Universitet: Masterprogram i sosialantropologi
Universitet i BergenOppbygging av studiet
Ei prosjektskisse på maksimalt éi side skal leggjast ved søknaden til masterprogrammet. Denne skissa er verken skiljande eller bindande. På bakgrunn av skissa vil du, så fort det er praktisk mogleg, få tildelt ein fast rettleiar. I det første semesteret blir det halde eit kurs (SANT301) som kastar lys over sentrale og aktuelle sider ved forskingsprosessen, både metodiske og teoretiske.
Parallelt med dette kurset følgjer du prosjekt-skrivingsseminaret (SANT302). Iprosjektbeskrivinga skal du, i samarbeid med rettleiaren din, gjere greie for dei tematiske, teoretiske og praktiske sidene ved det planlagde feltarbeidet.
Feltarbeidet blir representert i studiet under emnet SANT320, eit praktisk metodekurs på eitt semester der du gjennomfører sjølvstendig antropologisk feltarbeid etter dei tematiske og regionale føringane som er definerte i prosjektbeskrivinga. På bakgrunn av det empiriske materialet som er samla inn under feltarbeidet skal du skrive masteroppgåva (SANT350).
Eit masterprogram i sosialantropologi vil sjå slik ut:
1.sSANT301 - Antropologisk forskingsmetodeog teoriutvikling
SANT302 - Prosjektskisse og prosjektseminar
20 sp
10 sp2. sSANT320 - Praktisk metodekurs:
Antropologisk feltarbeid
30 sp3. og 4. sSANT 350 - Masteroppgåve60 sp
s= semester sp= studiepoeng
Masteroppgåve
I oppgåva skal du gjere greie for dei tematiske, metodiske og teoretiske føresetnadene som arbeidet byggjer på. Det empiriske materialet som blir analysert skal framstillast på ein oversiktleg måte, og i vurderinga av avhandlinga blir det lagt vekt på kunnskapar i komparativ etnografi og relevant teori. Arbeidet blir utført under rettleiing.Metode
Den sentrale metodiske tilnærminga i faget er feltarbeidet. Feltarbeidet inneber at ein i lang tid skal leve nært saman med andre menneske for å samle informasjon og i breiast mogleg forstand forstå livet dei lever. Feltarbeidet kan utførast nær sagt kvar som helst.Yrkesvegar
Sosialantropologar arbeider i mange ulike yrke, ofte i eit tverrfagleg samarbeid, og gjerne også i jobbar som krev internasjonal kompetanse og krysskulturell innsikt. Antropologar arbeider i den offentlege forvaltinga, i næringslivet, i internasjonale organisasjonar, på forskingsinstitutt, universitet, museum og høgskolar. Meir spesifikt arbeider dei med arbeidsmiljørådgiving, i helse- og sosialsektoren, med flyktningar og innvandrarar, i bistandsprosjekt og med miljøvern.Forkunnskaper
Bachelor-/cand.mag.-grad med godkjend spesialisering/fordjuping (80-110 studiepoeng/1 12 års studium) isosialantropologi.
Opptakskrav
Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Gjennomsnitt for dei to siste opptaka har vært 33,9 konkurransepoeng. Sjå studere.uib.no/master-sv for utrekning av konkurransepoeng.
Studiepoeng
120 Studiepoeng
Masterprogram i sosialantropologi
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!