Kursguide
Utdanning
Søk

kurs > Religionsundervisning > Masterprogram i religionsvitskap

Universitet: Masterprogram i religionsvitskap

Universitet i Bergen

Form
Klasserom

Varighet
2 år

Deltid
Nei

Heltid
Ja

Nivå
Universitet


Bookmark and Share
Dette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.
 

Religionsvitskap er det historiske og systematiske studiet av religion som eit kulturelt fenomen. Perspektivet er krysskulturelt, og ei samanliknande tilnærming er innebygd i studiet. Denne tilnærminga inneber at faget er meir enn separate studiar av dei enkelte religionane.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet omfattar ein kursdel på til saman 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Eit masterprogram i religionsvitskap kan sjå slik ut:

 

Eit masterprogram i religionsvitskap kan sjå slik ut:

 

1. semester:
RELV301 - Religionsvitskapleg teori 15 sp
RELV306 - Religionsvitskaplege forskningsmetodar 15sp

 

2. semester:
RELV302 - Spesialiseringsemne 15 sp
RELV303 - Frie studiepoeng 15 sp

 

3. og 4. semester:
RELV350 - Masteroppgåve 60 sp

sp= studiepoeng

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig arbeid som utforskar ei relevant problemstilling i religionsvitskap. Oppgåva skal også vise forståing og refleksjon, og kunne kombinere teoretiske, metodiske og religionsvitskaplege perspektiv. Alle masterstudentar ved instituttet har rett til individuell rettleiing, og tildelinga skjer tidleg i fyste semester. I utgangspunktet kan tema for oppgåva veljast fritt i samråd med rettleiaren, innanfor dei totale rammene til faget og ut frå eigne interesser og faglege føresetnader. Rettleiaren skal gi råd om formuleringar og avgrensing av emnet for oppgåva, og hjelpe til med ein framdriftsplan og opplegg for arbeidet.

Metode

Religionsvitskap er tverrfagleg og nyttar ulike metodar avhengig av studieobjekt og problemstilling. Dei mest vanlege metodane i arbeidet med masteroppgåvene er intervju og feltarbeid samt den historisk-filologiske metoden for tekst- og bilettolking.

Yrkesvegar

Ein mastergrad i religionsvitskap kvalifiserer til undervisning i den vidaregåande skolen og på høgare nivå, og for variert arbeid både i offentleg og privat sektor. Utdanninga er også relevant for arbeid innanfor konsulentverksemd, kulturliv, media og i stillingar der dokumentert evne til skriftleg og munnleg formidling og innsikt i forskingsmetodane til religionsvitskapen er relevante. Andre yrkesrelevante områdar er u-lands-, foreinings- og organisasjonsarbeid, og studiet kan dessutan danne grunnlaget for ei forskarutdanning i religionsvitskap.

 




Forkunnskaper


Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Sjå studere.uib.no/master-hf for meir om opptakskrav.

Studiepoeng


120 Studiepoeng

Påmelding
Masterprogram i religionsvitskap
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Dato og sted *

Firma

Eventuell referanse

Telefon *

Faks

Fakturaadresse *

Postnummer *

Poststed *

Ønsker bekreftelse per




Kursdeltakere


Deltaker 1

Navn *

E-post *



Kommentarer og spørsmål



Number: 1+2 *
Send Påmelding til Kursholder

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg






 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!


Anbefalinger fra andre brukere



Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook