Universitet: Masterprogram i samanliknande politikk
Universitet i BergenOppbygging av studiet
Masterprogrammet er på 120 studiepoeng. Studiet består av ein kursdel og ein oppgåvedel, kvar på 60 studiepoeng. I kursdelen skal du ta fire emne. Du kan søkje om å få erstatte inntil tre emne, svarande til 30 studiepoeng, med emne frå andre universitet. Instituttet vil rå deg til å ta SAMPOL301 og 302 det første semesteret på masterprogrammet. Eit eventuelt utanlandsstudium bør leggjast til det andre semesteret.
Eit masterprogram i samanliknande politikk kan sjå slik ut:
1. s SAMPOL304 - Komparativ metode
SAMPOL305 - Multivariat dataanalyse 15 sp
15 sp 2. s Substanskurs : to av følgjande kurs
SAMPOL 311, SAMPOL 314, SAMPOL 318, SAMPOL 322 kvart kurs
15 sp 3. og 4. s SAMPOL350 - Masteroppgåve 60 sp
s= semester sp= studiepoeng
Masteroppgåve
Arbeidet med masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt som munnar ut i ei avhandling. Du skal utvikle evne til å utforme, drøfte og analysere statsvitskaplege problemstillingar på dette området. Masteroppgåva bør ha eit komparativt siktemål.Metode
Komparativ metode og multivariat dataanalyse utgjer hovudtyngda av forskingsmetoden i faget.Yrkesvegar
Faget representerer eit kunnskapsfundament som blir brukt i mange samanhengar. Mange med eksamen i samanliknande politikk arbeider i offentlege verksemder som departement og direktorat eller i store nasjonale og internasjonale organisasjonar. Mange finn også vegen til massemedia, forsking, utgreiing og undervisning. Det er ein aukande tendens til at kandidatar med eksamen i faget går inn i jobbar i privat sektor, særleg i store, internasjonalt retta selskap.Forkunnskaper
Bachelor-/cand.mag.-grad med godkjend spesialisering/fordjuping (80-90 studiepoeng/1 12 års studium) i statsvitskap. Bachelorgraden må innehalde metodekurs som inkluderer både kvalitativ og kvantitativ metode, samt 30 studiepoeng komparativ politikk eller tilsvarende. Instituttet tek også opp studentar til eit masterprogram i samanliknande politikk etter retningslinjer i nasjonale og internasjonale samarbeidsavtaler.
Opptakskrav
Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Gjennomsnitt for dei to siste opptaka har vært 33,2 konkurransepoeng. Sjå studere.uib.no/master-sv for utrekning av konkurransepoeng.
Studiepoeng
120 Studiepoeng
Masterprogram i samanliknande politikk
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!