Universitet: Bachelorprogram i pedagogikk
Universitet i BergenStudiet inneheld 30 studiepoeng innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng med spesialisering (1½ års studium) innanfor pedagogiske fag. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag. Studiet er bygd opp av dei følgjande emna:
- Det første semesteret består av tre emne: 1) EX.PHIL., 2) EXFAC03P. og 3) POH100: innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid. Desse emna gir ei grunnleggjande innføring i ulike tenkjemåtar kring kunnskap og vitskap generelt, ein introduksjon til fagspesifikk historie og vitskapsteori, og ei innføring i faget pedagogikk og helsefremjande arbeid.
- PED111: Pedagogisk filosofi gir ei grunnleggjande innføring i pedagogisk filosofi og idéhistorie der omgrepa kunnskap, danning og medborgarskap utgjer sentrale kategoriar.
- PED112: Kommunikasjon, IKT og formidling gir ei grunnleggjande innføring i generell og spesifikk kommunikasjonsteori.
- PSYK202A/B: Forskingsmetodar gir ei generell innføring i grunnleggjande metodisk tenking og fokuserer på ulike tradisjonar innanfor utdanningsvitskapleg forsking.
- PED114: Utdanning i eit samfunn i endring retter merksemda mot oppgåva og funksjonen utdanningsinstitusjonar har i samfunnet ut frå eit historisk, sosiologisk, kulturelt og politisk perspektiv.
- PED211: Læring og pedagogiske prosessar gir ei innføring i forholdet mellom kunnskap, læring og læringsprosessar i ulike kontekstar.
- PED212: Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva lærer du korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid blir bygd opp. Du utviklar ein vitskapleg tenkje- og arbeidsmåte og lærer kva for krav som blir stilte til eit større skriftleg produkt.
- Blant valfrie emne kan du velje så godt som alle fag på høgskole- og universitetsnivå. Vi rår deg til å ta fag innan samfunnsvitskap, humaniora, psykologi og helsefag.
Nedanfor ser du korleis bachelorprogrammet i pedagogikk er lagt opp.
1. semester:
- EXPHIL Examen philosophicum (10 sp)
- EXFAC03P Examen facultatum, psykologi (10 sp)
- POH100 Innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid (10 sp)
2. semester:
- PED111 Pedagogisk filosofi (15 sp)
- PED112 Kommunikasjon, IKT og formidling (15 sp)
3. semester:
- PED114 Utdanning i eit samfunn i endring (15 sp)
- Valfritt emne (15 sp)
4. semester:
- PED211 Læring og pedagogiske prosessar (15 sp)
- PSYK202A Forskingsmetodar (15 sp)
5. semester
- Valfritt emne (15 sp)
- Valfritt emne (15 sp)
6. semester
- Valfritt emne (15 sp)
- PED212 Bacheloroppgåve (15 sp)
Utveksling
Det er i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Det er ein fordel om du reiser ut når du tar den valfrie delen av programmet (sjå oversikta).Yrkesvegar
Eit bachelorstudium i pedagogikk vil gi deg eit kunnskapsfundament som vil kvalifisere for praktisk arbeid knytt til opplæring, personalarbeid og utvikling i ulike typar institusjonar. Som pedagog vil du tileigne deg kunnskap om og forståing for kommunikasjon, kunnskap og læring i eit kulturelt og samfunnsmessig perspektiv. Gjennom slik innsikt vil du kunne bidra konstruktivt i ei rekkje utviklingsprosessar.
Universitetsutdanna pedagogar arbeider for eksempel i media, med kulturformidling, som opplæringsleiarar eller pedagogiske konsulentar, og i liknande yrke både i offentleg og privat sektor. Fellesnemnaren for dei ulike yrkesvegane er at innsikt i og forståing av forholda mellom læring, kunnskap og kommunikasjon er etterspurt.
Vidare studium
Bachelorprogrammet kvalifiserer for opptak til masterstudium i pedagogikk.Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Studiepoeng
180 Studiepoeng
Bachelorprogram i pedagogikk
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!