Universitet: Profesjonsstudium i samfunnsøkonomi

Universitet i Bergen

Klasserom5 årHeltidUniversitet
Start Sted Språk
Ta kontakt Bergen Norsk



 

Samfunnsøkonomi dreier seg om korleis vi bruker ressursane våre, anten det gjeld naturressursar, arbeidskraft eller produksjonsutstyr. Vi undersøkjer korleis økonomien eigentleg fungerer, både vår heimlege blandingsøkonomi, dei økonomiske tilhøva i andre land og verdsøkonomien. Vi analyserer også utsiktene for å kunne auke verdiskapinga og fordele resultatet på ein meir rettferdig måte, kort sagt: korleis vi kan gjere verda til ein betre stad å vere!

 

Samfunnsøkonomien tek opp problemstillingar som strekkjer seg frå samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon, til kva som ut frå bestemte føresetnader er «rett» billettpris på bussen. Dette er vanskelege og til dels uoversiktlege problemstillingar som ikkje alltid har klare svar. I faget arbeider vi med metodar som er eigna til å analysere slike problemstillingar og løyse dei så langt det let seg gjere. Gjennom studiet i samfunnsøkonomi lærer du om slike metodar. Du lærer å strukturere problemstillingar for å finne ut kva som er viktig og kva som ikkje er det. Derfor er samfunnsøkonomar ettertrakta arbeidskraft til mange ulike stillingar i f.eks. privat næringsliv, offentleg verksemd og internasjonale organisasjonar.

Oppbygging

Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi gir ei sterkare spesialisering i økonomiske fag med meir vekt på metode (matematikk og statistikk) enn det alternative bachelor- og masterprogrammet i samfunnsøkonomi. I profesjonsstudiet følgjer du eit tilrettelagt studieprogram med felles innførings- og spesialiseringsemne.

 

Det første semesteret startar du med å studere emna innføring i samfunnsøkonomi og brukarkurs i matematikk I, i tillegg til ex.phil. Om våren held du fram med innføringsemne i mikroøkonomi og makroøkonomi, og seinare byggjer du på med spesialiseringsemne i økonomi og statistikk.

Studiet inneheld ein del obligatoriske kurs og ein god del valfridom. Dei obligatoriske emna sørgjer for at alle får den nødvendige grunnopplæringa i mikroøkonomi, makroøkonomi og metode (matematikk og statistikk).

 

Dei valfrie emna omhandlar mange ulike tema:

  • Velferdspolitikk og offentleg styring
  • Internasjonal makroøkonomi
  • Investering og finansiering
  • Bedriftsstrategi og konkurransepolitikk
  • Organisasjon og leiing
  • Miljø- og ressursøkonomi
  • Næringsstruktur og internasjonal handel
  • Politisk økonomi

Tretti av studiepoenga, som tilsvarar eit halvt års arbeid, er frie studium. Karakteristisk for dei «frie» studiepoenga er at det ikkje blir stilt krav til samansetjinga av dei. Forutan økonomiemne, kan du for eksempel ta inn språkemne, naturvitskaplege emne, studium frå utanlandske universitet eller andre samfunnsvitskaplege fag. Du kan også ta inn inntil eit halvt års utdanning frå tidlegare studium, så lenge det ikkje overlappar med emna i spesialiseringa di.

 

Dei to siste åra i profesjonsstudiet skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. Det blir lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftlege arbeid, oppgåveløysing og aktiv deltaking i undervisninga. Dette skjer først og fremst gjennom arbeid med ei masteroppgåve, som er ei større vitskapleg rettleia avhandling, men også ved deltaking på ulike kurs og seminar.

Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi vil da sjå slik ut:

Semester Emnenamn Emnekode Sp 1. s Ex.phil
Innføring i samfunnsøkonomi
Brukarkurs i matematikk EXPHIL
ECON 100
MAT 101 10
10
10 2. s Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori
Makroøkonomi I
Vidaregåande matematikk og optimering ECON 110

ECON 130
ECON141 10

10
10 3. s Velferd og økonomisk politikk
Makroøkonomi II
Statistikk og økonometri ECON 210
ECON 230
ECON 240 10
10
10 4. s Valfrie emne
Delstudium i utlandet 30 5. s Økonometri I
Mikroøkonomisk analyse
Valemne ECON 340
ECON 310 10
10
10 6. s Bacheloroppgåve
Valemne
Valemne ECON 290 10
10
10 7. s Valemne i økonomi
Valemne i økonomi
Valemne i økonomi 10
10
10 8. s Makroøkonomisk analyse
Økonometri II
Valemne i økonomi ECON 330
ECON 341 10
10
10 9. og 10. s Masteroppgåve + avsluttande munnleg eksamen 60 Totalt 300

sp = studiepoeng

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi har tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av profesjonsstudiet.

Yrkesvegar

Ei utdanning i samfunnsøkonomi gir god utteljing på arbeidsmarknaden. Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver. Andre arbeider med forsking og undervisning, eller dei blir journalistar, valutahandlarar eller deltek i formueforvalting i finansinstitusjonar. Mange går etter kvart inn i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvalting. Ein del arbeider utanlands, særleg i internasjonale organisasjonar, i utviklingshjelp og i utanrikstenesta. Innan privat næringsliv arbeider mange i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industriverksemdene, i oljeselskapa og i konsulentfirma. I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i Noregs Bank, Statistisk Sentralbyrå, ved universitet og høgskolar og i departementa (der dei ofte arbeider i nær kontakt med den politiske leiinga).



Forkunnskaper


Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Du bør ha matematikkbakgrunn tilsvarande 2MX/2MY.



Studiepoeng


300





Be om gratis info
Profesjonsstudium i samfunnsøkonomi hos Universitet i Bergen
Felt som er merket med * må fylles ut
Ønsket valuta *
Dato og sted *
Kursdeltakere
Hvor mange? (Gavekort)
Kampanjekoden er korrekt og rabatt er lagt til.
Fant ingen kampanje. Skrev du kampanjekoden riktig?
Kampanjekode er korrekt, men kampanjen gir ikke bedre pris enn nåværende kampanje.
Deltaker {{$index+1}}
Filen ble lastet opp
Filen ble fjernet
Laster opp... {{item.upload_progress}}%
{{ file.file.name }} Fjern
{{total_price | fprice}} kr {{currency}}
{{total_price-total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_vat | fprice}} kr {{currency}}
X

MVA per produkt:

{{arr[1]}}
Betalingsmåte *
Number: 1+2 *
Vennligst rett opp følgende og forsøk igjen
{{errors_msg}}
Sender...
Vent til opplasting av fil er ferdig

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg



 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!



Anbefalinger fra andre brukere