Høgskole: Bachelor i Pedagogikk
Norsk Lærerakademi (NLA)Pedagogikkstudiet kan fungere både som allmenndanning, forberedelser til en rekke ulike yrker og som kvalifiserende for pedagogisk forskning og utviklingsarbeid.
Gjennom studiet i pedagogikk ved NLA Høgskolen vil det bli lagt vekt på en klargjøring og drøfting av de ulike verdivalgene som oppdragelse og undervisning fører med seg. En ønsker å se disse verdivalgene i sammenheng.
Pedagogikkstudiet ved NLA Høgskolen gir anledning til fordypning innen spesialpedagogikk, migrasjonspedagogikk og pedagogisk ledelse.
NLA har hatt undervisning og eksamener i pedagogikk siden 1976, og har høstet mange lovord for undervisningstilbudene i dette faget.
Mål
Pedagogikk er læra eller vitskapen om oppseding og undervisning. Pedagogikk er ein praktisk vitskap fordi utgangspunktet vil vere den konkrete oppsedings- og undervisningssituasjonen og normer for handling i denne.
Den pedagogiske vitskapen vil sjeldan kunna gje enkle, fullstendige eller objektivt rette svar på kva som er den beste pedagogiske handlinga eller praksisen. Likevel vil det vere eit sentralt siktepunkt for pedagogikkstudiet å gje den enkelte studenten grunnlag for ei rettast og best mogeleg reflektert handling i den konkrete oppsedings- og undervisingssituasjonen.
Pedagogikken hentar kunnskapar og synspunkt frå ei rekkje ulike vitskapar som t.d. filosofi, psykologi, sosiologi, historie og teologi. Det er likevel nødvendig å setje denne kunnskapen inn i ei pedagogisk ramme før han blir brukt i oppseding og undervisning.
Studiet i pedagogikk skal også gje ei forståing av kva kunnskap er, kva metodar som blir brukte til å hente kunnskap i ulike samanhengar, og kva ein meiner med at ulike typar kunnskap er gyldig på ulike måtar.
Praktiske pedagogiske situasjonar representerer mange personlege utfordringar, og studiet vil søkje å medverke til auka sjølvinnsikt og sjølvforståing hjå den enkelte studenten. Studiet i pedagogikk vil vidare gje ei innføring i kva forståing og innsikt inneber, og korleis forståing og innsikt kan aukast på ulike kunnskapsfelt
Forkunnskaper
Generell studiekompetanse.
Varighet
3 år
Målgruppe
Faget pedagogikk kan inngå i ein akademisk grad. For lærarar i skoleverket med praktisk-pedagogisk grunnutdanning er pedagogikkfaget ei vidareutdanning som både gjev formell og reell kompetanse.
Pedagogikkstudiet kan fungere som kvalifisering for pedagogisk forsking og utviklingsarbeid.
Alle i samfunnet har eit medansvar for å hjelpe den oppveksande generasjonen, og svært mange har eit direkte ansvar som foreldre og som leiarar i frivillig barne- og ungdomsarbeid. I slike samanhengar vil pedagogisk innsikt kunne kome til nytte.
Målgruppe er studentar som ynskjer eit studium av pedagogikk generelt eller eit spesielt emne innan faget, og for studentar som ynskjer å gå vidare på ein mastergrad i pedagogikk.
Bachelor i Pedagogikk
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!