Høgskole: About Norway in Norway - Norwegian Economy, Welfare Politics and Language
Høgskulen i Sogn og FjordaneHar du lyst til å lære norsk språk? Lære meir om norsk samfunnsliv og økonomi? Få praktisert engelsk?
Dette lærer du
Studiet er sett saman av tre emne innan norsk språk og norske samfunnstilhøve. Emna blir undervist på engelsk. Du kan velje å ta heile studiet eller berre einskildemne. Dei tre faste emna i studiet er:
EVERYDAY NORWEGIAN FOR FOREIGNERS 10 ECTS
Emnet skal gi internasjonale studentar øving i norsk daglegtale, enkel tekstskriving, litt opplæring i grammatikk og noko kjennskap til norsk språk og kultur. Emnet blir berre undervist for utanlandske studentar.
NORWEGIAN ECONOMY 10 ECTS
Emnet skal gje studentane kjennskap til norsk økonomisk utvikling etter 1950 og hovudtrekk i den noverande økonomiske situasjonen i landet. Andre tema vil vere økonomistyring, utviklinga på arbeidsmarknaden og handel med utlandet.
NORWEGIAN WELFARE POLITICS 10 ECTS
Emnet skal gje studentane grunnleggjande kjennskap til den norske velferdsstaten. Studentane får kunnskap om korleis den norske velferdsmodellen har utvikla seg, og det blir gjort samanlikningar med andre europeiske velferdssystem. Den norske helse- og sosialpolitikken utgjer viktige område i dette emnet.
Oppbygging av studiet
Det blir forelesingar, gruppearbeid og skriving av individuelle oppgåver.
Forkunnskaper
Generell studiekompetanse unntatt norsk (nordiske søkjarar må ha generell studiekompetanse) / realkompetanse
Studiepoeng
30
Målgruppe
Studiet kan til dømes vere av interesse for flyktningar og innvandrarar busett i Noreg.
About Norway in Norway - Norwegian Economy, Welfare Politics and Language
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!