Universitet: Bachelorprogram i nye medier

Universitet i Bergen

Klasserom3 årHeltidUniversitet
Start Sted Språk
Ta kontakt Bergen Norsk



Bachelorstudiet i nye medier skal kvalifisere for teoretisk reflektert og praktisk skapande formidlingsverksemd ved hjelp av nye digitale, nettverksbaserte medier. Studiet kombinerer teoretiske, analytiske og praktiske element frå medie- og informasjonsvitskap med nye, tverrfaglege komponentar. Studiet blir gjennomført i nært samarbeid med bachelorprogramma i film- og TV-produksjon og journalistikk.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i nye medier inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering. I tillegg til spesialiseringa kjem 30 studiepoeng med hovudvekt på planlegging og gjennomføring av avsluttande produksjonar (bacheloroppgåve). Studiet er sett saman av emne i medie- og informasjonsvitskap, fleire av dei praktisk retta. Derfor krev studiet aktiv deltaking i undervisninga.

Følgjande emne inngår i bachelorprogrammet:

  • Grunnkurs i informasjonsvitskap
  • Introduksjon til film, tv og nye medier
  • Brukargrensesnitt
  • Databasar
  • Multimediehandtering
  • Teknisk grunnkurs nye medier
  • Nye medier, produksjon og analyse
  • Manuskript og medier
  • Innføring i programmering

Du kan velje inntil 30 studiepoeng fritt frå andre fag. Dette kan f.eks. vere studium frå utanlandske universitet, emne frå andre samfunnsvitskaplege fag eller fleire medievitskaplege eller informasjonsvitskaplege emne.

Bachelorprogrammet i nye medier kan da sjå slik ut:

1. s Introduksjon til lm/tv/nye medier (10 sp) Grunnkurs i informasjonsvitskap (10 sp) Ex.phil. (10 sp) 2. s Teknisk grunnkurs nye medier (5 sp) Nye medier, produksjon og analyse (10 sp) Grunnkurs i programmering (10 sp) og formelle metodar for informasjonsvitskap (5 sp) 3. s Manuskript og medier (15 sp) Databasar (15 sp) 4. s Brukargrensesnitt (15 sp) Multimediehandtering (15 sp) 5. s Valfritt/delstudium i utlandet Valfritt/delstudium i utlandet 6. s Bacheloroppgåve i nye medier (30 sp) TOTALT: 180 studiepoeng (3 år)

s = semester, sp = studiepoeng

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda. I bachelorprogrammet i nye medier vil du få tilbod om utanlandsopphald som kan bli ein integrert del av graden. Delstudium i utlandet er lagt til det femte semesteret i programmet.

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i nye medier set deg i stand til sjølvstendig arbeid med formidling og kommunikasjon ved hjelp av avanserte dataverktøy og digitale, nettverksbaserte medier i både privat og offentleg sektor, frå kommersielle medier til museumssektoren, frå målretta problemløysing til kunstnarisk verksemd. Programmet samarbeider med studieprogramma i film/tv og journalistikk, og gjennom studiet blir du stilt overfor svært varierte yrkessituasjonar og arbeidsoppgåver.

Vidare studium

Bachelorprogrammet kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i informasjonsvitskap samt eit planlagt masterstudium i screenwriting for film/TV og nye medier. Masterprogrammet er eit toårig fordjupingsstudium som skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. Det blir lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftleg arbeid, oppgåveskriving og aktiv deltaking i undervisninga



Forkunnskaper


Generell studiekompetanse eller realkompetanse.



Studiepoeng


180 studiepoeng.





Be om gratis info
Bachelorprogram i nye medier hos Universitet i Bergen
Felt som er merket med * må fylles ut
Ønsket valuta *
Dato og sted *
Kursdeltakere
Hvor mange? (Gavekort)
Kampanjekoden er korrekt og rabatt er lagt til.
Fant ingen kampanje. Skrev du kampanjekoden riktig?
Kampanjekode er korrekt, men kampanjen gir ikke bedre pris enn nåværende kampanje.
Deltaker {{$index+1}}
Filen ble lastet opp
Filen ble fjernet
Laster opp... {{item.upload_progress}}%
{{ file.file.name }} Fjern
{{total_price | fprice}} kr {{currency}}
{{total_price-total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_vat | fprice}} kr {{currency}}
X

MVA per produkt:

{{arr[1]}}
Betalingsmåte *
Number: 1+2 *
Vennligst rett opp følgende og forsøk igjen
{{errors_msg}}
Sender...
Vent til opplasting av fil er ferdig

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg



 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!



Anbefalinger fra andre brukere