Universitet: Bachelorprogram i samfunnsøkonomi

Universitet i Bergen

Klasserom3 årHeltidUniversitet
Start Sted Språk
Ta kontakt Bergen Norsk



 

Samfunnsøkonomi dreiar seg om korleis vi bruker ressursane våre, anten det gjeld naturressursar, arbeidskraft eller produksjonsutstyr. Vi undersøkjer korleis økonomien eigentleg fungerer, både vår heimlege blandingsøkonomi, dei økonomiske tilhøva i andre land og verdsøkonomien. Vi analyserer også utsiktene for å kunne auke verdiskapinga og fordele resultatet på ein meir rettferdig måte, kort sagt korleis vi kan gjere verda til ein betre stad å vere!

 

Samfunnsøkonomien tek opp problemstillingar som strekkjer seg frå samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon, til kva som ut frå bestemte føresetnader er «rett» billettpris på bussen. Dette er vanskelege og til dels uoversiktlege problemstillingar som ikkje alltid har klare svar. I faget arbeider vi med metodar som er eigna til å analysere slike problemstillingar og løyse dei så langt det let seg gjere. Gjennom studiet i samfunnsøkonomi lærer du om slike metodar. Du lærer å strukturere problemstillingar for å finne ut kva som er viktig og kva som ikkje er det. Derfor er samfunnsøkonomar ettertrakta arbeidskraft til mange ulike stillingar - i privat næringsliv, offentleg verksemd og i internasjonale organisasjonar.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi skal innehalde minimum 20, maksimum 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor samfunnsøkonomi eller ein godkjend fagkombinasjon. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.

 

Det første semesteret skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium. Vi rår deg til å studere innføring i samfunnsøkonomi og eit valemne, anten utviklingsøkonomi, bedriftsstrategi og konkurransepolitikk eller organisasjons-

og leiingsøkonomi i tillegg til ex.phil. Tilbodet av valemne kan variere.

 

Dei neste semestra må du sørgje for å få 90 studiepoeng med obligatoriske samfunnsøkonomiske emne (rekkjefølgja avgjer du til ein viss grad sjølv). 70 av desse studiepoenga er obligatoriske, 20 er valfrie innan økonomi. Dei obligatoriske kursa sørgjer for at alle får den nødvendige grunnopplæringa i mikroøkonomi, makroøkonomi og metode (matematikk og statistikk).

Dei valfrie emna tek føre seg mange ulike tema, og gir deg ei anledning til å spesialisere deg innan eit interessefelt:

  • Internasjonal makroøkonomi
  • Miljø- og ressursøkonomi
  • Investerings- og finansieringsteori
  • Bedriftsstrategi og konkurransepolitikk
  • Organisasjon og leiing
  • Velferdspolitikk og offentleg styring
  • Næringsstruktur og internasjonal handel
  • Politisk økonomi
  • Utviklingsøkonomi

Dei siste 60 studiepoenga av bachelorgraden er frie studium, som det ikkje vert stilt krav til samansetjinga av. Forutan økonomiemne, kan du for eksempel ta inn språkemne, naturvitskaplege emne, studium frå utanlandske universitet eller andre samfunnsvitskaplege fag. Du kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium, så lenge det ikkje overlappar med emna i spesialiseringa di.

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vil da sjå slik ut:

 

Semester Emnenamn Emnekode Sp Første semester Ex.phil.
Innføring i samfunnsøkonomi
Utviklingsøkonomi I eller
Bedriftsstrategi og konkurransepolitikk eller
Organisasjons- og ledelsesøkonomi EXPHIL
ECON 100
ECON 115
ECON 160
ECON 162 30 1½ år
spesialisering Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori
Makro I
Matematikk for økonomar ECON 110
ECON 130
ECON 140 30 Velferd og økonomisk politikk
Makro II
Statistikk og økonometri ECON 210
ECON 230
ECON 240 30 Bacheloroppgåve
?
? ECON 290
ECON val
ECON val 30 1 år Valfrie emne 60 TOTALT: 180 studiepoeng (3 år)

sp = studiepoeng

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi har tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av bachelorgraden.

Yrkesvegar

Ei utdanning i samfunnsøkonomi gir god utteljing på arbeidsmarknaden. Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver. Andre arbeider med forsking og undervisning, eller dei blir journalistar, valutahandlarar, eller deltek i formueforvalting i finansinstitusjonar. Mange går etter kvart inn i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvalting. Ein del arbeider utanlands, særleg i internasjonale organisasjonar, i utviklingshjelp og i utanrikstenesta. I det private næringslivet arbeider mange i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industriverksemdene, i oljeselskapa og i konsulentfirma. I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå, ved universitet og høgskolar og i departementa (der dei ofte arbeider i nær kontakt med den politiske leiinga). Med rett samansetjing av fagemne blir du kvalifisert til å undervise i skoleverket.

Vidare studium

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i samfunnsøkonomi. Masterprogrammet gir ei grundig fagleg fordjuping i samfunnsøkonomi gjennom enda fleire spesialiseringsemne og ved skriving av masteroppgåve. Dei analytiske evnene dine blir styrkte gjennom eigeninnsats i form av oppgåveløysing, aktiv deltaking i undervisninga og innlevering av skriftlege arbeid. I tillegg blir den metodiske kompetansen betra, og du blir meir fagleg sjølvstendig.



Forkunnskaper


Generell studiekompetanse eller realkompetanse



Studiepoeng


180





Be om gratis info
Bachelorprogram i samfunnsøkonomi hos Universitet i Bergen
Felt som er merket med * må fylles ut
Ønsket valuta *
Dato og sted *
Kursdeltakere
Hvor mange? (Gavekort)
Kampanjekoden er korrekt og rabatt er lagt til.
Fant ingen kampanje. Skrev du kampanjekoden riktig?
Kampanjekode er korrekt, men kampanjen gir ikke bedre pris enn nåværende kampanje.
Deltaker {{$index+1}}
Filen ble lastet opp
Filen ble fjernet
Laster opp... {{item.upload_progress}}%
{{ file.file.name }} Fjern
{{total_price | fprice}} kr {{currency}}
{{total_price-total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_vat | fprice}} kr {{currency}}
X

MVA per produkt:

{{arr[1]}}
Betalingsmåte *
Number: 1+2 *
Vennligst rett opp følgende og forsøk igjen
{{errors_msg}}
Sender...
Vent til opplasting av fil er ferdig

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg



 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!



Anbefalinger fra andre brukere