Universitet: Bachelorprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi
Universitet i BergenStudiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne, medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng med spesialisering (1½ års studium) innanfor arbeids- og organisasjonspsykologi. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag. Studiet er bygd opp av følgjande fag:
- Det første semesteret består av tre emne: 1) ex.phil., 2) ex.fac. og 3) innføring i psykologi. Desse emna gir ei grunnleggjande innføring i ulike tenkjemåtar kring kunnskap og vitskap generelt, ein introduksjon til fagspesifikk historie og vitskapsteori, og ei innføring i faget psykologi.
- Psykologiske forskingsmetodar gir ei innføring i metode og tek føre seg både kvalitative og kvantitative forskingsmetodar.
- Personalpsykologi fokuserer på individet i organisasjonen. Fokuset er retta mot både individet sine føresetnader for å gå inn i rolla som arbeidstakar og organisasjonen sine føresetnader for å handtere og utvikle den enkelte. Temaet karriereutvikling i og på tvers av organisasjonar blir presentert.
- Organisasjonspsykologi rettar seg primært mot studiet av organisasjonar og grupper, og leiing og utvikling av desse. Sentrale tema er kommunikasjon, konflikt og konflikthandtering, organisasjonskultur, organisasjonslæring og organisasjonsutvikling.
- Arbeidspsykologi fokuserer på det yrkesaktive individet si oppleving av arbeidsmiljøet og bindeleddet mellom arbeidsmiljø og helse. Mellom temaa som blir drøfta er psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, motivasjon i jobbsamanheng, individuelle forskjellar, sosial støtte, mobbing, stress og utbrenning, meistring og helse i arbeidslivet.
- Leiingspsykologi gir ei skolering i sentrale teoriar og perspektiv på leiing. Blant anna ser ein nærare på transformerande og destruktiv leiing og kva innverknad situasjonsfaktorar har på leiing. Med utgangspunkt i norsk og internasjonal teori og empiri viser ein kva innverknad leiing har på produktiviteten i organisasjonar og på trivselen blant dei tilsette.
- Bacheloroppgåva skal gi ei innføring i korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid blir bygd opp. I løpet av kurset skal du i samarbeid med medstudentar skrive ei oppgåve basert på fagleg fordjuping og empirisk arbeid.
- Blant valfrie emne kan du velje så godt som alle fag på høgskole- og universitetsnivå. Vi rår deg til å ta fag innan samfunnsvitskap, informasjonsvitskap, rettsvitskap, økonomi og humaniora.
Nedanfor ser du korleis bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi er lagt opp.
1. semester:
Examen philosophicum
Examen facultatum, psykologi
Innføring i psykologi
2. semester:
Personalpsykologi
Forskingsmetodar
3. semester:
Organisasjonspsykologi
Arbeidspsykologi
4. semester:
Valfrie emne
5. semester:
Valfrie emne
6. semester:
Leiingspsykologi
Bacheloroppgåve
Utveksling
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Det er ein fordel om du reiser ut i den valfrie delen av programmet.Yrkesvegar
Studiet tek sikte på å formidle kunnskap om det psykososiale arbeidsmiljøet, leiing, verdiskaping og helse innan organisert arbeid. Målet er at kandidaten, i rolla som f.eks. leiar, medarbeidar, rådgjevar, konsulent eller analytikar skal få ein utvida kompetanse i det å forstå, ivareta og utvikle menneske innan organisasjonar. Dette gjeld også det å førebyggje belastningar og handtere konfliktar.
Kandidatar med eksamen i arbeids- og organisasjonspsykologi arbeider innan personal- og organisasjonsutvikling, både i privat og offentleg sektor, og i organisasjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.
Vidare studium
Bachelorprogrammet kvalifiserer for opptak til masterstudium i arbeids- og organisasjonspsykologi.Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Studiepoeng
180 studiepoeng
Bachelorprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!