Universitet: Bachelorprogram i medievitskap
Universitet i Bergen
Medievitskap tek sikte på ein systematisk analyse av medieinstitusjonane og tekstar i media, av forholdet mellom publikum og medieinnhald og forholdet mellom media og samfunnet. I medievitskap kombinerer vi sosiologiske og statsvitskapelige perspektiv på massemedia med kultur- og tekstanalytiske perspektiv. Gjennom bachelorprogrammet i medievitskap blir desse teoretiske synsmåtane konfronterte med analyse av mediesamfunnet og den praktiske røynda i medieproduksjonen. Få samfunnsområde er urørt av formidling frå media. Media inngår i daglegliva våre, dei overskrid tradisjonelle sosiale skiljelinjer og nasjonale grenser, og utfordrar etablerte skilje mellom elite- og populærkulturen. Slik har media konsekvensar for identitetsdanning, kunnskapsnivå og moglegheiter for å delta aktivt i samfunnslivet. Eit sentralt utviklingstrekk i dag er konvergens mellom tradisjonelle medieteknologiar, telekommunikasjon og datateknologi. Media si rolle i offentleg meiningsdanning og i demokratiske prosessar blir endra gjennom framveksten av nye kommunikasjons- og samhandlingsformer. Dei samfunnsmessige konsekvensane av digitale teknologiar stiller medievitskapen overfor nye faglege utfordringar. I tillegg til formidling i massemedia gjer interaktive media og digitale nettverk det mogleg å få tilgang til kulturprodukt og kunnskapsbasar i ein til no ukjend skala. Bachelorprogrammet opnar for historiske og samfunnsmessige analyser av medierolla i dagens samfunn.
Oppbygging
Bachelorprogrammet i medievitskap skal innehalde minimum 20 og maksimum 30 studiepoeng innføringsemner medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor medievitskap. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag. Bachelorprogrammet dekkjer følgjande fagområde: Du kan velje inntil 60 studiepoeng fritt frå andre fag. Dette kan f.eks. vere studium frå utanlandske universitet, emne frå andre samfunnsvitskaplege fag eller fleire medievitskaplege eller informasjonsvitskaplege emne. Bachelorprogrammet i medievitskap vil da sjå slik ut: sp = studiepoeng
Utveksling
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtalar med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar.
Yrkesvegar
Ein bachelorgrad i medievitskap kvalifiserer for ei lang rekkje mediefaglege yrkesoppgåver i medieverksemder og kultur- og utdanningsinstitusjonar. Dette kan for eksempel vere innan journalistikk, administrasjon, utgreiing og rådgiving. Studiet kvalifiserer også for formidlings- og informasjonsfaglege oppgåver i den private og offentlege sektoren. Studiet kan også byggjast ut med eit masterstudium og kvalifisere for forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren.
Vidare studium
Bachelorprogrammet i medievitskap kvalifiserer for opptak til masterprogram i medievitskap. Masterprogrammet er eit toårig fordjupingsstudium som skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. Det blir lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftleg arbeid, oppgåveløysing og aktiv deltaking i undervisninga.
Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Studiepoeng
180 studiepoeng
Bachelorprogram i medievitskap
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!