Universitet: Masterprogram i administrasjon og organisasjonsvitskap
Universitet i BergenOppbygging av studiet
Masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap ser slik ut:
1. semester
AORG320 Organisasjon og politikk
AORG321 Metodelære
2. semester
AORG322 Forskingsdesign
AORG323 Forskingsfelt
3. og 4. semester
AORG350 - Masteroppgåve
Masteroppgåve
Arbeidet med masteroppgåva har naturleg tilknyting til ei av forskingsgruppene til instituttet, og er eit sjølvstendig forskingsprosjekt som munnar ut i ei avhandling. Når du skriv på oppgåva, har du rett på regelmessig rettleiing frå ein rettleiar frå den vitskaplege staben. I tilknyting til arbeidet med AORG322 Forskingsdesign inngår du kontrakt med rettleiaren.Metode
Administrasjon og organisasjonsvitskap er karakterisert ved metodepluralisme. På alle nivå legg metodeundervisninga vekt på både vitskapsteori og trening i å velje metode i forhold til problemstilling. Du får høve til å spisse metodekunnskapen din ved å velje blant ulike aktuelle metodar.Yrkesvegar
Mange med eksamen i administrasjon og organisasjonsvitskap arbeider i offentlege verksemder som departement og direktorat og i store nasjonale og internasjonale organisasjonar. Mange kandidatar finn også vegen til massemedia, forsking, utgreiing og undervisning. Det er ein aukande tendens til at kandidatar med eksamen i faget går inn i jobbar i privat sektor - særleg i store, internasjonalt retta selskap.Forkunnskaper
Bachelor-/cand.mag.-grad med godkjend spesialisering/fordjuping (80-90 studiepoeng/1 12 års studium) i administrasjon og organisasjonsvitskap. Instituttet tek også opp studentar til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap etter retningslinjer i nasjonale og internasjonale samarbeidsavtaler.
Opptakskrav
Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Gjennomsnitt for dei to siste opptaka har vært 31,9 konkurransepoeng. Sjå studere.uib.no/master-sv for utrekning av konkurransepoeng.
Studiepoeng
120 Studiepoeng
Masterprogram i administrasjon og organisasjonsvitskap
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!