Universitet: Masterprogram i musikkterapi
Universitet i BergenMål og innhald
Masterprogrammet i musikkterapi skal kvalifisere for musikkterapeutisk yrkesutøving i høve til førebygging, helsefremmande arbeid, terapi og rehabilitering og skal setje studenten i stand til å gå inn i forpliktande tverrfagleg samarbeid. Studiet gjev ei innføring i forsking og formidling av musikkterapi og gjev grunnlag for vidare kvalifisering for dette gjennom doktorgradsstudium. Studentane skal utvikle praktisk-metodiske kunnskapar, kreativitet og evne til kritisk refleksjon med utgangspunkt i dei verdiar og den forskingstradisjonen som pregar fagområdet. I arbeidet med masteroppgåva skal studenten på sjølvstendig vis nytte vitskaplege metodar for å granske eit teoretisk og/eller empirisk aspekt av faget.
Oppbygging av studiet
Undervisninga startar i haustsemesteret og er eit fulltidsstudium over 4 semester. Studiet er delt i ein profesjonsdel og ein vitskapleg del, som inneheld tre emne kvar. Profesjonsdelen: MUTP301: Klinisk musikkterapi (30 stp): startar i 1. semester (haust) og går over 4 semester MUTP302: Musikkterapeutisk improvisasjon og samspel (15 stp): startar i 1. semester (haust) og går over 4 semester. MUTP303: Musikkterapeutisk profesjonskunnskap og støtteteori (15 stp): startar i 1. semester (haust) og går over 3 semester. Den vitskaplege delen: MUTP311: Musikkterapiteori (15 stp): 1. semester (haust) MUTP312: Musikkterapeutisk forskingsmetode (15 stp): 2. semester (vår) MUTP350: Masteroppgåve (30 stp): 3. og 4. semester. Knytt til MUTP301 er det 270 timar praksis, som byrjar i 1. semester og blir avslutta i 3. eller 4. semester. Studiet skal normalt gjennomførast som eit samanhengande toårig studieløp. Musikkterapeutar med norsk toårig vidareutdanning i musikkterapi får innpassa denne i staden for profesjonsdelen av studiet og kan ta mastergraden ved å gjennomføre den vitskaplege delen av studiet. Dette vil normalt tilseie eit opplegg med to års deltidsstudium, med undervisning samordna med heiltidsstudentane.
Metode
Undervisninga på masterprogrammet i musikkterapi omfattar førelesingar, seminar, individuell rettleiing og praksis. Undervisninga vil i hovudsak skje på dagtid, medan praksis kan kome både på dagtid, kveldstid og i helgar. I tillegg til ordinær undervisning, kjem interne konsertar og liknande arrangement. Ut i frå målsetjinga med studiet, er det ein føresetnad at studentane er villige til å gå inn i prosessar der dei arbeider med teoretisk refleksjon, musikalsk og metodisk kompetanse og personleg utvikling knytt til rolla som terapeut og samarbeidande menneske. Det vil vere ei veksling mellom lærarstyrt undervisning, gruppearbeid og studentframlegg. Det blir såleis lagt vekt på arbeidsformer som både krev sjølvstende og evne til samarbeid og konfliktløysing. Det blir gitt kontinuerleg rettleiing av praksis. Studentane har rett til kontinuerleg rettleiing av arbeidet med masteroppgåva. All undervisning og praksis er obligatorisk, sjå emneplanane for spesifikasjon. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett. Obligatoriske undervisningsaktivitetar er spesifiserte for kvart emne og må vere godkjende før eksamen. Gjennomførte obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldige i to semester. Pensum til mastergradsstudiet i musikkterapi er på ca. 5000 s. Eiga pensumliste blir utarbeidd. Utover dette blir det forventa at studenten sjølvstendig søkjer fram til, tileignar seg og arbeider med relevant litteratur for masteroppgåva.
Yrkesvegar
Studiet skal gjere studentane skikka til å gå inn i følgjande yrkesfunksjonar: 1. Musikkterapeutisk arbeid innan helsevesenet, inklusivt pediatri, psykiatri, geriatri og hospice 2. Musikkterapeutisk og utviklingsstøttande arbeid innan førskule, skule, kulturskule og vaksenopplæring 3. Musikkterapeutisk og førebyggjande arbeid innan ulike miljøtiltak, som barne- og ungdomsarbeid, fengsel og ulike typar interesseorganisasjonar 4. Forsking i og formidling av musikkterapi.
Forkunnskaper
Opptakskrav:
Bachelorgrad med relevant fordjuping etter to alternativ. Alternativ a: Minimum 45 sp musikk + årsstudiet i musikkterapi med valemne i psykologi. Alternativ b: Minimum 30 sp musikk og minimum 15 sp psykologi + årsstudiet i musikkterapi med valemne i musikkfag. Kravet til forkunnskapar i psykologi kan dekkjast på ulike måtar, t.d. gjennom psykologikomponentar i pedagogikkfaget i ei lærar-/førskuleutdanning eller av psykologiemne i ei sjukepleie-, vernepleie-, barnevernspedagog- eller sosionomutdanning. Alternativt opptaksgrunnlag er utanlandsk bachelorgrad i musikkterapi. Opptaksprøve for alle søkjarar
Studiepoeng
120 Studiepoeng.
Masterprogram i musikkterapi
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!