Universitet: Masterprogram i statistikk - Dataanalyse
Universitet i Bergen
Dersom du skaffar deg ei god verktøykasse av statistiske metodar, kan du bruke desse til å studere data frå så ulike problemstillingar som "Stig den globale temperaturen?", "Aukar kraftlinjer sjansen for kreft?" og "Kva er inflasjonsraten?". Statistikk blir mellom anna brukt til å analysere telekommunikasjonsnettverk, i modellering av epidemiar og i finanslivet og bankar (der kandidatar er sterkt etterspurde). Statistikarar arbeider innanfor industri, forvalting, naturvitskapleg forsking og medisin. Fordi statistikkmetodane er baserte på matematikk, må ein ha god forståing for matematiske metodar.
Oppbygging av studiet
Masterprogrammet i dataanalyse omfattar:
- Eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) med eit omfang på 60 sp. (Ein kan også få korte oppgåver med eit omfang på 30 sp, spesialpensumet blir da auka med 30 sp.)
- Emne/spesialpensum på 60 sp (90 sp ved kort oppgåve) utarbeidd i samråd med rettleiaren
MERK: For å oppnå ein mastergrad i statistikk – dataanalyse må emna STAT201 Generaliserte lineære modellar, STAT210 Statistisk inferensteori og STAT220 Stokastiske prosessar eller tilsvarande vere gjennomført og bestått i løpet av bachelor- eller masterstudiet.
Masteroppgåve
I samråd med rettleiaren vel du ei masteroppgåve som svarer til 60 sp. (Dersom du vil ha ei oppgåve på 30 sp, blir oppgåva først gitt etter at alle kursa er tekne, og oppgåva må skrivast som eit fulltidsstudium i slutten av mastergradsstudiet.) Oppgåva er eit forskingsbasert arbeid som gir deg innsikt i matematisk metodikk og bruk av matematiske metodar i ulike samanhengar. Temaet for oppgåva er avhengig av forskingsinteressene til rettleiaren.
Metode
Masterprogrammet skal gi innsikt i statistisk metodikk og statistiske metodar. Emnet for oppgåva er avgjerande for metoden du nyttar deg av.
Yrkesvegar
Kandidatar med kompetanse i statistikk har hittil ikkje hatt vanskar på arbeidsmarknaden. Dei har mellom anna fått arbeid i oljeindustrien, forsikring, helsevesen, havforsking samt undervisning og forsking ved universitet og høgskolar. Det er stort behov for lærarar med kompetanse i statistikk i den vidaregåande skolen.
Forkunnskaper
Alle bachelorgradar med eit minimum av forkunnskapar i matematikk og statistikk (minimum eitt års omfang og eit karaktersnitt på minst C) som dekkjer kalkulus, lineær algebra, statistikk og statistiske metodar og anten stokastiske prosessar eller inferensteori. Du bør helst ha kunnskapar som svarer til følgjande kurs ved UiB: MAT111, MAT112, MAT121, STAT110, STAT111 og eitt av kursa STAT210/STAT220 (Sjå studentportal.uib.no for detaljar).
Studiepoeng
120 Studiepoeng
Masterprogram i statistikk - Dataanalyse
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!