Kursguide
Utdanning
Søk

kurs > Retorikk > Bachelorprogram i retorikk

Universitet: Bachelorprogram i retorikk

Universitet i Bergen

Form
Klasserom

Varighet
3 år

Deltid
Nei

Heltid
Ja

Nivå
Universitet


Bookmark and Share
Dette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.
 

Retorikk er læra om formålstenleg kommunikasjon. Det er læra om korleis ein på ein overtydande måte appellerer til sine medmenneske. Anten du diskuterer med venner, held ein politisk tale, skriv ein omtale eller utviklar ei reklamekampanje, så praktiserer du retorikk. Heilt frå Aristoteles og sofistane til kommunikasjonsforskinga i våre dagar har mennesket prøvd å greie ut korleis vi påverkar kvarandre. Kvifor blir vi påverka og overtydde av enkelte, men ikkje av andre? Kva gjer ei form for retorikk formålstenleg eller overtydande og ei anna problematisk eller ineffektiv?

 

Studieprogrammet gir ei historisk og systematisk innføring i retorikken som generell kommunikasjons- og argumentasjonslære. Vi ser på retorikken i forhold til kulturelle, historiske og situasjonelle tilhøve. Vi drøftar retorikkens forhold til sjangrar, medium og formidlingsmåtar. Og vi går tett på retorikk som argumentasjon, estetikk og etikk.

 

Som kommunikasjonslære har retorikken vakse fram frå praksis. Ein har observert kvifor enkelte lukkast og andre feilar. Ut frå dette har ein laga teoretiske retningslinjer for den gode og den effektive kommunikasjonen. Retorikkprogrammet er ikkje ei profesjons- eller praksisutdanning, men programmet ønskjer å føre forbrødringa mellom teori og praksis vidare ved også å la deg jobbe med praktiske kommunikasjonsoppgåver der du får øvd opp din eigen formidlingskompetanse.

 

Føremålet med studieprogrammet i retorikk er:

- å gi deg innsikt i utviklinga av det retoriske fagfeltet frå antikken fram til dagens mediesamfunn.

- å gi deg innsikt i sentrale teoriar på feltet frå dei klassiske innføringane i kunsten å tale til aktuelle nyretoriske framstillingar, samt retorikken i vår tids medium.

- å gi deg kompetanse i retorisk analyse og evaluering av ulike tekstformer og sjangrar.

- å gi deg kompetanse i praktisk retorisk kommunikasjon og formidling.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i retorikk skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor eitt av programfaga eller ein godkjend fagkombinasjon. Det første semesteret skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium, og inneheld tre emne. Akademisk skriving gir deg teoretisk innføring og praktisk øving i å lese og produsere akademiske tekstar. Examen philosophicum gir deg ei innføring i sentrale spørsmål som gjeld kunnskap, moral, venleik, språk, tolking og logikk. Det siste emnet er tekst og kultur, som gir deg ei oversikt over mangfaldet i og samanhengane mellom ulike fag.

Dei siste 60 studiepoenga er obligatoriske programemne og valfrie emne. I det første semesteret introduserer examen philosophicum generelle, retoriske problemstillingar, medan emnet akademisk skriving introduserer visse aspekt av allmenn og praktisk retorikk. I det andre semesteret må du følgje det obligatoriske emnet i allmenn og praktisk retorikk. Emnet gir eit felles grunnlag for dei resterande valfrie retorikkemna. Samstundes må du ta eit emne i spesialiseringsfaget ditt. I kvart av dei følgjande fem semestra vel du eit retorikkemne i kombinasjon med eit emne frå faget du spesialiserer deg i. Retorikkemnet i spesialiseringsfaget er obligatorisk.

 

Bachelorprogrammet i retorikk vil da kunne sjå slik ut:

 

1. semester (haust) Examen philosophicum (10 studiepoeng), Akademisk skriving (10 studiepoeng), Tekst og kultur (10 studiepoeng)


2. semester (vår) Allmenn og praktisk retorikk + Spesialiseringsfag


3. semester (haust) Valfritt retorikkemne + Spesialiseringsfag


4. semester (vår) Retorikkemne i spesialiseringsfaget + Spesialiseringsfag


5. semester (haust) Valfritt retorikkemne eller frie studiepoeng + Spesialiseringsfag


6. semester (vår) Utveksling + Spesialiseringsfag

(Val av spesialiseringsfag kan påverke rekkjefølgja av retorikkemna.)

I haustsemesteret kan du velje mellom følgjande valfrie retorikkemne:

- Førmoderne visuell retorikk

- Klassisk retorikk

- Medieretorikk (annankvar haust)

- Vår tids visuelle retorikk (annankvar haust)

I vårsemesteret kan du velje mellom følgjande valfrie retorikkemne:

- Nordisk retorikk

- Litteraturvitskapleg retorikk

Utveksling

Delstudium i utlandet passar best i det sjette semesteret. Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Når det gjeld bachelorprogrammet i retorikk, vel vi i tillegg ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for deg. Dette kan til dømes vere retorikkstudiet i København. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden. Valet av utanlandsopphald blir teke i samråd med studierettleiaren.

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i retorikk gir både allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkessamanhengar og spesialkunnskap i formidling og kommunikasjon. Studiet gir deg allmenn kompetanse i å analysere, evaluere og produsere formålstenleg kommunikasjon. Dette kan til dømes vere kunnskap og kompetanse som er nyttig for deg som ønskjer å jobbe med informasjons- og kommunikasjonsarbeid, undervisning, reklame, journalistikk og ei rekkje former for skribent- og tekstarbeid.

Ved påbygging til mastergrad får du kvalifikasjonar for vidare studium og for forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

 

Spesialisering

 

Som spesialisering kan du velje mellom følgjande fag:

- Kunsthistorie

- Latin eller gresk

- Litteraturvitskap

- Medievitskap

- Nordisk




Forkunnskaper


Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Studiepoeng


180

Påmelding
Bachelorprogram i retorikk
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Dato og sted *

Firma

Eventuell referanse

Telefon *

Faks

Fakturaadresse *

Postnummer *

Poststed *

Ønsker bekreftelse per




Kursdeltakere


Deltaker 1

Navn *

E-post *



Kommentarer og spørsmål



Number: 1+2 *
Send Påmelding til Kursholder

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg






 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!


Anbefalinger fra andre brukere



Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook