Kursguide
Utdanning
Søk

kurs > Samfunnsfag > Bachelorprogram i utviklingsstudier

Universitet: Bachelorprogram i utviklingsstudier

Universitet i Bergen

Form
Klasserom

Varighet
3 år

Deltid
Nei

Heltid
Ja

Nivå
Universitet


Bookmark and Share
Dette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.
Utviklingsstudiet fokuserer på problemstillingar som har samband med sosiale, kulturelle, politiske og økonomiske endringsprosessar i såkalla utviklingsland eller land i sør. Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar er eit satsingsområde for Universitetet i Bergen. Studiet gir deg innsikt i samfunnsvitskaplege tilnærmingar til temaet. Dei som underviser på studieprogrammet er erfarne utviklingsforskarar frå områda geografi, sosialantropologi, statsvitskap (administrasjon og organisasjonsvitskap) og økonomi. Det er eit mål at du heilt frå starten av skal bli engasjert i tverrfaglege spørsmål i aktuell forsking, og at du stiller deg open til dialogar mellom dei ulike faglege perspektiva. For å styrkje dette engasjementet gir studiet høve til eit studieopphald ved eit universitet i sør. I løpet av studiet er du blant anna innom emne som omhandlar:
  • Global utvikling
  • Stat og forvalting i utviklingsland
  • Ressursforvalting og utvikling i den tredje verda
  • Utviklingsøkonomi
  • Sosialantropologiske perspektiv på utvikling

Oppbygging

I dei to første semestra av programmet i utviklingsstudiar følgjer du eit felles opplegg. Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar skal innehalde 20 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., samt fire emne frå dei medverkande faga: administrasjons- og organisasjonsvitskap, geografi, samfunnsøkonomi og sosialantropologi (samla 1 års studium). Vidare må du ta tre semester med spesialisering innan eitt av dei fire medverkande faga. I det femte semesteret blir det gitt tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald ved eit universitet i Asia, Afrika eller Sør-Amerika.

For deg som ikkje ønskjer å gjennomføre eit opphald i utviklingsland, blir det gitt tilbod om enda eit semester med undervisning, anten i emne frå dei medverkande faga, eller i relevante emne frå andre fag ved universitetet. Bacheloressayet har ein særeigen plass i studieprogrammet. Essayet inngår i den faglege spesialiseringa di, men skal fokusere på utviklingsrelaterte tema med bakgrunn i dine eigne erfaringar frå utanlandsopphaldet.

Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar vil da sjå slik ut:

Semester Emnenamn Emnekode Sp 1. s Ex.phil.
Global utvikling
Utviklingsøkonomi
GLOB101
ECON115 10
10
10 2. s Stat og forvalting i utviklingsland
Ressursforvalting og utvikling i den
tredje verda
Eit emne frå sosialantropologi AORG106
GEO131 10
10

10 3. og 4. s Spesialisering innan eitt av faga administrasjon og organisasjonsvitskap, geografi, samfunnsøkonomi eller sosialantropologi 60 5. s Tilrettelagt utvekslingsopphald ved eit universitet i sør, eventuelt fleire emne ved UiB 30 6. s Spesialisering, inklusiv bacheloressayet 30 TOTALT 180

sp = studiepoeng

Utveksling

Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar legg opp til eit studieopphald på eit semester ved eit universitet i Afrika, Asia eller Sør-Amerika.

Yrkesvegar

Gjennomføring av bachelorprogrammet vil kvalifisere for arbeid i norske og internasjonale organisasjonar og offentlege etatar som arbeider med bistand og utvikling. Erfaringar frå det tilrådde utanlandsopphaldet vil styrkje desse kvalifikasjonane.

Vidare studium

Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i det faget du vel å spesialisere deg i. Felles for masterprogramma er at dei skal styrkje dei analytiske og metodiske evnene dine. For alle masterprogramma blir det lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftlege arbeid, oppgåveløysing og aktiv deltaking i undervisninga. Dette skjer først og fremst gjennom arbeidet med ei masteroppgåve, som er ei større vitskapleg avhandling, men også ved deltaking i ulike kurs og seminar.


Forkunnskaper


Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Studiepoeng


180 Studiepoeng

Påmelding
Bachelorprogram i utviklingsstudier
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Dato og sted *

Firma

Eventuell referanse

Telefon *

Faks

Fakturaadresse *

Postnummer *

Poststed *

Ønsker bekreftelse per




Kursdeltakere


Deltaker 1

Navn *

E-post *



Kommentarer og spørsmål



Number: 1+2 *
Send Påmelding til Kursholder

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg






 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!


Anbefalinger fra andre brukere



Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook