Fagskole: Faglærar i musik - Bachelorgrad

Nettverksuniversitetet

Klasserom3 årHeltidFagskole
Start Sted Språk
Ta kontakt Stord Norsk



 

I dette musikkstudiet legg me vekt på samanhengen mellom kunstnarisk utvikling som utøvar, lyttar og komponist, og det å formidla musikk på ein god måte. Eit viktig siktemål i studiet er difor å utvikla fagleg, kunstnarisk, pedagogisk og didaktisk kompetanse for arbeid med musikk i opplæring.

 

Arbeid med hovudinstrument, komponering/arrangering og pedagogiske emne er gjennomgåande i heile studiet. Som student blir du sett på som ein ressursperson som kan vera med å påverka studiet. Du får arbeida med både hovud- og biinstrument, og det vert arbeidd med samspel, leiing/direksjon komponering/ arrangering, ulike konsertproduksjonar, studioarbeid og liknande.

 

Gjennom rettleia praksis vil du også få prøva deg som lærar og instruktør i ulike samanhengar. Studiestad Stord har studio, konsertsal og gode øvingsrom. Du får ta del i våre internasjonale nettverk, og me dreg på studieturar til interessante musikkstader.

 

Som student ved HSH kan du ha eit opphald i utlandet i løpet av studietida. Etablerte program og samarbeidsavtalar gjer at opphaldet på tre til seks månader blir godkjent som del av ditt studium ved HSH, og du taper ikkje tid.

 

Vidare studium:

Studieprogrammet gjev grunnlag for opptak til mastergrader, slik som vår eigen mastergrad IKT i læring, og vidare musikkstudium. Du kan òg bruka delar av bachelorutdanninga i musikk til å byggja opp ei allmennlærarutdanning. Slik kan du få både ei allmennlærarutdanning og faglærarutdanning i musikk på fem år.

 

Her får du jobb:

Du får ein solid og unik kompetanse og blir kvalifisert for arbeid i grunnskule, vidaregåande skule og kulturskule. Andre moglege arbeidsstader er kor, korps, band, ensembleverksemd (arrangør, komponist, utøvar og dirigent) musikkorganisasjonar og musikkprosjekt av ulike slag.



Forkunnskaper


Anten generell studiekompetanse eller realkompetanse og gjennomføring av ei opptaksprøve



Varighet


3 år



Studiepoeng


180



 

Påmelding
Faglærar i musik - Bachelorgrad hos Nettverksuniversitetet
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

KAMPANJE!!!
Felt som er merket med * må fylles ut
Ønsket valuta *
Dato og sted *
Kursdeltakere
Hvor mange? (Gavekort)
Kampanjekoden er korrekt og rabatt er lagt til.
Fant ingen kampanje. Skrev du kampanjekoden riktig?
Kampanjekode er korrekt, men kampanjen gir ikke bedre pris enn nåværende kampanje.
Deltaker {{$index+1}}
Filen ble lastet opp
Filen ble fjernet
Laster opp... {{item.upload_progress}}%
{{ file.file.name }} Fjern
{{total_price | fprice}} kr {{currency}}
{{total_price-total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_vat | fprice}} kr {{currency}}
X

MVA per produkt:

{{arr[1]}}
Betalingsmåte *
Number: 1+2 *
Vennligst rett opp følgende og forsøk igjen
{{errors_msg}}
Sender...
Vent til opplasting av fil er ferdig

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Nettverksuniversitetet vil snart kontakte deg og bekrefte!



 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!



Anbefalinger fra andre brukere