Universitet: Bachelorprogram i politisk økonomi

Universitet i Bergen

Klasserom3 årHeltidUniversitet
Start Sted Språk
Ta kontakt Bergen Norsk



 

I 1975 konstaterte grunnleggjaren av faget samanliknande politikk, professor Stein Rokkan, at «røyster tel, ressursar avgjer». Opp gjennom åra har mange studentar kombinert studium i samanliknande politikk (med fokus på røystegjeving og andre politiske prosessar) med studium i samfunnsøkonomi (med vekt på bruk av ressursar). Studieprogrammet i politisk økonomi er eit integrert tilbod til deg som er interessert i desse to faga, og det ligg i grenselandet mellom økonomi og politikk.

 

Politisk økonomi arbeider både med «økonomisk åtferd» i den politiske prosessen, og med «politisk åtferd» i marknaden. Målsetjinga med studiet i politisk økonomi er først og fremst å gi deg grunnleggjande kunnskapar om både økonomi og samanliknande politikk, og deretter å kombinere desse kunnskapane i studiet av konkrete institusjonar. Studiet blir avslutta med ei sjølvstendig oppgåve.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i politisk økonomi skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., 120 studiepoeng (to års studium) med obligatoriske emne og 30 studiepoeng spesialiseringsemne.

I løpet av bachelorstudiet kjem du innom emne som tek føre seg:

  • Stats- og nasjonsbygging
  • Mikroøkonomiske kjerneomgrep og marknadsteori
  • Demokrati og demokratisering
  • Makroøkonomi
  • Politisk økonomi
  • Ressursallokering og velferdsteori

Eit bachelorprogram i politisk økonomi vil da sjå slik ut:

Ex.phil. og innføringsemne frå økonomi og samanliknande politikk 30 spFørste semester Obligatoriske fagemne frå samfunnsøkonomi og samanliknande politikk 120 sp To år program-spesikke emne Felleskurs i politisk økonomi og bacheloroppgåve 30 sp Siste semester bacheloroppgåve TOTALT: 180 studiepoeng (3 år)

sp = studiepoeng

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. I bachelorprogrammet i politisk økonomi vil det vere aktuelt å ta anten nokre økonomifag eller statsvitskaplege emne ved utanlandske institusjonar.

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i politisk økonomi opnar opp for mange ulike jobbar. Kombinasjonen av økonomi og politikk er eit godt grunnlag for å jobbe med informasjon, sakshandsaming og lettare utgreiingsoppgåver i næringslivet så vel som i offentleg forvalting. Dette studiet er svært nyttig for deg som ønskjer jobb i internasjonale organisasjonar og i bistandsarbeid. Ved å byggje på med mastergrad i samfunnsøkonomi eller samanliknande politikk, er du også godt rusta til utgreiingsoppgåver og til analyse- og leiingsoppgåver på høgt nivå innanfor dei same sektorane.

Vidare studium

Bachelorprogrammet i politisk økonomi kvalifiserer for opptak til toårige masterprogram i samanliknande politikk eller samfunnsøkonomi. Begge desse masterprogramma skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. For begge programma blir det lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftlege arbeid, oppgåveløysing og aktiv deltaking i undervisninga. Dette skjer først og fremst gjennom arbeid med ei masteroppgåve, som er ei større vitskapleg avhandling, men også ved deltaking i ulike kurs og seminar



Forkunnskaper


Generell studiekompetanse eller realkompetanse.



Studiepoeng


180 studiepoeng





Be om gratis info
Bachelorprogram i politisk økonomi hos Universitet i Bergen
Felt som er merket med * må fylles ut
Ønsket valuta *
Dato og sted *
Kursdeltakere
Hvor mange? (Gavekort)
Kampanjekoden er korrekt og rabatt er lagt til.
Fant ingen kampanje. Skrev du kampanjekoden riktig?
Kampanjekode er korrekt, men kampanjen gir ikke bedre pris enn nåværende kampanje.
Deltaker {{$index+1}}
Filen ble lastet opp
Filen ble fjernet
Laster opp... {{item.upload_progress}}%
{{ file.file.name }} Fjern
{{total_price | fprice}} kr {{currency}}
{{total_price-total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_vat | fprice}} kr {{currency}}
X

MVA per produkt:

{{arr[1]}}
Betalingsmåte *
Number: 1+2 *
Vennligst rett opp følgende og forsøk igjen
{{errors_msg}}
Sender...
Vent til opplasting av fil er ferdig

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg



 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!



Anbefalinger fra andre brukere