Pedagogikk
Pedagogikk utdanning
Du har valgt: Hordaland
Nullstill
Filter
Ferdig

-

1 treff ( i Hordaland ) i Pedagogikk utdanning

Sorter på søkerangering, kursnavn, pris, sted, kursdato


Bergen 3 år
På forespørsel
Eit bachelorstudium i pedagogikk vil gi deg eit kunnskapsfundament som vil kvalifisere for praktisk arbeid knytt til opplæring, personalarbeid og utvikling i ulike typar... [+]
  Studiet inneheld 30 studiepoeng innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng med spesialisering (1½ års studium) innanfor pedagogiske fag. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag. Studiet er bygd opp av dei følgjande emna: Det første semesteret består av tre emne: 1) EX.PHIL., 2) EXFAC03P. og 3) POH100: innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid. Desse emna gir ei grunnleggjande innføring i ulike tenkjemåtar kring kunnskap og vitskap generelt, ein introduksjon til fagspesifikk historie og vitskapsteori, og ei innføring i faget pedagogikk og helsefremjande arbeid. PED111: Pedagogisk filosofi gir ei grunnleggjande innføring i pedagogisk filosofi og idéhistorie der omgrepa kunnskap, danning og medborgarskap utgjer sentrale kategoriar. PED112: Kommunikasjon, IKT og formidling gir ei grunnleggjande innføring i generell og spesifikk kommunikasjonsteori. PSYK202A/B: Forskingsmetodar gir ei generell innføring i grunnleggjande metodisk tenking og fokuserer på ulike tradisjonar innanfor utdanningsvitskapleg forsking. PED114: Utdanning i eit samfunn i endring retter merksemda mot oppgåva og funksjonen utdanningsinstitusjonar har i samfunnet ut frå eit historisk, sosiologisk, kulturelt og politisk perspektiv. PED211: Læring og pedagogiske prosessar gir ei innføring i forholdet mellom kunnskap, læring og læringsprosessar i ulike kontekstar. PED212: Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva lærer du korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid blir bygd opp. Du utviklar ein vitskapleg tenkje- og arbeidsmåte og lærer kva for krav som blir stilte til eit større skriftleg produkt. Blant valfrie emne kan du velje så godt som alle fag på høgskole- og universitetsnivå. Vi rår deg til å ta fag innan samfunnsvitskap, humaniora, psykologi og helsefag. Nedanfor ser du korleis bachelorprogrammet i pedagogikk er lagt opp. 1. semester: EXPHIL Examen philosophicum (10 sp) EXFAC03P Examen facultatum, psykologi (10 sp) POH100 Innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid (10 sp) 2. semester: PED111 Pedagogisk filosofi (15 sp) PED112 Kommunikasjon, IKT og formidling (15 sp) 3. semester: PED114 Utdanning i eit samfunn i endring (15 sp) Valfritt emne (15 sp) 4. semester: PED211 Læring og pedagogiske prosessar (15 sp) PSYK202A Forskingsmetodar (15 sp) 5. semester Valfritt emne (15 sp) Valfritt emne (15 sp) 6. semester Valfritt emne (15 sp) PED212 Bacheloroppgåve (15 sp) Utveksling Det er i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Det er ein fordel om du reiser ut når du tar den valfrie delen av programmet (sjå oversikta). Yrkesvegar Eit bachelorstudium i pedagogikk vil gi deg eit kunnskapsfundament som vil kvalifisere for praktisk arbeid knytt til opplæring, personalarbeid og utvikling i ulike typar institusjonar. Som pedagog vil du tileigne deg kunnskap om og forståing for kommunikasjon, kunnskap og læring i eit kulturelt og samfunnsmessig perspektiv. Gjennom slik innsikt vil du kunne bidra konstruktivt i ei rekkje utviklingsprosessar. Universitetsutdanna pedagogar arbeider for eksempel i media, med kulturformidling, som opplæringsleiarar eller pedagogiske konsulentar, og i liknande yrke både i offentleg og privat sektor. Fellesnemnaren for dei ulike yrkesvegane er at innsikt i og forståing av forholda mellom læring, kunnskap og kommunikasjon er etterspurt. Vidare studium Bachelorprogrammet kvalifiserer for opptak til masterstudium i pedagogikk. [-]
Les mer