Høgskole: Kreativ maskinstrikking I og II
Høgskolen i TelemarkMålet med studiet er å gje deg ei grundig innføring i strikkemaskin som reiskap i eige formgjevande arbeid. Du skal verte i stand til å utnytte dei moglegheitene som strikkemaskin som reiskap har og bruke dette i heilskaplege løysingar i produksjon av klede og andre tekstilar.
Delemne:
• Strikke – og saumteknikk
• Teikning
• Mønsterkonstruksjon
• Fagteori
Dei tre første delemna har størst vekting i studiet.
Arbeids- og læringsformer:
Studiet er lagt opp gjennom 6 heile vekesamlingar. Det er obligatorisk deltaking på undervisninga under samlingane. Undervisninga er organisert i forelesingar, seminar, individuell rettleiing og sjølvstudium. Det er lagt opp til at studentane arbeider med faste oppgåver mellom samlingane. Det er difor ein føresetnad at du har tilgang på strikkemaskin som du kan arbeide med heime.
Stedsbeskrivelse
Rauland
Forkunnskaper
Minst eitt år formingsfag på høgskolenivå eller likeverdig kompetanse
Studiepoeng
30
Kreativ maskinstrikking I og II
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!
