Kursguide
Utdanning
Søk

kurs > Samfunnsfag > Bachelorprogram i latinamerikastudiar

Universitet: Bachelorprogram i latinamerikastudiar

Universitet i Bergen

Form
Klasserom

Varighet
3 år

Deltid
Nei

Heltid
Ja

Nivå
Universitet


Bookmark and Share
Dette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.
Studieprogrammet er utvikla som eit samarbeid mellom fleire fag, i første rekkje språkfaget spansk språk og latinamerikastudiar og samfunnsfaga geografi, samanliknande politikk og sosialantropologi. Studiet skal i tillegg til grunnleggjande kunnskap i spansk språk gi deg innsikt i kultur, natur og samfunnstilhøve som gjeld store delar av landområdet på det amerikanske kontinentet frå Río Bravo/Río Grande i nord til Eldlandet og Kapp Horn i sør. Studieprogrammet opnar for kombinasjonar av fag og emne som latinamerikansk politikk, historie, religion, litteratur osb., og gir høve til fordjuping innanfor fire spesialiseringsfag. Eitt semesters studieopphald ved eit latinamerikansk universitet er ein integrert del av studieprogrammet.

Oppbygging

Hovudelementa i programmet er:

  • Innføringsemne (30 studiepoeng)
  • Obligatoriske fellesemne i spansk og i kultur og samfunn i Latin-Amerika (30 studiepoeng)
  • Spesialiseringsfaget ditt, som du sjølv vel frå eit utval (90 studiepoeng)
  • Utvekslingsopphald i 5. semester (30 studiepoeng)
  • Frie emne

Det første semesteret skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium. Ein viktig del av det første semesteret er ex.phil., som gir deg ei innføring i sentrale spørsmål som gjeld kunnskap, moral, venleik, språk, tolking og logikk. Vidare tek du eit samfunnsvitskapleg innføringsemne og akademisk skriving. Du vel sjølv kva for eit samfunnsvitskapleg innføringsemne du vil ta, anten SV100 Samfunnsvitskaplege tenkjemåtar eller eit av dei fagleg vinkla innføringsemna. Akademisk skriving gir deg ei innføring i den akademiske kulturens bakgrunn, tenkjemåte og skrivemåte.

Bachelorprogrammet i latinamerikastudier kan sjå slik ut med spesialisering i samanliknande politikk:

1. semester (innføringsemne, obligatorisk):

  • Examen philosophicum
  • Innføring i samanliknande politikk
  • Akademisk skriving

2. semester (obligatoriske emne):

  • Spansk språk I
  • Kultur og samfunn i Latin-Amerika

3. semester (spesialiseringsfag, etter eige val):

  • Samfunnsvitskapleg metode
  • Demokrati og demokratisering

4. semester (spesialiseringsfag, etter eige val):

  • Stats- og nasjonsbygging, institusjonar og aktørar

5. semester (valfrie emne):

  • Utveksling til Pontificia Universidad Catolica de Quito, Ecuador

6. semester (spesialiseringsfag, samanliknande politikk):

  • Bacheloroppgave i samanliknande politikk med tema frå Latin-Amerika

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har fleire utvekslingsavtaler i Latin-Amerika, og opphald ved eit latinamerikansk universitet blir spesielt tilrådd i bachelorprogrammet i latinamerikastudiar. Det er lagt til rette for utveksling i 5. semester av programmet. Val av kurs bør gjerast i samråd med studierettleiar og gjerne faglærar.

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i latinamerikastudiar har som mål å utdanne studentar til ulike yrke der kunnskap om Latin-Amerika er etterspurd. Framtidige yrkesvegar vil variere etter kva fagkombinasjonar du vel og kva for ein praksis du eventuelt opparbeider deg i tillegg til universitetsutdanninga, men aktuelle retningar vil til dømes vere arbeid i internasjonale organisasjonar, offentlege organ, media og informasjonsbransjen, og næringsliv med verksemd i, eller retta mot, Latin-Amerika. For dei fleste som vil vidare innanfor desse yrkesvegane, vil bachelorprogrammet truleg vere ein del av ei lengre utdanning, der ein til dømes også tek mastergrad.

Vidare studium

Programmet vil kvalifisere for å søke opptak til masterstudium i spesialiseringsfaget.


Forkunnskaper


Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Studiepoeng


180 Studiepoeng

Påmelding
Bachelorprogram i latinamerikastudiar
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Dato og sted *

Firma

Eventuell referanse

Telefon *

Faks

Fakturaadresse *

Postnummer *

Poststed *

Ønsker bekreftelse per




Kursdeltakere


Deltaker 1

Navn *

E-post *



Kommentarer og spørsmål



Number: 1+2 *
Send Påmelding til Kursholder

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg






 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!


Anbefalinger fra andre brukere



Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook