Økonomikurs
Samfunnsøkonomi
Du har valgt: Hordaland
Nullstill
Filter
Ferdig

-

5 treff ( i Hordaland ) i Samfunnsøkonomi

Sorter på søkerangering, kursnavn, pris, sted, kursdato


Bergen 3 år
På forespørsel
Samfunnsøkonomi dreiar seg om korleis vi bruker ressursane våre, anten det gjeld naturressursar, arbeidskraft eller produksjonsutstyr. [+]
  Samfunnsøkonomi dreiar seg om korleis vi bruker ressursane våre, anten det gjeld naturressursar, arbeidskraft eller produksjonsutstyr. Vi undersøkjer korleis økonomien eigentleg fungerer, både vår heimlege blandingsøkonomi, dei økonomiske tilhøva i andre land og verdsøkonomien. Vi analyserer også utsiktene for å kunne auke verdiskapinga og fordele resultatet på ein meir rettferdig måte, kort sagt korleis vi kan gjere verda til ein betre stad å vere!   Samfunnsøkonomien tek opp problemstillingar som strekkjer seg frå samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon, til kva som ut frå bestemte føresetnader er «rett» billettpris på bussen. Dette er vanskelege og til dels uoversiktlege problemstillingar som ikkje alltid har klare svar. I faget arbeider vi med metodar som er eigna til å analysere slike problemstillingar og løyse dei så langt det let seg gjere. Gjennom studiet i samfunnsøkonomi lærer du om slike metodar. Du lærer å strukturere problemstillingar for å finne ut kva som er viktig og kva som ikkje er det. Derfor er samfunnsøkonomar ettertrakta arbeidskraft til mange ulike stillingar - i privat næringsliv, offentleg verksemd og i internasjonale organisasjonar. Oppbygging Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi skal innehalde minimum 20, maksimum 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor samfunnsøkonomi eller ein godkjend fagkombinasjon. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.   Det første semesteret skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium. Vi rår deg til å studere innføring i samfunnsøkonomi og eit valemne, anten utviklingsøkonomi, bedriftsstrategi og konkurransepolitikk eller organisasjons- og leiingsøkonomi i tillegg til ex.phil. Tilbodet av valemne kan variere.   Dei neste semestra må du sørgje for å få 90 studiepoeng med obligatoriske samfunnsøkonomiske emne (rekkjefølgja avgjer du til ein viss grad sjølv). 70 av desse studiepoenga er obligatoriske, 20 er valfrie innan økonomi. Dei obligatoriske kursa sørgjer for at alle får den nødvendige grunnopplæringa i mikroøkonomi, makroøkonomi og metode (matematikk og statistikk). Dei valfrie emna tek føre seg mange ulike tema, og gir deg ei anledning til å spesialisere deg innan eit interessefelt: Internasjonal makroøkonomi Miljø- og ressursøkonomi Investerings- og finansieringsteori Bedriftsstrategi og konkurransepolitikk Organisasjon og leiing Velferdspolitikk og offentleg styring Næringsstruktur og internasjonal handel Politisk økonomi Utviklingsøkonomi Dei siste 60 studiepoenga av bachelorgraden er frie studium, som det ikkje vert stilt krav til samansetjinga av. Forutan økonomiemne, kan du for eksempel ta inn språkemne, naturvitskaplege emne, studium frå utanlandske universitet eller andre samfunnsvitskaplege fag. Du kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium, så lenge det ikkje overlappar med emna i spesialiseringa di. Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vil da sjå slik ut:   Semester Emnenamn Emnekode Sp Første semester Ex.phil.Innføring i samfunnsøkonomiUtviklingsøkonomi I ellerBedriftsstrategi og konkurransepolitikk ellerOrganisasjons- og ledelsesøkonomi EXPHILECON 100ECON 115ECON 160ECON 162 30 1½ årspesialisering Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteoriMakro IMatematikk for økonomar ECON 110ECON 130ECON 140 30 Velferd og økonomisk politikkMakro IIStatistikk og økonometri ECON 210ECON 230ECON 240 30 Bacheloroppgåve?? ECON 290ECON valECON val 30 1 år Valfrie emne 60 TOTALT: 180 studiepoeng (3 år) sp = studiepoeng Utveksling Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi har tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av bachelorgraden. Yrkesvegar Ei utdanning i samfunnsøkonomi gir god utteljing på arbeidsmarknaden. Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver. Andre arbeider med forsking og undervisning, eller dei blir journalistar, valutahandlarar, eller deltek i formueforvalting i finansinstitusjonar. Mange går etter kvart inn i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvalting. Ein del arbeider utanlands, særleg i internasjonale organisasjonar, i utviklingshjelp og i utanrikstenesta. I det private næringslivet arbeider mange i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industriverksemdene, i oljeselskapa og i konsulentfirma. I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå, ved universitet og høgskolar og i departementa (der dei ofte arbeider i nær kontakt med den politiske leiinga). Med rett samansetjing av fagemne blir du kvalifisert til å undervise i skoleverket. Vidare studium Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i samfunnsøkonomi. Masterprogrammet gir ei grundig fagleg fordjuping i samfunnsøkonomi gjennom enda fleire spesialiseringsemne og ved skriving av masteroppgåve. Dei analytiske evnene dine blir styrkte gjennom eigeninnsats i form av oppgåveløysing, aktiv deltaking i undervisninga og innlevering av skriftlege arbeid. I tillegg blir den metodiske kompetansen betra, og du blir meir fagleg sjølvstendig. [-]
Les mer
Bergen 5 år
På forespørsel
Samfunnsøkonomi dreier seg om korleis vi bruker ressursane våre, anten det gjeld naturressursar, arbeidskraft eller produksjonsutstyr. [+]
  Samfunnsøkonomi dreier seg om korleis vi bruker ressursane våre, anten det gjeld naturressursar, arbeidskraft eller produksjonsutstyr. Vi undersøkjer korleis økonomien eigentleg fungerer, både vår heimlege blandingsøkonomi, dei økonomiske tilhøva i andre land og verdsøkonomien. Vi analyserer også utsiktene for å kunne auke verdiskapinga og fordele resultatet på ein meir rettferdig måte, kort sagt: korleis vi kan gjere verda til ein betre stad å vere!   Samfunnsøkonomien tek opp problemstillingar som strekkjer seg frå samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon, til kva som ut frå bestemte føresetnader er «rett» billettpris på bussen. Dette er vanskelege og til dels uoversiktlege problemstillingar som ikkje alltid har klare svar. I faget arbeider vi med metodar som er eigna til å analysere slike problemstillingar og løyse dei så langt det let seg gjere. Gjennom studiet i samfunnsøkonomi lærer du om slike metodar. Du lærer å strukturere problemstillingar for å finne ut kva som er viktig og kva som ikkje er det. Derfor er samfunnsøkonomar ettertrakta arbeidskraft til mange ulike stillingar i f.eks. privat næringsliv, offentleg verksemd og internasjonale organisasjonar. Oppbygging Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi gir ei sterkare spesialisering i økonomiske fag med meir vekt på metode (matematikk og statistikk) enn det alternative bachelor- og masterprogrammet i samfunnsøkonomi. I profesjonsstudiet følgjer du eit tilrettelagt studieprogram med felles innførings- og spesialiseringsemne.   Det første semesteret startar du med å studere emna innføring i samfunnsøkonomi og brukarkurs i matematikk I, i tillegg til ex.phil. Om våren held du fram med innføringsemne i mikroøkonomi og makroøkonomi, og seinare byggjer du på med spesialiseringsemne i økonomi og statistikk. Studiet inneheld ein del obligatoriske kurs og ein god del valfridom. Dei obligatoriske emna sørgjer for at alle får den nødvendige grunnopplæringa i mikroøkonomi, makroøkonomi og metode (matematikk og statistikk).   Dei valfrie emna omhandlar mange ulike tema: Velferdspolitikk og offentleg styring Internasjonal makroøkonomi Investering og finansiering Bedriftsstrategi og konkurransepolitikk Organisasjon og leiing Miljø- og ressursøkonomi Næringsstruktur og internasjonal handel Politisk økonomi Tretti av studiepoenga, som tilsvarar eit halvt års arbeid, er frie studium. Karakteristisk for dei «frie» studiepoenga er at det ikkje blir stilt krav til samansetjinga av dei. Forutan økonomiemne, kan du for eksempel ta inn språkemne, naturvitskaplege emne, studium frå utanlandske universitet eller andre samfunnsvitskaplege fag. Du kan også ta inn inntil eit halvt års utdanning frå tidlegare studium, så lenge det ikkje overlappar med emna i spesialiseringa di.   Dei to siste åra i profesjonsstudiet skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. Det blir lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftlege arbeid, oppgåveløysing og aktiv deltaking i undervisninga. Dette skjer først og fremst gjennom arbeid med ei masteroppgåve, som er ei større vitskapleg rettleia avhandling, men også ved deltaking på ulike kurs og seminar. Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi vil da sjå slik ut: Semester Emnenamn Emnekode Sp 1. s Ex.philInnføring i samfunnsøkonomiBrukarkurs i matematikk EXPHILECON 100MAT 101 101010 2. s Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteoriMakroøkonomi IVidaregåande matematikk og optimering ECON 110ECON 130ECON141 101010 3. s Velferd og økonomisk politikkMakroøkonomi IIStatistikk og økonometri ECON 210ECON 230ECON 240 101010 4. s Valfrie emneDelstudium i utlandet 30 5. s Økonometri IMikroøkonomisk analyseValemne ECON 340ECON 310 101010 6. s BacheloroppgåveValemneValemne ECON 290 101010 7. s Valemne i økonomiValemne i økonomiValemne i økonomi 101010 8. s Makroøkonomisk analyseØkonometri IIValemne i økonomi ECON 330ECON 341 101010 9. og 10. s Masteroppgåve + avsluttande munnleg eksamen 60 Totalt 300 sp = studiepoeng Utveksling Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi har tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av profesjonsstudiet. Yrkesvegar Ei utdanning i samfunnsøkonomi gir god utteljing på arbeidsmarknaden. Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver. Andre arbeider med forsking og undervisning, eller dei blir journalistar, valutahandlarar eller deltek i formueforvalting i finansinstitusjonar. Mange går etter kvart inn i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvalting. Ein del arbeider utanlands, særleg i internasjonale organisasjonar, i utviklingshjelp og i utanrikstenesta. Innan privat næringsliv arbeider mange i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industriverksemdene, i oljeselskapa og i konsulentfirma. I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i Noregs Bank, Statistisk Sentralbyrå, ved universitet og høgskolar og i departementa (der dei ofte arbeider i nær kontakt med den politiske leiinga). [-]
Les mer
Bergen 2 år
På forespørsel
Studiet skal styrkje og utvikle dei analytiske og metodiske evnene dine med tanke på å gjere deg best mogleg førebudd til eit breitt spekter av jobbar etter ferdig utd... [+]
Masterprogrammet skal gi ein systematisk og grundig gjennomgang av viktige område innanfor faget samfunns-økonomi. Studiet skal styrkje og utvikle dei analytiske og metodiske evnene dine med tanke på å gjere deg best mogleg førebudd til eit breitt spekter av jobbar etter ferdig utdanning. Oppbygging av studiet Det første året gjennomfører du ein kursdel på 60 studiepoeng. Dette utgjer seks emne. Det andre året skriv du ei masteroppgåve om eit tema du vel sjølv. Halvparten av kursdelen er valfri, og du bestemmer sjølv kva for nokre emne du vil ta blant instituttet sine kurstilbod. Dei obligatoriske emna er ECON310 Mikroøkonomisk analyse, ECON330 Makroøkonomisk analyse og ECON340 ØkonometriI.   Eit masterprogram i samfunnsøkonomi kan sjå slik ut:   1. sECON310 - Mikroøkonomisk analyseValemneECON340 - Økonometri I10 sp10 sp10 sp2. sECON330 - Makroøkonomisk analyseValemneValemne10 sp10 sp10 sp3. og 4. sECON390 - Masteroppgåve60 sp s= semester sp= studiepoeng Masteroppgåve Masteroppgåva er eit sjølvstendig arbeid under rettleiing. Du får rettleiing i samband med utforming av oppgåva og under arbeidet med oppgåva. Metode Metoden som blir nytta i faget er matematikk og/eller økonometri. Yrkesvegar Samfunnsøkonomar jobbar ofte med analyse- og/eller utgreiingsoppgåver innanfor forsking og undervisning, journalistikk, valutahandel og finansinstitusjonar. Utdanninga gir eit godt grunnlag for å gå inn i leiande stillingar både i offentleg og privat sektor. Samfunnsøkonomar har også vist seg å vere attraktive i internasjonale organisasjonar - anten det gjeld utviklingshjelp eller utanriksteneste. [-]
Les mer
Bergen 1 år
På forespørsel
Samfunnsøkonomi dreiar seg om korleis vi brukar ressursane våre, anten det gjeld naturressursar, arbeidskraft eller produksjonsutstyr. [+]
Samfunnsøkonomi dreiar seg om korleis vi brukar ressursane våre, anten det gjeld naturressursar, arbeidskraft eller produksjonsutstyr. Vi undersøkjer korleis økonomien eigentleg fungerer, både vår heimlege blandingsøkonomi, dei økonomiske tilhøva i andre land, og verdsøkonomien. Oppbygging ALTERNATIV 1:   1. semester (haust): ECON 100 ECON 115 ECON 160 Viss du ønskjer å ta ex.phil., kan det erstatte eitt av valemna.   2.semester (vår): ECON 110 ECON 130 ECON 140   ALTERNATIV 2:   1. semester (Vår): ECON 110 ECON 130 ECON 140   2. semester (haust): ECON 210 ECON 230 ECON 240   Sjå studentportal.uib.no/studietilbod/sv for meir informasjon om dei ulike emna. Målgruppe Årsstudium er eit søknadsalternativ for deg som berre har tenkt å studere fag ved Universitetet i Bergen i eitt år og som ikkje har planar om å ta ein grad. Årsstudiet kan også vere eit alternativ for deg som ønskjer å studerenokre fagemne for å supplere ei allereie påbegynt utdanning. Vidare studium Avlagde eksamenar vil kunne brukast i ein bachelorgrad vi samfunnsøkonomi viss du søkjer overgang til bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi på eit seinare tidspunkt. [-]
Les mer
Bergen 3 år
På forespørsel
  I 1975 konstaterte grunnleggjaren av faget samanliknande politikk, professor Stein Rokkan, a... [+]
  I 1975 konstaterte grunnleggjaren av faget samanliknande politikk, professor Stein Rokkan, at «røyster tel, ressursar avgjer». Opp gjennom åra har mange studentar kombinert studium i samanliknande politikk (med fokus på røystegjeving og andre politiske prosessar) med studium i samfunnsøkonomi (med vekt på bruk av ressursar). Studieprogrammet i politisk økonomi er eit integrert tilbod til deg som er interessert i desse to faga, og det ligg i grenselandet mellom økonomi og politikk.   Politisk økonomi arbeider både med «økonomisk åtferd» i den politiske prosessen, og med «politisk åtferd» i marknaden. Målsetjinga med studiet i politisk økonomi er først og fremst å gi deg grunnleggjande kunnskapar om både økonomi og samanliknande politikk, og deretter å kombinere desse kunnskapane i studiet av konkrete institusjonar. Studiet blir avslutta med ei sjølvstendig oppgåve. Oppbygging Bachelorprogrammet i politisk økonomi skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., 120 studiepoeng (to års studium) med obligatoriske emne og 30 studiepoeng spesialiseringsemne. I løpet av bachelorstudiet kjem du innom emne som tek føre seg: Stats- og nasjonsbygging Mikroøkonomiske kjerneomgrep og marknadsteori Demokrati og demokratisering Makroøkonomi Politisk økonomi Ressursallokering og velferdsteori Eit bachelorprogram i politisk økonomi vil da sjå slik ut: Ex.phil. og innføringsemne frå økonomi og samanliknande politikk 30 spFørste semester Obligatoriske fagemne frå samfunnsøkonomi og samanliknande politikk 120 sp To år program-spesikke emne Felleskurs i politisk økonomi og bacheloroppgåve 30 sp Siste semester bacheloroppgåve TOTALT: 180 studiepoeng (3 år) sp = studiepoeng Utveksling Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. I bachelorprogrammet i politisk økonomi vil det vere aktuelt å ta anten nokre økonomifag eller statsvitskaplege emne ved utanlandske institusjonar. Yrkesvegar Bachelorprogrammet i politisk økonomi opnar opp for mange ulike jobbar. Kombinasjonen av økonomi og politikk er eit godt grunnlag for å jobbe med informasjon, sakshandsaming og lettare utgreiingsoppgåver i næringslivet så vel som i offentleg forvalting. Dette studiet er svært nyttig for deg som ønskjer jobb i internasjonale organisasjonar og i bistandsarbeid. Ved å byggje på med mastergrad i samfunnsøkonomi eller samanliknande politikk, er du også godt rusta til utgreiingsoppgåver og til analyse- og leiingsoppgåver på høgt nivå innanfor dei same sektorane. Vidare studium Bachelorprogrammet i politisk økonomi kvalifiserer for opptak til toårige masterprogram i samanliknande politikk eller samfunnsøkonomi. Begge desse masterprogramma skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. For begge programma blir det lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftlege arbeid, oppgåveløysing og aktiv deltaking i undervisninga. Dette skjer først og fremst gjennom arbeid med ei masteroppgåve, som er ei større vitskapleg avhandling, men også ved deltaking i ulike kurs og seminar [-]
Les mer