Høgskole: Naturfag
Høgskulen i Sogn og FjordaneDette lærer du
* Du kan setje saman ditt eige årsstudium ut frå eiga interesse
* Plukk og miks emne frå tabellen nedanfor
* Du får vere mykje ute i undervisingssamanheng , og det blir arrangert ekskursjonar til brear, fjell, fjordar og dalar i Sogn og Fjordane
Oppbygging av studiet
* I studiemodellen nedanfor finn du døme på kombinasjonar av emne. Vi tilrår at du kombinerer fag med tanke på seinare bruk
* Du kan òg velje å ta brekurset på 6 studiepoeng som del av årsstudiet i naturfag
* Emna vert undervist etter kvarandre og vert avslutta med ei evaluering etter kvart emne
* Arbeidsmengda i kvart emne tilsvarar 10 studiepoeng
* For å få godkjent årsstudiet i naturfag må du ta emne som til saman utgjer 60 studiepoeng.
Etterpå...
* Studiet kan gå inn som del av ein bachelorgrad eller gi grunnlag for fritak ved tilsvarande høgskule- eller universitetsstudium
* Det er gode overgangsordningar til universiteta
* Naturfag er eit skulerelevant fag og ved å velje naturfagdidaktikk på 5 studiepoeng, kan årsstudiet gå inn i den valfrie delen av den fireårige allmennlærarutdanninga
Forkunnskaper
Generell studiekompetanse med fordjuping i naturfag, det vil seie 3MX (eventuelt 3MZ + 3FY/3KJ/3BI (2KJ+3BT)/(2BI+3BT). Studentane vel kombinasjon av emne ved studiestart. Studiet er ope sor studentar med opptak til allmennlærarutdanninga, og kan takast som del av denne.
Studiepoeng
60
Naturfag
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!