Universitet: Master's Programme in Anthropology of Development
Universitet i BergenOppbygging av studiet
Dei to første semestra følgjer studenten eit kursopplegg som består av fire emne 15 studiepoeng. Etter å ha fullført det første året, inkludert levert inn ei godkjend prosjektskisse, er det sett av 4-6 månader til feltarbeid før avhandlinga skal skrivast i det siste semesteret.
Eit masterprogram i anthropology of development vil sjå slik ut:
1.sSANT304 - Introducing Anthropology and its Subjects: History, Poverty and Social TransformationSANT307 - Contested Resources: Ecological Anthropology in a Global Perspective
15 sp
15 sp2. sSANT309 - Conceptualizing Society: Applications of Anthropological Theory.
SANT303 - Project proposal and project seminar for the anthropology of development
15 sp
15 sp3. sSANT320 - Practical Methodology: Anthropological fieldwork30 sp3. og 4. sSANT 350 - Master´s thesis in Anthropology of Development30 sp
s= semester sp= studiepoeng
Masteroppgåve
I løpet av det første vårsemesteret får studentane tildelt ein rettleiar som er ansvarleg for rettleiing når det gjeld prosjektskissa. Feltarbeidet er hovudkjelda for informasjon til masteroppgåva (100-150 sider), som skal leverast inn i slutten av det fjerde og siste semesteret.Yrkesvegar
Sosialantropologar arbeider i mange ulike yrke, ofte i eit tverrfagleg samarbeid, og gjerne også i jobbar som krev internasjonal kompetanse og krysskulturell innsikt. Antropologar arbeider i den offentlege forvaltinga, i internasjonale organisasjonar, på forskingsinstitutt, universitet, museum og høgskolar, og meir spesifikt innan arbeidsmiljørådgjeving, i helse- og sosialsektoren, i arbeid med flyktningar og innvandrarar, i bistandsprosjekt, og innan miljøvern. I arbeidslivet er det sjeldan «ein antropolog» som blir tilsett, men derimot ein antropolog som har gjort feltarbeid ein viss stad og/eller har studert særskilde tema. I forhold til det ordinære masterprogrammet i sosialantropologi gir Anthropology of Development ei sterkare spissing mot utviklings- og bistandsarbeid.Forkunnskaper
Studentane må ha ein god bachelor- eller mastergrad frå samfunnsvitskapleg studieretning eller andre disiplinar som er relevante for studiet. Studentar som ikkje har tidlegare formelle kunnskapar i antropologi vil få tett oppfølging i byrjinga av studiet.
Opptakskrav
Kandidatane blir vurderte av ein egen komité ut frå emnesamansetjing, karakterar og tidlegare erfaring. Sjå studere.uib.no/master-sv for meir om opptakskrav.
Studiepoeng
120 Studiepoeng
Master's Programme in Anthropology of Development
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!