Universitet: Bachelorprogram i samanliknande politikk
Universitet i BergenSamanliknande politikk er statsvitskap på ein annan og spennande måte. Emna vi tilbyr gir deg ei grunnleggjande innføring i statsvitskaplege analysemåtar. Utgangspunktet vårt er komparativt. Politiske system og institusjonar har ulik utforming og funksjon, til liks med at den politiske åtferda blant borgarane varierer etter kva politiske kulturar dei lever i. Vi finn variasjonar innanfor det enkelte landet over tid, men også mellom land. På bachelorprogrammet i samanliknande politikk kan du lære kvifor det er slik og grunnane til at det har blitt slik.
Samanliknande politikk passar for deg som er interessert i politikk og samfunnsspørsmål. Emna vi tilbyr vil gi deg innsikt i politiske system i andre land og i deira politiske historie. Spørsmål som blir stilte i faget er mellom anna desse: Kva er vilkåra for demokratiske styreformer? Kvifor blei nokre land tidlegare utvikla i retning av massedemokrati enn andre? Kva var avgjerande for tempoet i denne utviklinga, og kvifor fekk demokratiske system ulike utformingar? Kva for stadium har stats- og nasjonsbygginga gått gjennom i ulike land, og kva var drivkreftene bak denne prosessen? Korleis er samspelet mellom staten og ulike interessegrupper? Kva særmerkjer den politiske kulturen og den politiske deltakinga til borgarane i ulike land?
Vi kan tilby deg eit heilskapleg studieopplegg med gruppearbeid og engasjerte forelesarar som formidlar spennande og aktuelle tema. Du får regelmessig oppfølging og tilbakemelding på den faglege utviklinga di, og studieopplegget vårt legg vekt på engasjement og arbeidsinnsats frå deg som student.
Oppbygging
Bachelorprogrammet i samanliknande politikk skal innehalde minimum 20 og maksimum 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil. Vi rår deg til å studere emna innføring i samanliknande politikk (SAMPOL100) og samfunnsvitskaplege tenkjemåtar (SV100) i tillegg til ex.phil det første semesteret.
Du må også ha 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor samanliknande politikk, mens du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.
Du må sørgje for å få 90 studiepoeng med emne frå faget. Til å begynne med tek du allmenne innføringsemne, og seinare byggjer du på med spesialiseringsemne.
I løpet av bachelorstudiet tar du, mellom anna, emne som tek føre seg:
- Stats- og nasjonsbygging: Institusjonar og aktørar
- Demokrati og demokratisering
- Politisk organisering
- Politisk styring og økonomisk politikk
- Politisk utvikling i Latin-Amerika
- Politikk i USA
- Politikk og institusjonar i EU
- Samfunnsvitskapleg metode
Eit sentralt element i spesialiseringa i faget, er planlegging og gjennomføring av bacheloroppgåva, som er eit sjølvvalt skriftleg arbeid der vi gir rettleiing. Dei siste 60 studiepoenga av bachelorgraden er frie studium. Du kan for eksempel velje historiske emne, språkemne eller andre samfunnsvitskaplege emne frå Universitetet i Bergen eller frå utanlandske universitet. Vi gir råd og hjelp til alle som ønskjer å studere i utlandet.
Bachelorprogrammet i samanliknande politikk vil da sjå slik ut:
1 år Frie fagemne (60 sp) 1½ år Spesialiseringsfag, samanliknande politikk (90 sp) Første semester Ex.phil. (10 sp) SAMPOL100 (10 sp) SV100 (10 sp) TOTALT: 180 studiepoeng (3 år)sp = studiepoeng
Utveksling
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar, og vi vil hjelpe deg med å finne spennande utdanningstilbod i utlandet.Yrkesvegar
Samanliknande politikk gir deg eit kunnskapsfundament som kvalifiserer deg for mange ulike jobbar, i offentleg så vel som i privat sektor, i inn- og utland. Mange kandidatar frå samanliknande politikk arbeider i offentlege verksemder som departement og direktorat. Ein god del får jobb i store nasjonale og internasjonale organisasjonar, og mange finn vegen til media, forsking, utgreiing og undervisning. Med rett samansetjing av fagemne blir du kvalifisert til å undervise i skoleverket. Gjennom dei siste åra har stadig fleire «sampolarar» fått jobb i privat sektor, særleg i store og internasjonalt retta selskap.Vidare studium
Bachelorprogrammet i samanliknande politikk kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i samanliknande politikk. Masterprogrammet skal styrkje den metodiske kompetansen og dei analytiske evnene dine. Vi legg stor vekt på eigeninnsats i form av skriftlege arbeid, oppgåveløysing og aktiv deltaking i undervisninga. Dette skjer først og fremst gjennom arbeid med masteroppgåva, som er ei større vitskapleg avhandling som du arbeider med i eitt år. Men det skjer også gjennom deltaking på ulike kurs og seminar.Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Studiepoeng
180 Studiepoeng
Bachelorprogram i samanliknande politikk
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!