Universitet: Bachelorprogram i sosialantropologi
Universitet i BergenSosialantropologi er eit samanliknande studium av kultur og samfunn. Det er vitskapen om det kulturelle mangfaldet som menneska ber med seg, og om dei sosiale prosessane som utfaldar seg i dette globale mangfaldet. Antropologar studerer blant anna sosiale fellesskap, rituelle handlingar, etniske grenser, politiske konfliktar og relasjonar mellom natur og samfunn, så vel som lokale responsar på globale prosessar. På den eine sida skal faget gjere greie for den sosiale og kulturelle variasjonen som finst i verda.
Samtidig er det ein viktig del av det sosialantropologiske prosjektet å omgrepsfeste og forstå likskapane mellom sosiale system og mellommenneskelege relasjonar. Sosialantropologar ønskjer med andre ord å forstå samanhengane både innanfor eit samfunn og mellom ulike samfunn.
Kjernen i antropologifaget slik det blir praktisert i dag er på den eine sida feltarbeidet (som kan utførast kvar som helst i verda), og på den andre sida den komparative metoden. Feltarbeidet inneber at antropologar i lang tid lever nært saman med andre menneske for å samle informasjon og for å forstå, i breiast mogleg forstand, det livet dei lever. Feltarbeid kan gjerast nær sagt kvar som helst: i ei bedrift eller på ein skole i Bergen, på ein bar i Los Angeles eller i ein landsby på Ny Guinea. Valfridomen er stor. Den komparative metoden inneber at antropologen arbeider vidare med innsamla data for å samanlikne dei med livstilhøva andre stader, også med det som skjer i samfunnet til antropologen. Dette blir gjort for å utvikle teoriar for globalt samanliknande forståing.
På den eine sida søkjer ein altså å identifisere seg med dei ein studerer, og på den andre sida fjernar ein seg frå dei for å sjå dei i eit samanliknande «fugleperspektiv». Ein sentral del av undervisninga i bachelorprogrammet er regionale kurs der kulturmangfaldet innan visse delar av verda blir utforska.
Oppbygging
Bachelorprogrammet i sosialantropologi skal innehalde ex.phil. og 110 studiepoeng (2 års studium) med spesialisering innanfor sosialantropologi. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.
Du må ha 110 studiepoeng med emne frå faget. Rekkjefølgja avgjer du sjølv, men ho vil for mange vere avhengig av kva emne og kombinasjonsalternativ som er aktuelle i det enkelte semesteret. I det første semesteret tek du det allmenne innføringsemnet menneske, kultur og samfunn: innføring i sosialantropologi (SANT101) saman med ex.phil., og etter kvart byggjer du på med spesialiseringsemne. Du må ha gjennomført emne i seks ulike tema for å oppnå ein bachelorgrad.
I løpet av bachelorstudiet kan du velje mellom tema som tek føre seg:
- Teori- og faghistorie
- Slektskap, venskap og intimitet
- Religionar, ritual og politiske realitetar
- Symbolske og materielle aspekt ved produksjon, byte og konsum
- Nasjonalisme, kultur og identitet
- Politiske regime, dominansutøving og vald
- Humanøkologi, utviklingsproblematikk og globalisering
- Landskap, lokalitet og bygningar
Parallelt med dette blir det gitt undervisning som skal gi fordjuping i fleire av regionane i verda: Midtausten, Afrika, Søraust-Asia, Sør-Asia, Oseania, Noreg og Norden, og Latin-Amerika. Du må ha gjennomført emne i fire ulike regionar for å oppnå ein bachelorgrad. Bachelorstudiet blir avslutta med skriving av eit essay med rettleiing. Dette gjer det mogleg for deg å samle trådane i dei sosialantropologiske emna du har studert. Du som ønskjer å gå inn i dei spennande utfordringane som ligg i eit masterstudium i sosialantropologi, vil på førehand kunne peike ut fagområde som interesserer deg spesielt.
Dei siste 60 studiepoenga av bachelorgraden er i utgangspunktet frie studium. Karakteristisk for dei «frie» studiepoenga er at det ikkje blir stilt krav om samansetjinga av dei. Du kan for eksempel ta inn språkemne, naturvitskaplege emne, studium frå utanlandske universitet eller andre samfunnsvitskaplege fag. Du kan også ta inn utdanning frå tidlegare studium, under føresetnad av at desse emna ikkje overlappar med emna i spesialiseringa di.
Bachelorprogrammet i sosialantropologi vil da sjå slik ut:
Første semester Menneske, kultur og samfunn SANT101 (20 sp) Ex.phil. (10 sp) 2,5 år Spesialiseringsfag, sosialantropologi (min.90 sp) Frie fagemne (inntil 60 sp) Totalt: 180 studiepoeng (3 år)sp = studiepoeng
Utveksling
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Bachelorprogrammet i sosialantropologi har tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av bachelorgraden.Yrkesvegar
Sosialantropologar arbeider i mange ulike yrke, ofte i tverrfaglege team, og gjerne også i jobbar som krev internasjonal kompetanse og krysskulturell innsikt. Antropologar arbeider i den offentlege forvaltinga, i internasjonale organisasjonar, på forskingsinstitutt, universitet, museum og høgskolar, og meir spesifikt innan arbeidsmiljørådgiving, i helse- og sosialsektoren, i arbeid med flyktningar og innvandrarar, i bistandsprosjekt og innan miljøvern. Med rett samansetjing av fagemne blir du også kvalifisert til å undervise i skoleverket. I arbeidslivet er det sjeldan «ein antropolog» som blir tilsett, men derimot ein antropolog som har gjort feltarbeid ein viss stad, og/eller har studert særskilde tema. I jobbsamanheng fungerer antropologar ofte som utprega brubyggjarar, og her kan dei nasjonale og internasjonale kontaktane dei har skaffa seg under feltarbeidet få stor praktisk nytte.Vidare studium
Bachelorprogrammet i sosialantropologi kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i sosialantropologi. Masterprogrammet i sosialantropologi tek sikte på å kvalifisere deg til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt som munnar ut i ei avhandling. Sentralt i denne samanhengen er gjennomføringa av eit feltarbeid som varer eitt semester, etterfølgt av arbeid i to semester med masteroppgåva med rettleiing frå ein av dei vitskapleg tilsette.Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Studiepoeng
180 Studiepoeng
Bachelorprogram i sosialantropologi
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!