kommersielle medier til museumssektoren, frå målretta problemløysing til kunstnarisk verksemd. Programmet samarbeider med studieprogramma i film/tv og journalistikk, og gjennom studiet blir du stilt overfor svært varierte yrkessituasjonar og arbeidsoppgåver. Vidare studium Bachelorprogrammet kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i informasjonsvitskap samt eit planlagt masterstudium i screenwriting for film/TV og nye medier. Masterprogrammet er eit toårig fordjupingsstudium som skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. Det blir lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftleg arbeid, oppgåveskriving og aktiv deltaking i undervisninga [-]
Les mer
Bergen 3 år 0 kr
På forespørsel
Medievitskap tek sikte på ein systematisk analyse av medieinstitusjonane og tekstar i media, av forholdet mellom publikum og medieinnhald og forholdet mellom media og sa... [+]
  Medievitskap tek sikte på ein systematisk analyse av medieinstitusjonane og tekstar i media, av forholdet mellom publikum og medieinnhald og forholdet mellom media og samfunnet. I medievitskap kombinerer vi sosiologiske og statsvitskapelige perspektiv på massemedia med kultur- og tekstanalytiske perspektiv. Gjennom bachelorprogrammet i medievitskap blir desse teoretiske synsmåtane konfronterte med analyse av mediesamfunnet og den praktiske røynda i medieproduksjonen.   Få samfunnsområde er urørt av formidling frå media. Media inngår i daglegliva våre, dei overskrid tradisjonelle sosiale skiljelinjer og nasjonale grenser, og utfordrar etablerte skilje mellom elite- og populærkulturen. Slik har media konsekvensar for identitetsdanning, kunnskapsnivå og moglegheiter for å delta aktivt i samfunnslivet. Eit sentralt utviklingstrekk i dag er konvergens mellom tradisjonelle medieteknologiar, telekommunikasjon og datateknologi. Media si rolle i offentleg meiningsdanning og i demokratiske prosessar blir endra gjennom framveksten av nye kommunikasjons- og samhandlingsformer.   Dei samfunnsmessige konsekvensane av digitale teknologiar stiller medievitskapen overfor nye faglege utfordringar. I tillegg til formidling i massemedia gjer interaktive media og digitale nettverk det mogleg å få tilgang til kulturprodukt og kunnskapsbasar i ein til no ukjend skala. Bachelorprogrammet opnar for historiske og samfunnsmessige analyser av medierolla i dagens samfunn. Oppbygging Bachelorprogrammet i medievitskap skal innehalde minimum 20 og maksimum 30 studiepoeng innføringsemner medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor medievitskap. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag. Bachelorprogrammet dekkjer følgjande fagområde: Introduksjon til media og kommunikasjon Medier: Institusjonar og historie Mediebruk og meiningsdanning Medietekstar - teori og analyse Medier, representasjon og identitet Medieteknologi, kultur og samfunn Pressehistorie Kringkastingshistorie Film: historie og analyse Medieretorikk Du kan velje inntil 60 studiepoeng fritt frå andre fag. Dette kan f.eks. vere studium frå utanlandske universitet, emne frå andre samfunnsvitskaplege fag eller fleire medievitskaplege eller informasjonsvitskaplege emne. Bachelorprogrammet i medievitskap vil da sjå slik ut: Første semester Ex.phil. (10 sp) MEVI100 (10 sp) SV100 (10 sp) 1½ år Spesialiseringsfag i medievitskap, 90 sp 1 år Frie fagemne, 60 sp TOTALT: 180 sp (3 år) sp = studiepoeng Utveksling Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtalar med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Yrkesvegar Ein bachelorgrad i medievitskap kvalifiserer for ei lang rekkje mediefaglege yrkesoppgåver i medieverksemder og kultur- og utdanningsinstitusjonar. Dette kan for eksempel vere innan journalistikk, administrasjon, utgreiing og rådgiving. Studiet kvalifiserer også for formidlings- og informasjonsfaglege oppgåver i den private og offentlege sektoren. Studiet kan også byggjast ut med eit masterstudium og kvalifisere for forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren. Vidare studium Bachelorprogrammet i medievitskap kvalifiserer for opptak til masterprogram i medievitskap. Masterprogrammet er eit toårig fordjupingsstudium som skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. Det blir lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftleg arbeid, oppgåveløysing og aktiv deltaking i undervisninga. [-]
Les mer
Kristiansand 3 år 0 kr
På forespørsel
Dette er et humanistisk vinklet studium innen tekst, medier og kommunikasjon. Det skal utvikle både teoretisk og praktisk kompetanse. [+]
Teori og arbeidsmetoder sikter mot å bevisstgjøre studentene som reflekterte brukere og kreative produsenter av tekst og informasjon innen ulike sjangrer.   Tekstbasert formidling står sentralt i studiet, men studentene arbeider praktisk med både trykte medier, nettbaserte medier og lyd- og bildemedier. I studiet ses verbal og visuell kommunikasjon i sammenheng, liksom kunnskaper om tekstsjangrer ses i sammenheng med kunnskaper om medienes teknologi og virkemåte. Målet er at studentene skal utvikle kompetanse både på innholdssiden og kanalsiden, slik at de kritisk og reflektert kan gjennomføre en formidlingsprosess fra idéstadium til ferdig medieprodukt. Studiet skal også gi studentene en innføring i forsknings- og utviklingsarbeid.   Programmet har 100 poeng fordypning. Sju av de ti emnene som utgjør fordypningen, er på nivå 1, mens tre av emnene (til sammen 30 studiepoeng) er på nivå 2, dvs. at de bygger på mer grunnleggende emner fra første studieår.   Studentene kan i valgdelen i programmet velge flere emner i kommunikasjonsfag, men programmet kan også gi plass for språkfag, samfunnsfag, kunstfag eller bibliotekfag. I tillegg kan emner eller studier innen andre relevante fagområder godkjennes etter søknad. I valgdelen må minst 30 studiepoeng utgjøre en sammenhengende faglig enhet.     Læringsutbytte Etter endt studium skal studentene- ha kunnskap om hvordan tekster og medier kan benyttes i ulike typer kommunikasjonsprosesser- ha innsikt i medienes rolle i samfunnet- kunne analysere og sammenlikne aktuelle kommunikasjonssituasjoner og -hendelser- kunne utvise et kritisk og kreativt skjønn i forhold til egne og andres kommunikative handlinger- kunne gjennomføre formidlingsprosjekter fra idestadium til ferdig tekstprodukt innen flere ulike medier- ha innsikt i språklige, mediale og sosiale premisser for vellykket kommunikasjon- ha tilegnet seg en forståelse for hva som kjennetegner relevant og aktuell FoU-virksomhet på feltet.     Arbeidsformer I sammensetningen av emner er det lagt vekt på at det i hvert semester skal tilbys varierte arbeidsformer og problemstillinger. I undervisningsopplegget kombineres forelesninger, seminar, gruppearbeid og individuelle oppgaver. Undervisningen er basert på aktuell forskning.       Vurderingsformer Eksamensformene i de enkelte emnene vil være varierte, og kan blant annet omfatte skriftlige skoleeksamener, gruppeeksamener, individuelle hjemmeeksamener, prosjektoppgaver, kortsvarsprøver og mappeinnleveringer. Eksamensformene for det enkelte emnet fremgår av emnebeskrivelsen.       Studentutveksling Et eventuelt utvekslingsopphold (30-60 stp) kan innpasses i studieforløpet i enten ett av eller begge de to siste semestrene.       Vilkår for å gå videre i studiet For å gå videre til påbyggingsdelen (nivå 2), må studentene ha avlagt minst 40 studiepoeng på grunnivået (nivå 1). For å melde seg opp til eksamen i emnet KOM201-1 Diskursanalyse, må emnet NO-100-1 Tekst og tolkning (eller tilsvarende) være bestått. For å melde seg opp til eksamen i emnet KOM200-1 Medieproduksjon 2, må minst ett av emnene KOM100-1 Praktisk formidling / KOM104-1 Skrift og bilde eller KOM103-2 Digital formidling (eller tilsvarende) være bestått.       Yrkesmuligheter og videre utdanning Studiet kan kvalifisere for opptak til en rekke masterstudier: kommunikasjonsfag, mediefag, språkfag, kulturfag, journalistikkfag, avhengig av emnesammensetningen og breddeenheten man velger og de ulike masterstudienes spesifikke opptakskrav. Ved å ta 30 studiepoeng med emner fra nordisk litteratur (100-nivå) i valgdelen, kan en komme inn på masterstudiet i nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Agder.   Programmet sikter mot alle profesjoner der kommunikasjon og formidling gjennom ulike medier inngår. Aktuelle yrkesområder er offentlig og privat informasjonsvirksomhet, kommunikasjonsrådgivning, journalistikk og annen medievirksomhet, samt undervisning.     Fører til grad Bachelor i kommunikasjon.     Andre opplysninger OvergangsordningEksamen fra hele eller deler av årsstudiet i Språk, kommunikasjon og teknologi kan inngå i bachelorgraden i kommunikasjon etter søknad. Nordisk årsstudium eller studier innen medier og kommunikasjon vil kunne gi fritak for deler av programmet, avhengig av tidligere eksamener og pensa. Kontakt fakultetet for nærmere informasjon. Studenter som velger å ta examen philosophicum og examen facultatum på Lesbos, må ta kontakt med studieveileder for å få justert utdanningsplanen. [-]
Les mer