Kursguide
Utdanning
Søk

kurs > Sosiologi > Bachelorprogram i sosiologi

Universitet: Bachelorprogram i sosiologi

Universitet i Bergen

Form
Klasserom

Varighet
3 år

Deltid
Nei

Heltid
Ja

Nivå
Universitet


Bookmark and Share
Dette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.
 

Sosiologi er vitskapen om samfunnslivet i vid forstand. Sosiologar studerer relasjonane mellom menneske i små og store sosiale fellesskap: mellom individ, grupper og organisasjonar både på det lokale, nasjonale og globale plan. Sosiologar er opptekne av at menneskelege aktivitetar og handlingar gjerne har eit mønster eller ein struktur som er relativt uavhengig av enkeltindivida. Sosiologar arbeider med å forklare og fortolke korleis menneska blir forma av samfunnstilhøve, samtidig som dei sjølve kan endre desse vilkåra gjennom handlingane og reaksjonane sine. Sosiologiske studium kan dreie seg om alt frå analyse av møte mellom enkeltindivid, til gransking av globale sosiale prosessar.

 

I undervisninga og forskinga i fagmiljøet har dimensjonane kjønn, makt og ulikskap stått sentralt. I tillegg arbeider vi mykje med institusjonell endring, globalisering, livsløp og modernisering. I undervisninga lærer du om aktuelle problemstillingar i forskinga ved instituttet, som f.eks. endringsprosessar i familieliv, utdanning og arbeidsliv, velferdsstat og offentlege omsorgstenester, klassebestemte og etniske relasjonar, og forholdet mellom økonomi og samfunn.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i sosiologi skal innehalde minimum 20 og maksimum 30 studiepoeng med innføringsemne. Vi rår deg til å studere emna invitasjon til sosiologi (SOS100) og samfunnsvitskaplege tenkjemåtar (SV100) i tillegg til ex.phil. det første semesteret. Vidare skal programmet innehalde 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor sosiologi. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.

Du som ønskjer ein bachelorgrad i sosiologi må avleggje eksamen i følgjande emne:

  • Individ og samfunn
  • Samfunnsstrukturar i endring
  • Sosiologiske perspektiv og teoritradisjonar
  • Samfunnsvitskapleg metode

I tillegg må du velje eitt fordjupingsemne, for eksempel:

  • Arbeid under kapitalismen
  • Økonomisk sosiologi
  • Utdanning og samfunn
  • The Scandinavian Welfare Model and Gender Relations
  • Familien i endring
  • Internasjonal migrasjon og etniske relasjonar

Eit sentralt element i spesialiseringa i faget, er planlegging og gjennomføring av ei bacheloroppgåve. Du foreslår sjølv tema for oppgåva, og du vil få rettleiing undervegs i arbeidet.

 

Dei siste 60 studiepoenga av bachelorgraden er frie studium, som det ikkje vert stilt krav til samansetjinga av. Du kan velje emne frå andre fag ved universitetet, eller frå utanlandske universitet. Det er også mogleg å supplere med fleire emne frå sosiologi. Du kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium, under føresetnad av at desse emna ikkje overlappar med emna i spesialiseringa di.

Bachelorprogrammet i sosiologi kan da sjå slik ut:

Første semester Ex.phil.
(10 sp) SOS100
(10 sp) SV100
(10 sp) 1½ år Spesialiseringsfag i sosiologi (90 sp) 1 år Frie fagemne (60 sp) TOTALT: 180 studiepoeng (3 år)

sp = studiepoeng

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Bachelorprogrammet i sosiologi har tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av bachelorgraden.

Yrkesvegar

Sosiologar er kvalifiserte for arbeid med planlegging og iverksetjing av prosjektarbeid, forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd, informasjonsarbeid, personaladministrasjon og organisasjonsutvikling, og forsking og undervisning på universitet og høgskolar. Med rett samansetjing av fagemne blir du også kvalifisert til å undervise i skoleverket. Sosiologar arbeider i den offentlege forvaltinga så vel som i det private næringslivet.

Vidare studium

Bachelorprogrammet i sosiologi kvalifiserer for eit toårig masterprogram i sosiologi. Masterstudiet i sosiologi skal gi solid innsikt i ulike arbeidsfelt innan faget, samt i teoriar og metodar. Du vil få spesialiserte kunnskapar og analytiske reiskapar for undervisning, utgreiings- og forskingsoppgåver, og for arbeid innan administrasjon og planlegging. Dette skjer først og fremst gjennom arbeid med ei masteroppgåve, som er ei større vitskapleg avhandling, men også ved deltaking på ulike kurs og seminar.


Forkunnskaper


Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Studiepoeng


180 Studiepoeng.

Påmelding
Bachelorprogram i sosiologi
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Dato og sted *

Firma

Eventuell referanse

Telefon *

Faks

Fakturaadresse *

Postnummer *

Poststed *

Ønsker bekreftelse per




Kursdeltakere


Deltaker 1

Navn *

E-post *



Kommentarer og spørsmål



Number: 1+2 *
Send Påmelding til Kursholder

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg






 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!


Anbefalinger fra andre brukere



Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook