Universitet: Masterprogram i russisk
Universitet i BergenDette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.
Masterprogrammet i russisk skal utvide og styrkje den språklege kompetansen, både munnleg og skriftleg, og elles auke dei teoretiske kunnskapane og øve opp evna til kritisk refleksjon. Studiet skal også gi ei grunnleggjande forskarskolering som set deg i stand til å diskutere og løyse faglege problemstillingar under rettleiing, særleg i samband med masteroppgåva. Masterprogrammet har to linjer, ei språkleg og ei litterær.
Studiet byggjer på fullført bachelorgrad eller tilsvarande utdanning frå Noreg eller utlandet. Bachelorstudiet må omfatte ei spesialisering i russisk på minst 90 studiepoeng. Dersom du har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng spesialisering/fordjuping, kan dette etter fagleg vurdering bli akseptert som opptaksgrunnlag.
120
Oppbygging av studiet
Eit masterprogram i russisk kan sjå slik ut:
1. semester
RUS301 - Russisk språkhistorie og språkstruktur (15 stp)
RUS302 - Tekst og skriftleg russisk (15 stp)
2. semester
RUS303 - Emnekrins (15 stp)
RUS304 - Teorikurs (litteratur (15 stp) eller RUS305 - Teorikurs (språk) (15 stp)
3. og 4. semester
RUS350 - Masteroppgåve (60 stp)
Masteroppgåve
Du kan velje om du vil skrive ei masteroppgåve innanfor russisk lingvistikk, litteraturvitskap eller kulturhistorie. Masteroppgåva skal skrivast om eit sjølvvalt emne som rettleiaren skal godkjenne. I oppgåva må du dokumentere at du har evne til sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeid og at du meistrar framstillings- og dokumentasjonsteknikken som høver for emnet. Rettleiing i masteroppgåva er obligatorisk. Instituttet tilbyr rettleiing i eit breitt spekter av emne, men ein må ta atterhald om at det ikkje er kapasitet til å gi rettleiing i alle emne.Yrkesvegar
Masterprogrammet i russisk kvalifiserer til undervisning på høgare nivå og for variert arbeid både i offentleg og privat sektor på felt der det internasjonaliserte samfunnet set høge krav til språk- og kulturkunnskapar. Andre yrkesvegar kan vere arbeid innanfor formidling, forlagsverksemd og omsetjing. Studiet kan dessutan danne grunnlag for forskarutdanning i russisk lingvistikk, litteraturvitskap eller kulturforsking.Forkunnskaper
Studiet byggjer på fullført bachelorgrad eller tilsvarande utdanning frå Noreg eller utlandet. Bachelorstudiet må omfatte ei spesialisering i russisk på minst 90 studiepoeng. Dersom du har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng spesialisering/fordjuping, kan dette etter fagleg vurdering bli akseptert som opptaksgrunnlag.
Opptakskrav
Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.Studiepoeng
120
Påmelding
Masterprogram i russisk
Masterprogram i russisk
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Felt som er merket med * må fylles ut
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!