Høgskole: Ungdomssosiologi
Høgskulen i Sogn og FjordaneUngdomssosiologi er eit utdjupingsstudium for deg som har, eller skal ta, utdanning for yrke der du arbeider med ungdom eller barn.
Dette lærer du
* Auka kunnskap om ungdom sine oppvekstvilkår i eit samfunn prega av raske endringar, både kulturelle, sosiale og materielle tilhøve.
* Sentrale tema er ungdom sett i høve til utdanning, arbeidsmarknad, kjønnsroller og ungdomskulturar.
* Studiet er ein del av Bachelor i Sosiologi-Ungdomssosiologi, og gir deg ei grunnleggjande innføring i sosiologisk/samfunnsvitskapleg tenkjemåte og metode.
Oppbygging av studiet
* Sett saman av fire emne på 15 studiepoeng. Desse kan òg takast separat, og eventuelt brukast saman med andre emne/studium
* Første semester har ei vekes frivillig ekskursjon til Estland
Etterpå...
* Nyttig tillegg til utdanning som barnevernspedagog, sosionom eller andre utdanningar innafor det sosialpedagogiske arbeidsfeltet
* Ungdomssosiologi er eit skulerelevant fag, og studiet kan derfor gå inn i den valfrie delen av den fireårige allmennlærarutdanninga
* Passar som vidareutdanning for lærarar
Studiet kan gå inn som ein del av ein bachelorgrad, til dømes Bachelor i sosiologi ved HSF, og/eller danne grunnlag for vidare studium ved universitet og høgskular.
Forkunnskaper
Vidareutdanning for allmennlærarar, sosionomar, barnevernspedagogar. Studiet kan gå inn som del av ein bachelorgrad.
Studiepoeng
60
Ungdomssosiologi
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!