Universitet: Bachelorprogram i midtaustenkunnskap
Universitet i BergenFagleg innhald
Studiet gir deg innsikt i arabisk, arkeologi, historie, politikk, religion, kultur og samfunnstilhøve i Midtausten og den islamske verda, i tillegg til kunnskap både om Midtausten som geografisk region frå tidlege tider fram til i dag og kunnskapar om den store kulturkrinsen som er knytt til islam - frå vest i Afrika til aust i Asia. Du får innsikt i den rolla islam speler i dette området, men også i andre samfunnstilhøve i dag. Banda til tida før islam blir også gjort tydelege.
Oppbygging
Bachelorprogrammet i midtaustenkunnskap skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne, medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor eitt av programfaga eller ein godkjend fagkombinasjon. Det første semesteret skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium, og inneheld tre emne. Akademisk skriving gir deg teoretisk innføring og praktisk øving i å lese og produsere akademiske tekstar. Examen philosophicum gir deg ei innføring i sentrale spørsmål som gjeld kunnskap, moral, venleik, språk, tolking og logikk. Det siste emnet er eit val mellom språk og kommunikasjon og tekst og kultur.
Resten av studiepoenga bør nyttast fritt innanfor programfaga.
Bachelorprogrammet i midtaustenkunnskap er eit tverrfagleg samarbeid mellom faga historie, religionsvitskap, sosialantropologi, arkeologi og arabisk, og omfattar derfor både humanistiske og samfunnsvitskaplege tilnærmingsmåtar. På programmet får du først eit grunnlag på 30 studiepoeng i områdekunnskap som omfattar historie, kultur og samfunn i Midtausten. Seinare får du også ei innføring i arabisk språk. Du må velje mellom ulike spesialiseringar, anten i arkeologi, historie, religion, sosialantropologi eller språk (arabisk). Alle studentar på programmet tek dei same emna dei to første semestra, heile det fjerde semesteret og halve det sjette semesteret. Det tredje og femte semesteret blir sette av til dei ulike spesialiseringsfaga.
Bachelorprogrammet i midtaustenkunnskap kan da sjå slik ut:
1. semester
- Examen philosophicum
- Akademisk skriving, Tekst og kultur/Språk og språkvitenskap
2. semester
- Oversikt over Midtaustens historie, HIM101
- Midtaustens kulturar, religionar og samfunn, MKU101
3. semester
To spesialiseringsemne eller spesialiseringsemne og eit valfritt emne
4. semester
- Innføring i arabisk, ARA101
5. semester
- To spesialiserings-emne eller spesialiseringsemne og eit valfritt emne
6. semester
- Semesteroppgåve i midtaustenemne i kombinasjon med spesialiseringsemne eller eit valfritt emne
Førstesemesterstudiet
Førstesemesterstudiet skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium. Studiet inneheld tre emne. Akademisk skriving gir deg teoretisk innføring og praktisk øving i å lese og produsere akademiske tekstar. Examen philosophicum gir deg ei innføring i sentrale spørsmål som gjeld kunnskap, moral, venleik, språk, tolking og logikk. Det siste emnet er eit val mellom språk og språkvitskap og tekst og kultur.
Utveksling
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. For bachelorprogrammet i midtaustenkunnskap vel vi i tillegg ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for våre studentar. Vi har avtale med the American University in Cairo (AUC), og vi har også fått ein avtale med universitet i Skandinavia: Universitetet i København og Universitetet i Uppsala. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden. Valet av utanlandsopphald blir teke i samråd med studierettleiaren.
Yrkesvegar
Bachelorprogrammet i midtaustenkunnskap vil kunne kvalifisere til ulike yrke der kunnskap om Midtausten er etterspurd. Yrkesvala vil variere etter kva fordjupingar og emnekombinasjonar du vel, men vil kunne omfatte arbeid i media, informasjonsarbeid, næringsliv, offentlege organ og internasjonale hjelpeorganisasjonar. For dei fleste studentane i programmet vil likevel utdanninga vere ein del av ei lengre utdanning. Fleire av studentane vil truleg studere meir, f.eks. ta ein mastergrad.
Spesialisering
Du kan spesialisere deg innan følgjande fag: - Arabisk - Arkeologi - Historie - Religionsvitskap - Sosialantropologi
Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Studiepoeng
180 Studiepoeng
Bachelorprogram i midtaustenkunnskap
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!