Universitet: Årsstudium - religionsvitskap

Universitet i Bergen

Klasserom1 årHeltidUniversitet
Start Sted Språk
Ta kontakt Bergen Norsk



Fagleg innhald

Religion er det historiske og systematiske studiet av religion som kulturelt fenomen. Perspektivet er krysskulturelt, og ei samanliknande tilnærming er innebygd i studiet. Faget grip inn i ei rekkje samfunnstilhøve, noko som også kan sjåast i emna for undervisning og forsking: Religion og politikk, religion og menneskerettar, religion og kultur, religion og internasjonale relasjonar, religion og modernitet, religion og humor, religion og kjønn, religion og vald

Oppbygging

Studiet er sett saman av fire emne, kvart på 15 studiepoeng. Du studerar to emne kvart semester.

 

RELV101 - Systematisk religionsvitskap (HAUST)

I dette emnet skal studenten verta kjend med diskusjonane omkring sjølve religionsomgrepet, faget religionsvitskap, samanlikning, religionsfenomenologi, religionshistorie, og symbol, myte, rite, og kjønnsperspektiv, samt viktige religionssosiologiske og religionspsykologiske problemstillingar, og religion og politikk.

 

Pensum omfattar om lag 1000 sider. Undervisning skjer i form av forelesingar. Dersom ressursane tillet det vert det organisert kollokviegrupper leia av mastergradstudentar.

 

Eksamen består av ei skriftleg prøve (essay) på seks timar.

 

 

RELV102 Kristendommen, jødedommen og islam (HAUST)

 

Emnet omfattar religionane kristendommen, jødedommen og islam, og legg vekt på desse tre nærskylde religionane sine opphav og utvikling, deira gjensidige påverknader og brytningar, og deira samspel med kulturen elles. Særleg vekt er lagt på kristendommen på grunn av denne religionens sentrale stilling i europeisk og norsk religionshistorie. Studenten skal også studera eit utval tekstar knytta til dei enkelte religionane. Pensum omfattar om lag 1000 sider. Undervisning i form av forelesingar. Dersom ressursane tillet det vert det organisert arbeidsseminar og kollokviegrupper felles med RELV101. Eksamen har tre komponentar: 1. Skriftleg komponent: Studenten skal til fastsette tider levera tre oppgåver som det vert gitt tilbakemelding på. 2. Aktiv deltaking i eit internettbasert debattseminar (KARK) og skriftlege kommentarar til andre studentar sine oppgåver. 3. 25% av dei studentane som har oppfylt komponent 1 og 2 ovanfor vil verta tilfeldig trekte ut for ei munnleg prøve med eigen karakter.

 

 

RELV103 / Hinduismen, buddhismen og andre religionar (VÅR)

 

Emnet omfattar religionane hinduismen, buddhismen, sikhisme, jainisme, zarathustrismen, og kinesiske og japanske religionar. Særleg vekt er lagt på hinduismen og buddhismen pga. deira spesielle betydning i religionshistoria og i dag. Studenten skal gjennom studiet tileigna seg eit oversyn over historia til og gode kunnskapar om dei to store religiøse tradisjonane hinduismen og buddhismen, og kunnskapar om historia og særtrekk til dei andre religionane. Studenten skal også studera eit utval tekstar knytta til hinduismen og buddhismen. Pensum omfattar om lag 1000 sider. Undervisning skjer i form av forelesingar. Dersom ressursane tillet det vert det organisert arbeidsseminar og kollokviegrupper, leia av timelærarar eller undervisningsassistentar.

 

Eksamen består av ei skriftleg prøve på seks timar. Prøva består av både eit essay og av 10 spørsmål som skal svarast på kort. Begge eksamensdelane må vera bestått.

 

 

RELV105 / Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion (VÅR)

 

Emnet gir ei innføring i Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, herunder egyptisk og mesopotamisk religion, gresk og romersk religion, og norrøn og samisk religion. Studenten skal gjennom studiet tileigna seg grunnleggande kunnskapar om dei nemnde religionane. Studenten skal også studera eit utval tekstar knytta til dei enkelte religionane.

Pensum omfattar om lag 1000 sider. Undervisning skjer i form av forelesingar. Dersom ressursane tillet det vert det organisert arbeidsseminar og kollokviegrupper, leia av timelærarar.



Forkunnskaper


Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Studiepoeng


60 Studiepoeng

Målgruppe


 

-Studentar som skal ha påbygging på annan utdanning

-Dei som treng fagleg vidareutdanning

-Førebuing til annan utdanning (f.eks. studiar i utlandet)





Be om gratis info
Årsstudium - religionsvitskap hos Universitet i Bergen
Felt som er merket med * må fylles ut
Ønsket valuta *
Dato og sted *
Kursdeltakere
Hvor mange? (Gavekort)
Kampanjekoden er korrekt og rabatt er lagt til.
Fant ingen kampanje. Skrev du kampanjekoden riktig?
Kampanjekode er korrekt, men kampanjen gir ikke bedre pris enn nåværende kampanje.
Deltaker {{$index+1}}
Filen ble lastet opp
Filen ble fjernet
Laster opp... {{item.upload_progress}}%
{{ file.file.name }} Fjern
{{total_price | fprice}} kr {{currency}}
{{total_price-total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_vat | fprice}} kr {{currency}}
X

MVA per produkt:

{{arr[1]}}
Betalingsmåte *
Number: 1+2 *
Vennligst rett opp følgende og forsøk igjen
{{errors_msg}}
Sender...
Vent til opplasting av fil er ferdig

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg



 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!



Anbefalinger fra andre brukere