Høgskole: Masterstudium i Politivitenskap
PolitihøgskolenGjennom det nye masterstudiet kan Politihøgskolen møte behovet for høgare analyse- og forskingskompetanse i politi- og lensmannsetaten.
Masterstudiet ved Politihøgskolen har vore under planlegging i nærmare ti år. I denne perioden er staben ved skolen styrkt med fleire professorar, førsteamanuensar og doktorgradsstipendiatar. Dei første studentane begynte på Politihøgskolen i september 2006.
Deltakarane må ha anten politihøgskole eller juridisk embetseksamen, alternativt treårig høgskoleutdanning/bachelorgrad. Det krevst minst tre års relevant praksis. Studiet rettar seg primært mot personar med politiutdanning og arbeidspraksis frå politiet, men andre tilsette i politiet, tolletaten, kriminalomsorga eller kriminalitetsførebyggjande verksemd kan også søkje.
Masterstudiet er et deltidsstudium over 3 år (6 semestre). Undervisninga er organisert i samlinger over to til tre dagar a 16 undervisningstimar. Studentane skal igjennom 6000 sider med pensum til saman, og av dette er ein stor del på engelsk.
Første studieåret
Første studieåret tek til med ei innføring i i politivitskap (15 studiepoeng) deretter følger modulen vitskapsteori, forskingsmetode og forskingsetikk (15 studiepoeng).
I det andre og tredje semesteret skal studentane velje éin av tre fordjupingsmodular, kvar på 30 studiepoeng. Politihøgskolen tilbyr to modular: politiarbeid i lokalsamfunnet og organisert kriminalitet og terrorisme (3A og 3B). Den tredje modulen (3C) er sett saman av ”units” (mindre modular) frå politirelevante masterstudium som blir gitt ved universiteta i Leicester og Portsmouth.
Deler av undervisninga i første, andre og tredje semester er obligatorisk. Undervisninga er samansett av forelesningar, seminar og gruppearbeid. Det er ein føresetnad at studentane tek aktivt del i læringsmiljøet ved at dei mellom anna trekkjer inn erfaringar frå praksisen sin og analyserer dette ved hjelp av relevant teori.
Andre og tredje studieår
Den andre delen av studiet er i hovudsaka vigd til sjølvstendig arbeid innanfor det feltet studenten vel for masteroppgåva si. Kvar student får oppnemnt ein rettleiar og legg opp arbeidet saman med rettleiaren. Det blir gjennom året felles samlingar som tek opp aktuelle faglege og metodiske spørsmål. I samlingane vil studentane få drøfta det arbeidet dei gjer i samband med oppgåvene sine. Det andre studieåret skal også brukast til litteraturstudium. Studentane har ansvar for å leggje opp ei sjølvvald pensumliste på 2000 sider.
Forkunnskaper
- politihøgskolen/politiskolen eller juridisk embetseksamen
- minst tre års praksis frå politiet
- minst tre års relevant høgskole- eller universitetsutdanning, tilsvarande bachelorgrad
- minst tre års relevant arbeidserfaring i politi, toll, kriminalomsorg eller kriminalitetsførebyggjande arbeid
Studiepoeng
120p
Masterstudium i Politivitenskap
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!